Nettsider med emneord «Afrika» - Side 2

Publisert 20. sep. 2013 22:36

Sør-Afrika hadde behov for eit nytt helseinformasjonssystem etter innføringa av demokrati og fleirtalsstyre i 1994. Å byggja dette systemet i samarbeid med styresmakter og universitet i Sør-Afrika blei temaet for Jørn Braas doktorgradsprosjekt. No er systemet blitt livsviktig for helsetenestene for 1,5 milliardar menneske i heile verda.

Publisert 10. mai 2019 11:18

Hvis UIO ønsker å internasjonaliseres, eller fortsette å være et universitet som jobber med solidaritet og bærekraft, må man ta disse problemstillingene inn over seg, gjøre det fortsatt mulig å studere her selv om man kommer fra et fattig land. Det skriver medisinprofessor Johanne Sundby i denne kronikken.

Ein mann og ei kvinne sit framfor ein dataskjerm
Publisert 13. jan. 2021 20:19

– Me er imponerte over arbeidet de gjer. Det sa kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit etter dagens nettmøte med UiO-professorane Kristin og Jørn Braa om helseinformasjonssystemet HISP. Det har dei utvikla, og det vert brukt i land med til saman 2,5 milliardar innbyggjarar.

Publisert 31. okt. 2014 11:10

Gambia og Sierra Leone er slettet som bistandsland, rett for nesa på oss.Regjeringa vil samle og fokusere bistanden eller noe sånt? spør medisinprofessor Johanne Sundby i dette leserinnlegget.

Publisert 17. feb. 2011 10:36

I mange afrikanske land har ikkje pasientane råd til å kjøpa den medisinen som legane føreskriv. I staden brukar dei tradisjonell plantemedisin. Eit EU-støtta forskingsprosjekt leidd av UiO-professor Berit Smestad Paulsen skal hjelpa desse landa til å kategorisera og testa ut denne folkemedisinen både kjemisk og klinisk

Ein mann sit i ein stol og snakkar medan han gestiklulerer med hendene
Publisert 20. des. 2020 17:38

Fleire fagmiljø på UiO fekk i helga pengar frå NORAD til samarbeid om kapasitetsbygging, forsking og utdanning med universitet i låginntektsland. Professor Dan Banik ved Senter for utvikling og miljø leier eit av prosjekta som får støtte. 

Publisert 30. apr. 2002 15:43

Sør-Afrikas president Thabo Mbeki kjem måndag 13. mai til Universitetet i Oslo for å halda forelesinga "New Partnership for Africa´s Development" (Nytt partnarskap for Afrikas utvikling). Forelesinga, som altså er open for alle, startar klokka 11.00 i auditorium 1 i Georg Sverdrups hus på Blindern.

Publisert 1. feb. 2011 16:22

– Folket i Tunisia viste at det var mogleg å styrta eit autoritært regime. Om folket i Egypt klarer det same, skal ingen diktator i Midtausten og Nord-Afrika føla seg trygg, seier førsteamanuensis Bjørn Olav Utvik ved UiO til Uniforum.

Publisert 16. feb. 2011 16:35

Ingen tar no til orde for at UiO må byggja ned kompetansen i Midtausten-kunnskap og heller bruka pengane på meir nyttig forsking som kan vera til meir gagn for samfunnet.

Publisert 30. mai 2002 10:41

Den sørafrikanske forskningsminister, Dr. Ben Ngubane og statsråd Kristin Clemet undertegnet 29. mai en avtale om forskningssamarbeid mellom Norge og Sør-Afrika.

Publisert 4. feb. 2009 12:12

– Me håpar det vil vera mogleg å få forskarar frå UiO til å undervisa på master- og doktorgradsprogramma våre. Og det hadde vore flott om me kunne ha utvida forskingssamarbeidet. Det seier Hirut Woldemariam, som er assisterande viserektor ved Addis Abeba University i Etiopia.  Lingvistikkprofessor Elisabeth Lanza er einig.

Publisert 11. mars 2009 14:17

Fire norske sivile observatører er utpekt av NORDEM til å delta i et pilotprosjekt i Den demokratiske republikken Kongo. De skal bidra til å trygge forholdene i den konfliktherjede østre delen av landet. – Dette er et godt eksempel på NORDEMs arbeid i praksis, sier leder Siri Skåre.

