Nettsider med emneord «Internasjonalisering» - Side 4

Publisert 19. jan. 2004 09:22

Sidan 1999 og fram til juni 2003 var det stadig store studentdemonstrasjonar i Teheran og i andre byar i Iran. Hovudkrava var demokrati, ytringsfridom og frigjeving av politiske fangar, som reformtilhengjaren Hasjem Aghajari. Seinare har studentprotestane stilna. I november var Uniforum innom Universitetet i Teheran for å få eit klarare bilete av kva som hadde skjedd.

Publisert 5. feb. 2004 10:02

- Så lenge USAs president George W. Bush let oss vera i fred, ser eg lyst på framtidsutsiktene til Iran. Eg ser for meg ei stadig auka tilnærming mellom EU og Midtausten. Det seier sosiologen og teologen, Saied Ameli ved Universitetet i Teheran. Uniforum møtte han i november i fjor.

Publisert 9. feb. 2004 13:46

Norsk Studentunion kritiserer Universitetet i Bergen for å ha levert en liste med informasjon over 500 internasjonale studenter fra land utenfor EU/EØS-området og Nord-Amerika til Politiets sikkerhetstjenete. NSU mener at en slik liste vil bidra til å skape en kollektiv mistenkeliggjøring av internasjonale studenter som gruppe, går det fram av en pressemelding.

Publisert 16. mars 2004 12:59

Boneza Rumvegeri var professor i geologi og rektor ved Universitetet i Goma i Kongo då styresmaktene starta forfylginga av han. Han blei nøydd til å dra til Burundi og seinare til Uganda. Men heller ikkje der kjende han seg trygg. Difor skaffa organisasjonen Scholars at Risk han hausten 2002 forskarasyl ved Noregs geologiske undersøking i Trondheim.

Publisert 17. mars 2004 16:44

25 år sidan Den islamske revolusjonen opplever Iran ein stille revolusjon. Den handlar om korleis skuleflinke kvinner har marsjert inn på dei mest populære studia på universiteta. I dag er 64 prosent av studentane kvinner.

Publisert 25. mars 2004 17:12

Sir Michael Francis Atiyah , University of Edinburgh i Skottland og Isadore M. Singer , Massachusetts Institute of Technology i USA får tildelt Abelprisen for 2004. - Eg synest faktisk eg har fortent prisen, seier Isadore M. Singer til Uniforum på telefon frå California. Han får altså halvparten av prissummen på seks millionar norske kroner.

Publisert 21. apr. 2004 14:49

- Dette studiet har vist oss kor viktig det er med god leiing innanfor høgare utdanning. Det seier Martha Sauri Lütken frå Mérida i Mexico, Ernest Osei Poku frå Kumasi i Ghana og Jianmin Tang frå Xian i Kina. Medan Osei Poku er førsteårsstudent, er dei to kvinnene i ferd med å avslutta det to år lange masterkurset om høgare utdanning ved UV-fakultetet.

Publisert 22. apr. 2004 15:28

To tusen år gammel papyrus fra Egypt, et fragment av Koranen fra 1500-tallet og landets eldste arabiske grammatikk. I Universitetsbibliotekets dunkle arkiver finnes enestående litteratur fra og om Midtøsten. Nå skal godbitene fram i lyset.

Publisert 21. apr. 2004 13:48

Universitetet i Beograd etablerer eit senter for amerikanske studiar med assistanse frå førsteamanuensis Ole Moen ved Institutt for britiske og amerikanske studiar, UiO. - Det er på tide at me får meir kunnskap om USAs utanrikspolitikk og kultur, seier prodekan Dragan Simic ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet.

Publisert 28. mai 2004 10:30

30 av dei 100 forskingsprosjekta ved UiO som søkte om støtte frå EUs 6. rammeprogram fekk positivt svar på søknaden sin. Det er ti prosent over landsgjennomsnittet på 20 prosent. - UiO kan og bør likevel gjera det betre, meiner EU-rådgjevar Ingrid Sogner.

Publisert 9. juni 2004 11:09

- Dei karismatiske rørslene er på sterk frammarsj i Den tredje verda. Det er den mest dramatiske utviklinga som skjer innanfor kristendomen i dag, konstaterer professor i kyrkjehistorie, Berge Furre. I dag inviterer Det teologiske fakultetet til ein internasjonal konferanse om dette temaet.

Publisert 15. juli 2004 12:31

22 000 unge mennesker fra 150 land har siden 1947 vært elever ved Den internasjonale sommerskole. Nytt av året er det at alle kursene ved sommerskolen skal gi uttelling i form av studiepoeng.

Publisert 23. aug. 2004 11:12

Utdannings- og forskningsdepartementet har oppnevnt professor dr. med. Astrid Nøklebye Heiberg som ny leder av Den norske UNESCO-kommisjonen. Nøklebye Heiberg (født 1936) er professor i psykiatri og arbeider ved Universitetet i Oslo.

