Nettsider med emneord «Fakultetene»

Publisert 15. des. 2010 16:12

Teologiens grunnleggende antagelse er at de religiøse kildene og den religiøse erkjennelse gir kunnskap som kan benyttes for å oppnå innsikt om virkeligheten. Dette er vesensforskjellig fra de sekulære vitenskapene. Teologien står derfor alene.

Publisert 8. sep. 2010 13:46

Dersom fagavdelingene i sentraladministrasjonen gis formelle styringsfullmakter overfor fakultetene, vil rammebetingelsene for den faglige ledelsen av fakultetene bli endret i betydelig grad. Fakultetene vil da formelt bli underordnet en voksende administrasjon.

Publisert 24. nov. 2010 11:08

Studiet av Gud er grunnleggende uvitenskapelig fordi empirien er fraværende. Derfor hører heller ikke utdanningen av trosforkynnere hjemme på en vitenskapelig institusjon.

Publisert 24. nov. 2010 10:21

Få ville tatt til ordet for at studiet av kommunismens betydning best utføres av troende kommunister på et eget kommunistisk fakultet. Det er i realiteten dette dekan Trygve Wyller argumenterer for i sitt forsvar for teologien.

Publisert 6. juni 2002 09:31

30 offiserar frå det norske forsvaret skal frå januar 2003 setja seg på skulebenken for å læra om kultur og konfliktar ved Institutt for kulturstudiar ved UiO. - Forsvaret må no forlata det gamle fiendebiletet, og difor må offiserane læra seg å tenkja på ein ny måte, seier instituttstyrar Knut Aukrust.

Publisert 18. juni 2002 13:16

- Vi har nettopp vært på kurs i eskebretting. Nå har vi lært oss alle papp-triksene, forsikrer bestyrer ved Psykologisk institutt, Fanny Duckert. Etter mer enn 30 år på Blindern flytter instituttet til Forskningsveien 3 i Gaustadbekkdalen. I sommer går flyttelasset, men med på det er ikke laveregradsstudentene - de må vente til 2005.

Publisert 16. des. 2002 14:01

Professor i idéhistorie, Jan Erik Ebbestad Hansen er tildelt HFs formidlingspris for 2002. Han har fått prisen for det tre bind store verket Norsk tro og tanke .

Publisert 14. mars 2003 10:22

Studenten skal studerast, analyserast, observerast og bli sett under lupa under Humanioradagane 2003. - Kvalitetsreforma gjer at studenten på nytt er i støypeskeia, seier Jan Eivind Myhre som leiar humaniorakomiteen ved HF-fakultetet.

Publisert 22. aug. 2003 14:08

- UiO kunne ha unngått virusangrep om fakultet og institutt hadde fylgd rådet vårt om å tetta igjen sikringshol og oppgradera sikringa på maskinene sine. Difor er me svært skuffa, seier fungerande IT-direktør Lars Oftedal til Uniforum.

Publisert 2. sep. 2003 17:17

Bibliotek for humaniora og samfunnsfag i Georg Sverdrups hus stengjer dørene for publikum frå onsdag 3. september og fram til 1. oktober. Årsaka er faren for at fleire takplater vil falla ned over lesesalsplassane. - Me håpar det likevel skal bli mogleg å låna ut bøker, seier overbibliotekar Randi Rønningen. Undervisningsromma auditoria, foajeen og kafeane i Georg Sverdrups hus vil framleis vera opne.

Publisert 3. okt. 2003 10:36

Arne Worren, som er pensjonert professor i spansk ved UiO, fekk torsdag 2. oktober tildelt Bastian-prisen for omsetjinga si av klassikaren Don Quijote av den spanske forfattaren Miguel de Cervantes. Bastianprisen er Norsk Oversetterforenings pris for framifrå omsetjing av eit skjønnlitterært verk.

Publisert 21. okt. 2003 13:39

Bibliotek for humaniora og samfunnsvitskap i Georg Sverdrups hus er opna igjen etter at det i over ein månad har vore stengt etter at fleire takplater fall ned over nokre av lesesalsplassane.

Publisert 16. jan. 2004 10:35

Det kan bli sju i staden for tolv institutt ved HF-fakultetet. - Dette vil gi betre forskingsleiing og meir økonomisk robuste einingar enn i dag, argumenterer dekan Bjarne Rogan, som har sete i arbeidsgruppa som har lagt fram forslaget.

