Nettsider med emneord «Akademisk fridom»

Publisert 18. des. 2020 16:44

Me reknar med at den norske regjeringa også sender ein protest til dei iranske styresmaktene for å hindra avretting av Ahmadreza Djalali.  Og at den kan oppfordra alle EU-landa til å gjera det same, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

Publisert 21. juni 2021 04:30

Statsråd Henrik Asheim har stor tru på at UiO veit kva det gjer når det inngår samarbeid om å etablera eit senter med Fudan University frå Kina. Det kjem fram i eit svar til Roy Steffensen (FrP), leiar for Utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget.

Publisert 27. aug. 2021 11:00

– Eg ynskjer alltid å seia ja når eg blir spurt om å hjelpa til, om eg trur eg kan bidra. No er eg både jurist og har arbeidd mykje med ytringsfridom, og har vore ei lang stund i akademia. Det er grunnane Anine Kierulf  gir opp, for kvifor ho sa til å leia eit utval som skal sjå på moglege lovendringar for å styrkja ytringsfridomen i akademia.

Portret av ein mann med skjegg og briller
Publisert 2. sep. 2021 18:17

Forskarar på  Senter for ekstremismeforsking på UiO har opplevd både trakassering og trugsmål via epost og sosiale media.  Det opplyste nestleiar Anders Ravik Jupskås i ein debatt om akademisk ytringsfridom på minifestivalen til UiO i dag.

Ein mann med briller sit i ein festsal
Publisert 22. sep. 2021 23:13

Scholars at Risk Norway feira i går  tiårsjubileet i Gamle festsal på Universitetet i Oslo. I salen sat både Raha Sabet Sarvestany frå Iran og Bernard Nthahiraja (biletet) frå Burundi, to av dei forfylgde forskarane som får vern på universitet i Noreg.

Portrett av ein mann
Publisert 10. nov. 2021 15:07

Den svensk-iranske eksperten i katastrofemedisin Ahmadreza Djalali er tildelt prisen “Courage to Think Award ” frå organisasjonen Scholars at Risk. Sidan 2016 har han sete fengsla i Iran der han i 2017 blei dømt til døden for påstått spionasje.

Portrett av ein mann med briller og dress
Publisert 11. nov. 2021 04:30

– Når det gjeld brot på akademisk fridom, er sjølvsagt det mest alvorlege det som skjer i Ungarn med presset mot Det europeiske universitetet og lagnaden for kjønnsstudiar. Det seier Jan Palmowski, generalsekretær i The Guild til Uniforum.

Bilete av ein skulptur på campusen til Univerisity of Hong Kong
Publisert 7. jan. 2022 04:30

Universiteta kan i fellesskap organisera eit felles tiltak under paraplyen “Kunstverk i fare” etter modell av “Scholars at Risk” og “Students at Risk”. Truleg vil det bli behov for slike redningsaksjonar for omdiskuterte kunstverk, ikkje berre frå Hongkong, men også frå andre stader der autoritære regime er på frammarsj.

To menn og tre kvinner sit rundt eit bord
Publisert 14. mars 2022 19:12

Mange kjønns- og innvandringsforskarar unngår å seia noko offentleg om rasisme og kjønnsidentitet. Det viser ei undersøking forskarar frå Institutt for samfunnsforsking har gjort på oppdrag frå Fritt Ord.

Publisert 1. apr. 2022 18:48

Sundag skal folket i Ungarn bruka røysteretten for å avgjera om statsminister Viktor Orbán og partiet hans Fidesz får halda fram med regjeringsmakta i fire år til. Ungarske akademikarar spår valsiger til den sitjande ultrakonservative regjeringa.

Fleire personar både menn og kvinner protesterer i Budapest
Publisert 4. apr. 2022 16:20

Når den akademiske ytringsfridomen også er truga i nærområda våre i Europa, er det jobben vår i Uniforum å få det fram i lyset. For utan akademisk ytringsfridom blir eit land aldri ein demokratisk rettsstat. 

Portrett av ein mann som sit i ein sofa
Publisert 3. mai 2022 04:30

Uavhengige forskarar i Ungarn er blitt så uavhengige at dei har takka nei til bidrag frå det statskontrollerte vitskapsakademiet. No har dei starta eigne forskaralliansar. Uniforum har møtt juristen Viktór Lörincz og sosiologen Marie Heller.

