Nettsider med emneord «Forskingspolitikk» - Side 3

Publisert 20. aug. 2014 16:15

I løpet av eitt år har pedagogikkprofessor Svein Sjøberg publisert 62 artiklar i norske og utanlandske aviser og tidsskrifter. – Ingen av dei finst mellom dei 40 medieklippa til Institutt for lærarutdanning og skuleforsking. Eg blir sensurert, meiner Sjøberg.

Publisert 20. aug. 2014 16:23

– Svein Sjøbergs innsats og engasjement synest å vera godt representert, opplyser instituttleiar Rita Hvistendahl ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking i ein kommentar til påstandane frå Sjøberg om at han blir sensurert og oversett.

Publisert 29. aug. 2014 16:30

– Språksamlingane og museumssamlingane treng ein spesialsydd finansieringsmodell. Det meiner Venstre-leiar Trine Skei Grande er blitt endå klarare etter at språksamlingane er i ferd med å bli skvisa ut av UiO.

Publisert 12. sep. 2018 15:23

Universitetsstyret vedtok  i dag eit revidert mandat for vitskapsomboda ved UiO. Dermed kan dei to stillingane snart  lysast ut internt.

Publisert 9. feb. 2016 16:46

Finn-Eirik Johansen (50) blir direktør for UiO:Livsvitskap. Det vedtok Universitetsstyret i dag. Han kjem frå stillinga som instituttleiar på Institutt for biovitskap ved UiO.

Publisert 24. okt. 2011 15:33

UiO støttar ikkje ei kanalisering av driftsmidlar til dei mest aktive forskarane på universiteta og høgskulane. Derimot synest universitetet at framlegget om ein open forskingsarena bør vurderast å utvikla vidare. Det går fram av høyringsteksten frå UiO til Fagerbergsutvalet si utgreiing om framtidas forskingsfinansiering.

Publisert 2. des. 2015 11:18

Universitetet i Bergen og Helse Bergen må ut med meir enn 3 millionar kroner etter å ha tapt fullstendig mot Amund Gulsvik i retten. I tillegg har dei tapt eigarskap til kring 8,7 millionar kroner dei meinte var deira.

Fire menn står i samtale i eit laboratorium
Publisert 21. okt. 2022 11:12

I mai kravde UiO 100 millionar i kompensasjon dersom Statsbygg ville tvinga forskingsmiljø på  OD ut av lokala som dei deler med FHI i Lovisenberggata 6. – Det håpar eg me finn ei grei løysing på, sa forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe under eit besøk på Det odontologiske fakultet torsdag.

Portrett av ein mann
Publisert 11. mars 2024 22:23

– No går marsjordren til alle landets universitet og høgskular. Dei har ein jobb å gjere med å sette seg inn i nye reglar, tilpasse seg den nye lova og samkøyre praksis på tvers av institusjonane. Det seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel. 

Publisert 16. nov. 2018 21:33

– Folkehelseinstituttet (FHI) har inga interesse av at spisskompetansen til Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) skal smuldra opp og forsvinna. Tvert om. Det er viktig for FHI at samfunnet har slik kompetanse, anten den finst utanfor eller innanfor FHI, seier  direktør Camilla Stoltenberg til Uniforum.

Publisert 11. des. 2015 09:55

Kvinnelege professorar rapporterer at dei er sosialt isolerte og fagleg marginaliserte.

Publisert 6. jan. 2016 15:58

Fleire einingar i universitets- og høgskulesektoren kan bli slått saman til eitt stort forvaltingsorgan for høgare utdanning. Det foreslår Gjedrem-utvalet som la fram tilrådingane sine i ettermiddag.