Nettsider med emneord «HF: nytt institutt for språk»

Publisert 18. nov. 2010 11:47

Om ikkje det er mogleg å be om meir, så kunne Teknisk avdeling kanskje ha gjort eit unntak for internhusleiga i jubileumsåret 2011. Då er jo målet at det skal vera masse liv og aktivitetar på Blindern og på resten av universitetsområdet.

Publisert 18. nov. 2010 11:10

Lingvistikkprofessorane Hanne Gram Simonsen og Elizabeth Lanza  meiner UiO tar seg for godt betalt for leige av lokale til konferansar. – Det er for dyrt, spesielt når me er blitt oppfordra til å takka ja til internasjonale konferansar i jubileumsåret 2011, seier dei.

Publisert 22. feb. 2010 10:01

200 søknader frå heile verda kom inn då det blei lyst ut inntil åtte stipendiatstillingar på det tverrfakultære forskingsfeltet KULTRANS.  Bodhisattva Chattopadhyay frå India skal skriva om science fiction-litteraturen frå kolonitida i India, medan Sabiha Huq frå Bangladesh skal skriva om Ibsens Peer Gynt.  

Publisert 30. apr. 2008 10:53

Arbeidslivsrelevansprosjektet ved Det humanistiske fakultetet på UiO blei tildelt andreplassen då Kunnskapsdepartementets utdanningskvalitetspris for 2007 blei delt ut i går. - Dette er fantastisk flott, seier Helga Reiss i studieseksjonen ved HF til Uniforum. Prisen er på 300 000 kroner.

Publisert 5. feb. 2008 09:56

En arbeidsmiljøundersøkelse viser at de fleste sider av arbeidsmiljøet ved Det humanistiske fakultet ved UiO er meget bra eller helt på linje med situasjonen i sammenlignbare norske organisasjoner. Samtidig har fakultetet klare utfordringer innen sosial samhandling. Det er første gang HF har gjennomført en omfattende arbeidsmiljøundersøkelse, går det fram av ei pressemelding fra HF.

Publisert 25. apr. 2007 15:25

To nordmenn har rullet opp og konservert 200 papyrusruller fra den romerske ruinbyen Herculaneum. Nå har de vært i Paris for å lære bort kunnskapen sin.

Publisert 15. apr. 2007 23:21

ILOS vil kutte stillinger i de kommende fire årene, men setter ellers sin lit til økt pengestøtte fra HF-fakultetet. Arbeidsgruppen la fram langtidsplan for 2007-10 med harde spareforslag på ILOS' allmøte fredag 13. april.

Publisert 22. mars 2007 12:48

- Først rett etter påske blir det lagt fram eit forslag til i kva rekkjefylgje ledige stillingar ved Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk (ILOS) skal lysast ut. Det presiserer fungerande instituttleiar Karen Gammelgaard overfor Uniforum. Det er altså ikkje avgjort, slik Uniforum kom i skade for å skriva på førstesida i avisa i dag. Uniforum seier seg lei for feilen.

Publisert 22. mars 2007 09:11

Studentane får færre emne å velja mellom når Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk (ILOS) skal kvitta seg med eit samla underskot på 6,9 millionar kroner for 2005 og 2006. Rett etter påske blir det lagt fram forslag om i kva rekkjefylgje ledige stillingar skal lysast ut. Ei arbeidsgruppe analyserer no årsakene til underskotet.

Publisert 10. jan. 2007 13:20

Universitetsstyret har tilsett Anne Ma Eide i fast stilling som fakultetsdirektør ved Det humanistiske fakultetet etter at ho har vikariert for Inge Øystein Moen sidan november 2005.

Publisert 4. mai 2006 13:51

Jo flere fremmedspråk man behersker, jo bedre sikrer man morsmålet, mener Vigdís Finnbogadóttir. Hun er UNESCOs goodwillambassadør for verdens språk og skal passe på at flest mulig av verdens 6000 talte språk overlever.

Publisert 4. mai 2006 09:45

Gamalnorsk homiliebok frå 1200-talet er ein av dei eldste norrøne tekstane som me kjenner til. Boka inneheld preiker frå norrøn mellomalder. Neste veke er boka tema for eit tverrfagleg seminar som Mellomalderstudiar ved UiO og Menighetsfakultetet arrangerer. Inititativtakarar er professor i norrøn mytologi Gro Steinsland og førsteamanuensis Jan Schumacher på MF.

Publisert 17. jan. 2006 15:34

I Nederland krev universiteta at alle forskarar som publiserer ei vitskapleg avhandling på engelsk også må skriva eit samandrag på nederlandsk og omvendt. - Det kan bli aktuelt for oss å tilrå ei liknande ordning ved UiO, seier professor Helge Hveem til Uniforum. Han leier UiOs utval for språkpolitikk, som neste veke sender ut eit spørjeskjema til fast tilsette og studentar ved UiO for å kartleggja språkbruken og språkhaldningane deira.