Publisert 18. mai 2022 15:43

Onsdag 25. mai vert det sett opp ein versjon av "Skamstøtta" frå Hongkong-universitetet i Universitetshagen på UiO i sentrum.  Skulpturen er til minne om massakren på Den himmelske freds plass i Beijing 4. juni 1989.

Portrett av ein mann
Publisert 16. mai 2022 17:17

Den dødsdømte svensk-iranske forskaren Ahmadreza Djalali har sete i Evin-fengselet i Iran sidan han blei arrestert i 2016. No melder iranske styresmakter at han kan bli avretta førstkomande laurdag, men vurderer ei utsetjing. – Dette er gisseltaking og utpressing, seier Karolinska-rektor Ole Petter Ottersen.

Publisert 24. mai 2022 17:54

Onsdag 25. mai klokka 13.30 vert "Skamstøtta" reist i Universitetshagen til minne om massakren på Den himmelske freds plass i Beijing i 1989. 

Ein universitetsbygning i Budapest
Publisert 15. aug. 2022 04:30

Det sentraleuropeiske universitet i Budapest valde å flytta til Wien. Grunnen var at den ungarske regjeringa ville nekta universitetet retten til å dela ut vitnemål til studentar i Ungarn. Uniforum har besøkt det gamle hovudkvarteret.

Publisert 16. aug. 2022 18:17

Toleranse og mangfald må inn i Grunnlovas paragraf 1oo. Det bør opprettast eit eige ytringsfridomsråd for internett, og det må gjerast tiltak som kan sikra retten til offentleg innsyn betre enn i dag.  Det er nokre av forslaga Ytringsfridomskommisjonen la fram i går.

Portrett av ein mann
Publisert 24. aug. 2022 16:54

Belgiske styresmakter har inngått ein avtale med Iran som går ut på at ein iransk agent skal kunne utvekslast med fangar i iranske fengsel, mellom dei truleg svensk-iranaren Ahmadreza Djalali. Det opplyser fleire media.

Publisert 10. mars 2023 04:30

– Uansett kor mykje du har sett det på fjernsynsskjermen, så viser det berre ein bitte liten del av storleiken på desperasjonen, øydeleggingane, tapa og sorga. Det finst ikkje ord som kan skildra det, seier den tyrkiske TV-produsenten Güldenay Sonumut. Både ho og kollegaen Nida Kara trur jordskjelvet kan få fylgjer for presidentvalet i mai.

Publisert 15. mars 2023 12:37

– Å visa fram kor avhengig demokratiet og universitetet er av kvarandre, er viktig for å sikra at Noreg i åra framover også skal vera ein demokratisk stat, slo  studentleiar Oline Sæther fast under lanseringa av UiO:Demokrati i går. 

 

Portrett av ei kvinne
Publisert 2. okt. 2023 19:22

– Kritikk frå oppdrettsnæringa fekk lakselusforskarar til å be om å få andre oppgåver. Det fortalde Kikki Kleiven, direktør for Bjerknessenteret for klimaforsking i ein debatt om vilkåra for akademisk fridom i Noreg.

Publisert 3. nov. 2023 11:03

– Då me endeleg kom til Bangkok kunne me skåla for fridomen, seier Aung Soe Htet, forskar, og i 14 år tilsett under ulike helseministrar i Myanmar. – Feiringa starta litt for tidleg, fortel Espen Bjertness som henta kollegaen på grensa mellom Myanmar og Thailand. 

Portrett av ein mann
Publisert 15. nov. 2023 15:13

Det var 169 akademikarar og studentar som anten blei drepne, opplevde valdelege åtak eller blei bortførte frå 1. juli  2022 til 30. juni 2023. Til saman var det i denne perioden 409 åtak på universitet i 66  land. 

Publisert 3. jan. 2024 15:33

Både konstituert rektor Tor Grande og dekan Monika Rolfsen ved Fakultet for økonomi vil søkja den ledige jobben som NTNU-rektor.  

Publisert 3. jan. 2024 12:29

Harvard-rektor Claudine Gay går av etter plagiatavsløringar og etter å ha kome med uheldige kommentarar om antisemittisme.