Publisert 18. mai 2011 16:02

– Al Jazeera var langt viktigare enn dei sosiale media under revolusjonane i Tunisia og Egypt. Det sa medieprofessor Knut Lundby under ein debatt om media si rolle i kampen for menneskerettane.

Publisert 31. jan. 2013 14:40

– Mykje tyder på at mesteparten av manuskriptskattane frå Timbuktu er blitt redda av bibliotekarar og private samlarar. Det seier UiO-forskar Albrecht Hofheinz, som er ekspert på Timbuktu-manuskripta.

Publisert 27. apr. 2007 11:49

- Det er sjeldent man får oppleve Kongo og Afrika på en så fin måte som på utstillingen i dag, sa UiO-rektor Geir Ellingsrud da han åpnet utstillingen Kongospor i Kulturhistorisk museum i går kveld. Også utviklingsminister Erik Solheim og den kongolesiske sykepleierstudenten Maguy Lola lovpriste det de så.

Publisert 29. jan. 2013 10:39

Mali har i mange år vore eit viktig samarbeidsland for Universitetet i Oslo. Dei gamle arabiske manuskripta i den myteomspunne ørkenbyen Timbuktu blir det forska på ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS). Denne veka har maliske og franske styrkar tatt byen tilbake frå dei islamistiske gruppene, melder både BBC og NRK.

Publisert 28. nov. 2002 11:16

UiO-studentar kan frå neste år ta eit eller to semester ved eit sørafrikansk universitet som ein del av ein bachelor- eller mastergrad. Studieopphaldet blir finansiert av Lånekassen.

Publisert 24. juni 2002 12:08

Institutt for informatikk ved UiO har vært med på å utvikle et datasystem for primærhelsetjenesten i Sør-Afrika. Dette systemet implementeres nå i en rekke land i Den tredje verden. - Prosjektet er gigantisk, og det er første gang Sør-Afrika eksporterer software til India, forteller førsteamanuensis Jørn Braa.

Publisert 1. mars 2011 15:54

Tre norske studentorganisasjonar har no sendt eit brev til Zimbabwes ambassadør i Sverige, Mary Sibusisiwe Mubi og bede styresmaktene i heimlandet hennar om straks å setja fri den politiske aktivisten Munyaradzi Gwisai og 45 studentar.

Publisert 16. aug. 2002 15:17

- Eg er stolt over at eg blei tildelt dette kongelege stipendet som gjer det mogleg for meg å kunne studera to år på mastergradsstudiet i internasjonal samfunnsmedisin ved Universitetet i Oslo. Det sa den kvinnelege etiopiske studenten, Yordanos Mequanint Tiruneh, i takketalen sin til kronprins Haakon Magnus, kronprinsesse Mette-Marit og universitetsleiinga under ei mottaking ved Institutt for allmenn- og samfunnsmedisin i Frederik Holsts hus på Ullevål fredag 16. august.

Publisert 5. feb. 2007 14:00

FNs tidligere visegeneralsekretær Jan Egeland er invitert til å holde en ekstraforelesning på Universitetet i Oslo om "Folkemordet i Darfur".

Publisert 11. des. 2002 11:19

- Om to år skal det vera mogleg å senda 500 norske studentar årleg til Sør-Afrika. Det seier Noregs tidlegare ambassadør i Sør-Afrika, Per Ø. Grimstad, som har laga ein rapport der han tilrår NORAD å støtta eit student-utvekslingssamarbeid mellom norske og sørafrikanske universitet.

Ein mann med briller sit i ein festsal
Publisert 22. sep. 2021 23:13

Scholars at Risk Norway feira i går  tiårsjubileet i Gamle festsal på Universitetet i Oslo. I salen sat både Raha Sabet Sarvestany frå Iran og Bernard Nthahiraja (biletet) frå Burundi, to av dei forfylgde forskarane som får vern på universitet i Noreg.

Publisert 24. apr. 2018 12:50

Årseining i portugisisk kan vera ein saga blott ved UiO. Det er klart etter at fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet har vedtatt å råda universitetsstyret til å leggja ned tilbodet.

Publisert 6. juni 2006 10:30

I dag blir ikkje eit einaste afrikansk språk brukt som undervisningsspråk verken på dei vidaregåande skulane eller på universiteta i Afrika. Dei gamle kolonispråka engelsk, fransk og portugisisk er einerådande. Afrikanske forskarar ynskjer no å endra dette og saman med forskarkollegaer frå Europa og USA vil dei på ein konferanse på UiO 19.-22. juni drøfta korleis det skal skje.