Nettsider med emneord «Akademisk fridom»

Publisert 21. feb. 2024 15:07

– Då rektor Anne Borg gjekk av, ville instituttet mitt ha eit eige seminar om ytringsfridom og om kor viktig det er å ytra seg.  Før ho hadde dolka oss i ryggen, fekk me kritikk frå instituttet. Det sa NTNU-forskaren Jonas Kristiansen Nøland i ein debatt på UiO i går. 

Storsal i Trondheim full av folk som sit rundt bord og debatterer akademisk ytringsfridom
Publisert 14. jan. 2024 21:54

Laurdag kveld møtte konstituert rektor Tor Grande, sosiologiprofessor Aksel Tjora og førsteamanuensis Jonas Kristiansen Nøland på Samfundsmøte for å ha ein samtale om akademisk ytringsfridom på NTNU.

Publisert 4. jan. 2024 16:19

Den akademiske fridomen og truverdet til universiteta blir tatt best vare på gjennom ei ordning med valde rektorar. Då må kandidatane visa ansikt og fortelja kva visjonar dei har for universitetet for å kunne bli valde av dei tilsette og studentane på institusjonen. 

Publisert 3. jan. 2024 15:33

Både konstituert rektor Tor Grande og dekan Monika Rolfsen ved Fakultet for økonomi vil søkja den ledige jobben som NTNU-rektor.  

Publisert 3. jan. 2024 12:29

Harvard-rektor Claudine Gay går av etter plagiatavsløringar og etter å ha kome med uheldige kommentarar om antisemittisme. 

Portrett av ein mann
Publisert 15. nov. 2023 15:13

Det var 169 akademikarar og studentar som anten blei drepne, opplevde valdelege åtak eller blei bortførte frå 1. juli  2022 til 30. juni 2023. Til saman var det i denne perioden 409 åtak på universitet i 66  land. 

Publisert 3. nov. 2023 11:03

– Då me endeleg kom til Bangkok kunne me skåla for fridomen, seier Aung Soe Htet, forskar, og i 14 år tilsett under ulike helseministrar i Myanmar. – Feiringa starta litt for tidleg, fortel Espen Bjertness som henta kollegaen på grensa mellom Myanmar og Thailand. 

Portrett av ei kvinne
Publisert 2. okt. 2023 19:22

– Kritikk frå oppdrettsnæringa fekk lakselusforskarar til å be om å få andre oppgåver. Det fortalde Kikki Kleiven, direktør for Bjerknessenteret for klimaforsking i ein debatt om vilkåra for akademisk fridom i Noreg.

Portrett av ei kvinne
Publisert 31. aug. 2023 14:08

– Også den akademiske fridomen er under press i demokratiet Israel, seier dekan Gili Drori ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet på the Hebrew University i Jerusalem.

Publisert 26. apr. 2023 04:30

– Alle universiteta i Tyrkia er no kontrollerte av rådet for høgare utdanning. Derfor er autonomien til universiteta avgrensa, fortel Erkan Saka på Istanbul Bilgi University. Men Süleyman Irvan på  Ûsküdar Unversity nektar likevel å driva med sjølvsensur.

Portrett av ei kvinne
Publisert 13. apr. 2023 04:30

– Sjølv om eg er frikjent for alle skuldingar om støtte til terrorisme, har ingen enno opna døra tilbake til akademia for meg. Det fortel jussprofessor Isthar Gözaydin frå Tyrkia, som blei tildelt UiOs menneskerettspris i 2017. 

Portrett av ein mann i ei bygate framfor ein trikk.
Publisert 17. mars 2023 04:30

Akademikarane Erol Koroglo og Mirat Sevinc skreiv i 2016 begge under på ei oppfordring til Tyrkias regjering om å ta opp igjen fredsforhandlingane med dei kurdiske opprørarane. Den eine fekk halda fram i jobben som litteraturprofessor, medan den andre fekk sparken som jussprofessor.

Publisert 15. mars 2023 12:37

– Å visa fram kor avhengig demokratiet og universitetet er av kvarandre, er viktig for å sikra at Noreg i åra framover også skal vera ein demokratisk stat, slo  studentleiar Oline Sæther fast under lanseringa av UiO:Demokrati i går. 