Publisert 25. aug. 2004 17:21

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit valde å tilbringa halve bryllaupsdagen på seminaret Fattigdom, konflikt og fredsbygging i Georg Sverdrups hus på Blindern. Dei nytta dessutan høvet til å dela ut 440 000 kroner frå Kronprinsparets Humanitære Fond til to av Kirkens Nødhjelps og Norsk Luthersk Misjonssambands prosjekt i Afrika.

Publisert 25. aug. 2004 09:37

Over 300 personar møtte fram for å møta den pakistanske partileiaren Quasi Hussain Ahmad i Helga Engs hus i går. Møtet var roleg heilt til det blei stilt spørsmål om kva han synest om at partiet hans på nettsidene sine går inn for å avretta dei som blir kjende skuldige i homofil praksis. Han blånekta for at det kunne stemma og nekta å svara på spørsmålet.

Publisert 4. okt. 2004 13:13

I dag strir Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet med rekrutteringa. - For å få gjort noko med det, er det viktig at det blir skapt jobbar for alle dei ferdige kandidatane, slår forskingsdekan Anders Elverhøi fast. Difor ynskjer han eit nærare samarbeid mellom UiO og høgteknologisk industri i Oslo-regionen.

Publisert 14. okt. 2004 10:30

- Kuppet gjorde meg til forfattar. Det fortel den chilenske forfattaren Isabel Allende , som trekte nesten fullt hus i BokCafeen i Storsalen i Chateau Neuf 4. oktober.

Publisert 2. sep. 2004 12:24

- Global fattigdom er det største trugsmålet mot verda i dag, ikkje terroraksjonane mot USA den 11. september 2001. Det sa Oslo-bisp Gunnar Stålsett i ein open forelesing på Helga Engs hus under visitasen sin på UiO onsdag 1. september.

Publisert 27. okt. 2004 15:44

- Det er berre mogleg å skapa fred i Colombia den dagen regjeringa kan skapa jobbar og gode sosiale og økonomiske vilkår for folk flest. Før det skjer, vil geriljagruppene og dei paramilitære grupper halda fram med å vinna oppslutnad. Det seier senator og tidlegare viserrektor ved Antioquia-universitetet i Medellin, Carlos Gaviria til Uniforum.

Publisert 7. okt. 2004 14:24

- Birkeland innovasjon kan bli ein reiskap for å betra samarbeidet mellom UiO og næringslivet. Det håpet uttrykte næringsminister Børge Brende då han opna Birkeland innovasjon 5. oktober.

Publisert 13. okt. 2004 15:25

UiOs menneskerettighetspris, Lisl og Leo Eitingers pris , er tildelt professor Theo Van Boven ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Maastricht.

Publisert 7. okt. 2004 13:26

Førstkommende lørdag overtar UiO-professor Gunnar Tellnes formannsvervet i den europeiske folkehelseforeningen EUPHA. Tellnes er både professor og seksjonsleder ved Institutt for allmenn- og samfunnsmedisin ved Universitetet i Oslo, og leder av EUPHA i Norge (Norsk forening for samfunnshelse). Dette markerer avslutningen av EUPHAs konferanse om urbanisering og helse i Oslo denne uken.

Publisert 27. okt. 2004 15:07

- I Bosnia er det en møysommelig prosess å få folk til å tro at politikken skal løse problemer og gi dem mulighet til å straffe politikere som ikke gjør den jobben de har lovt å gjøre ved ikke å gjenvelge dem. Dette er nemlig et land uten demokratiske tradisjoner, sier Anne Julie Semb, post.dok ved Institutt for statsvitenskap. Hun er nylig kommet hjem etter en ukes studietur til Bosnia-Hercegovina sammen med tjue studenter fra det tverrfaglige masterprogrammet Peace and Conflict Studies ved UiO.

Publisert 19. nov. 2004 15:23

Den indonesiske menneskerettsaktivisten Munir er snikmyrda med arsenikk. Han var ein av dei viktigaste kontaktpersonane til professor Olle Törnquist ved Institutt for statsvitskap. - Eg er både djupt sjokkert og rasande, seier Törnquist til Uniforum.

Publisert 2. nov. 2004 13:22

I 50 år har fysikarar frå 80 land og 500 universitet frå heile verda kome saman ved Det europeiske laboratoriet for partikkelfysikk (CERN) for å få testa ut teoriane sine i praksis. Forskinga på CERN har resultert i to Nobelprisar i fysikk og i verdsveven. Den 19. oktober feira laboratoriet 50-årsjubileet med Frankrikes president Jaques Chirac og Spanias kong Juan Carlos som dei mest kjende gjestene. Uniforum har besøkt partikkelfysikarane sitt tempel i Genève.