Publisert 21. jan. 2004 11:12

- Hemn over gjerningsmannen er ikkje den første innskytinga til pårørande til eit offer. Det er langt viktigare å få svar på kvifor han gjorde den kriminelle handlinga. Det sa professor i kriminologi, Nils Christie då Universitetsforlaget lanserte boka hans "En passelig mengde kriminalitet" måndag 19. januar.

Publisert 11. feb. 2004 10:28

HF-dekan Bjarne Rogan har bede dei 35 tilsette ved prosjektet Norsk Ordbok om å flytta ut av Henrik Wergelands hus og til Veilaboratoriet i Gaustadbekkdalen. - Det vil føra til oppsplitting av eit miljø som naturleg høyrer saman, seier ein forarga prosjektdirektør Kristin Bakken.

Publisert 26. jan. 2004 11:21

HF-dekan Bjarne Rogan fekk berre støtte frå to av dei 16 personane som tok ordet under allmøtet om forslaget til ny instituttstruktur fredag 23. januar. - Eg veit at eg likevel har støtte frå mange av dei tilsette, sjølv om få av dei tok ordet, sa Bjarne Rogan.

Publisert 10. feb. 2004 14:19

- Eg spår opprør på HF om ikkje dekanatet trekkjer forslaget sitt til ny instituttstruktur. Det seier instituttleiar Hans H. Skei ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap. Han var sjølv med i arbeidsgruppa som la fram forslaget, men no angrar han seg.

Publisert 12. mars 2004 11:42

- Dekan Bjarne Rogan må ta omsyn til motstanden og gravleggja planane om å fusjonera institutt ved HF-fakultetet. Det krev dei fire instituttleiarane Jan Ole Askedal, Christopher Prescott, Helge Pharo og Hans H. Skei i ei felles fråsegn.

Publisert 18. mars 2004 09:34

- Å stoppe prosessen nå, er det verste som kan skje. Nå gjelder det å gå konstruktivt inn i debatten og sørge for et best mulig vedtak til høsten.

Publisert 30. mars 2004 15:50

Alle dei tilsette ved Norsk Ordbok 2014 må flytta til Veglaboratoriet. Dei får fylgje av dei tilsette ved Seksjon for leksikografi og målføregransking, Seksjon for namnegransking, Dokumentasjonsprosjektet og delar av HFs fakultetssekretariat. Flyttinga skal vera gjennomført i løpet av sommaren.

Publisert 4. apr. 2004 18:54

- Den 1.april fekk eg det første brevet som stadfesta at HF-leiinga har bestemt at vår seksjon skal flyttast til Veglaboratoriet. Ingen har spurt oss om kva me meiner om dette. Det vil eg kalla for ei svært kritikkverdig handsaming, seier leiar for Seksjon for leksikografi og målføregransking , Ruth Vatvedt Fjeld. Ho får støtte i kritikken sin frå Kristoffer Kruken, som er leiar for Seksjon for namnegransking som også må flytta ut av P.A. Munchs hus.

Publisert 16. apr. 2004 14:57

Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi ved Det odontologiske fakultetet tok denne veka i bruk verdas mest moderne CT-skanner på ein tannlegeinstitusjon i Vesten. Dette avanserte røntgenapparatet til fem millionar kroner tar bilete av ansikt- og kjevepartiet til pasientane og moglege svulstar er ein av tinga som kan oppdagast tidlegare og lettare enn før, opplyser professor Tore A. Larheim til Uniforum.

Publisert 22. sep. 2004 16:50

Det historisk-filosofiske fakultetet skal lysa ut stillingane som instituttleiarar for dei sju nye institutta. Det er klart etter at fakultetsstyret onsdag 22. september med seks mot tre stemmer vedtok å be om at Universitetsstyret kunngjer desse stillingane.

Publisert 14. sep. 2004 10:50

HF-leiinga ynskjer å lysa ut stillingane som instituttleiar eksternt og vil tilsetja dei før dei sju nye institutta har fått på plass eit styre. No ber dei fakultetsstyret om å vedta dette i møtet onsdag 22. september. - Av alt det me har opplevd av innspel frå fakultetsleiinga, tar dette kaka, seier professor i gresk, Øivind Andersen .

Publisert 23. sep. 2004 09:39

15 reinhaldarar ved Det odontologiske fakultetet protesterer mot planen om å splitta dei og tilby enkelte av dei jobb andre stader ved UiO. - Dette er eit klart brot på Hovudavtalen, meiner NTL-leiar Anita K. Solhaug . - Ingen av oss ynskjer å forlata den arbeidsplassen me har hatt i 15 år, seier tillitsvalt Ellen Johansen (biletet).