 

Publisert 10. mars 2023 04:30

– Uansett kor mykje du har sett det på fjernsynsskjermen, så viser det berre ein bitte liten del av storleiken på desperasjonen, øydeleggingane, tapa og sorga. Det finst ikkje ord som kan skildra det, seier den tyrkiske TV-produsenten Güldenay Sonumut. Både ho og kollegaen Nida Kara trur jordskjelvet kan få fylgjer for presidentvalet i mai.

Portrett av ei kvinne og ein mann
Publisert 2. mars 2023 16:59

–Eg er imot brenning av bøker, anten det er Koranen eller Bibelen. Men me kan ikkje hindra folk i brenna sine eigne bøker, sa Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk på Blindern i dag. Klassekampen-redaktør Mari Skurdal ville setja ytringsgrensa ved gjentatt trakassering av ein minoritet.  

Tre kvinner og ein mann sit i ein panelsamtale
Publisert 2. feb. 2023 16:24

Dei lagar studentmagasinet DOXA for russiske studentar frå eksil i Vilnius og Berlin. No er dei i Noreg for å ta imot Studentane sin fredspris for arbeidet sitt for presse- og ytringsfridom. 

Portrett av ein mann
Publisert 24. aug. 2022 16:54

Belgiske styresmakter har inngått ein avtale med Iran som går ut på at ein iransk agent skal kunne utvekslast med fangar i iranske fengsel, mellom dei truleg svensk-iranaren Ahmadreza Djalali. Det opplyser fleire media.

Publisert 16. aug. 2022 18:17

Toleranse og mangfald må inn i Grunnlovas paragraf 1oo. Det bør opprettast eit eige ytringsfridomsråd for internett, og det må gjerast tiltak som kan sikra retten til offentleg innsyn betre enn i dag.  Det er nokre av forslaga Ytringsfridomskommisjonen la fram i går.

Ein universitetsbygning i Budapest
Publisert 15. aug. 2022 04:30

Det sentraleuropeiske universitet i Budapest valde å flytta til Wien. Grunnen var at den ungarske regjeringa ville nekta universitetet retten til å dela ut vitnemål til studentar i Ungarn. Uniforum har besøkt det gamle hovudkvarteret.

Portrett av ei kvinne
Publisert 31. mai 2022 04:30

Tibetanske Chemi Lhamo fekk 11 000 hatmeldingar etter at ho var blitt vald til studentleiar ved Toronto University i Canada. – “Du skal bli skoten og kulene skal bli laga i Kina” var ei av meldingane ho fekk. No åtvarar ho UiO om å samarbeida med Kina.

Ein skulptur i Universitetshagen
Publisert 25. mai 2022 20:21

Rundt 100 personar møtte fram i ettermiddag for å markera at “Skamstøtta” no er plassert i Universitetshagen bak dei gamle universitetsbygningane i Oslo sentrum.

Publisert 24. mai 2022 17:54

Onsdag 25. mai klokka 13.30 vert "Skamstøtta" reist i Universitetshagen til minne om massakren på Den himmelske freds plass i Beijing i 1989. 

Portrett av ein mann
Publisert 23. mai 2022 14:00

Den svensk-iranske forskaren Ahmadreza Djalali skulle etter planen ha blitt avretta i Teheran sist laurdag. Kona Vida Mehrannia seier at han framleis er i live.

Publisert 18. mai 2022 15:43

Onsdag 25. mai vert det sett opp ein versjon av "Skamstøtta" frå Hongkong-universitetet i Universitetshagen på UiO i sentrum.  Skulpturen er til minne om massakren på Den himmelske freds plass i Beijing 4. juni 1989.

Portrett av ein mann
Publisert 16. mai 2022 17:17

Den dødsdømte svensk-iranske forskaren Ahmadreza Djalali har sete i Evin-fengselet i Iran sidan han blei arrestert i 2016. No melder iranske styresmakter at han kan bli avretta førstkomande laurdag, men vurderer ei utsetjing. – Dette er gisseltaking og utpressing, seier Karolinska-rektor Ole Petter Ottersen.