Publisert 16. des. 2005 13:30

Postdoktor Vibeke Roggen er tatt opp i Akademiet til fremje av latinen i Roma ( Academia Latinitati Fovendae ). - Dette er svært morosamt, for er det noko eg brenn for så er det å spreia interessa for latinen. Difor er det ei stor ære for meg å bli tatt opp i dette akademiet, seier Vibeke Roggen til Uniforum.

Publisert 14. des. 2005 09:30

Det humanistiske fakultetet har avgjort å venta med å be Universitetsstyret leggja ned bachelorprogrammet i vesteuropeiske mellomalderstudium til det er avklart korleis ressurssituasjonen blir. - Dette kan gjerast i ro og mak i vårsemesteret 2006, opplyser studiedekan Tor Egil Førland til Uniforum.

Publisert 6. des. 2005 13:27

EU gav denne månaden klarsignal til ei løyving på 16 millionar kroner (1,9 millionar euro) til utvikling av det store digitale omsetjingsprogrammet "Eye to IT." Franskprofessor Antin Rydning, UiO, leier den norske delen av prosjektet. Oppgåva går ut på å forska på arbeidsprosessen til ein omsetjar frå han eller ho ser ein tekst til teksten blir omsett til eit anna språk. Resultatet kan bli utvikling av endå meir avanserte omsetjingsprogram.

Publisert 1. des. 2005 15:26

Nordisk på UiO har eit høgt nivå i litteratur, men held eit heller ujamt nivå i språk. Det er hovudkonklusjonen i ei evaluering av nordiskfaget som er gjort på oppdrag frå Noregs forskingsråd. - Det er både naudsynt og nyttig for alle fag å bli sett utanfrå og bli evaluerte ut frå internasjonale, kritiske standardar, synest instituttleiar Hanne Gram Simonsen og assisterande instituttleiar Per Thomas Andersen.

Publisert 28. sep. 2005 11:40

Historieprofessor Jorunn Bjørgum og filosofiprofessor Bjørn Ramberg er begge instituttleiarar på HF. Men Jorunn Bjørgum er den einaste som er valt, medan Bjørn Ramberg er ein av seks tilsette instituttleiarar. Uniforum har snakka med begge to.

Publisert 30. juni 2005 16:04

Eitt år etter vedtaket om samanslåing er samlokaliseringa av dei sju nye institutta på HF i ferd med å bli realisert. Denne veka kom flyttinga av 400 tilsette med portefølje for alvor i gang. Medan nokon flyttar frå den eine enden av campus til den andre, er det andre som flyttar opp eller ned eit par etasjar i Nils Treschows hus.

Publisert 17. feb. 2005 15:05

Fem av dei sju nye institutta på HF har fått tilsette instituttleiarar. Det er klart etter at Universitetstyret måndag 14. februar vedtok tilrådinga frå fakultetsstyret. Ved Institutt I blir det truleg val på ny instituttleiar i løpet av kort tid. For Institutt VII er det enno ikkje funne kvalifiserte leiarkandidatar. Dermed blir stillinga lyst ut på nytt.

Publisert 17. feb. 2005 14:46

Dei sju institutta på HF har fått erstatta talnamna med meir forståelege namn. Det er klart etter at Universitetsstyret gav den endelege velsigninga si måndag 14. februar.

Publisert 15. feb. 2005 12:18

HF-fakultetet ved Universitetet i Oslo er rangert som verdas sekstande beste humanistiske fakultet i utdanningsbilaget til avisa The Times frå 4. februar. I Europa ligg HF på femteplass medan det blir rekna som det beste humanistiske fakultetet i Norden. - Dette er flott og eg sender mine beste gratulasjonar, seier rektor Arild Underdal til Uniforum.

Publisert 10. feb. 2005 14:21

Dei sju institutta på HF har fått erstatta talnamna med meir forståelege namn. Universitetsstyret skal gjera endeleg vedtak i namnesaka på måndag etter at fakultetsstyret ved HF kom med si tilråding onsdag 2. februar.

Publisert 20. jan. 2005 10:22

Det historisk-filosofiske fakultet skal heretter hete Det humanistiske fakultet . På engelsk lyder det: Faculty of Humanities. Navnevalget gjør at den godt innarbeidede forkortelsen HF kan beholdes.

Publisert 29. nov. 2004 15:19

I alt 27 søknader var kommet inn til de 7 stillingene som instituttledere ved søknadsfristens utløp tirsdag 16.11. Det var 10 eksterne søkere. Til institutt VI var det kun én søker, mens det til institutt IV var hele 8 søkere, melder HF-aktuelt.