Det akademiske kollegium samla til møte i 1911

Medlemane i Kollegiet hadde  kvart sitt blekkhus og eigen trekkpapirhaldar, då dei var samla til møte i Urbygningen i 1911.

EIT SAMLA KOLLEGIUM I 1911: Frå venstre: W.C. Brøgger (Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet), Francis Harbitz (Det medisinske fakultet), universitetssekretær Christian August Odland, Olaf Broch (Det historisk-filosofiske fakultetet), Oskar Jæger (Det juridiske fakultet), Andreas Brandrud (Det teologiske fakultet).

Foto: Ludvig Forbech (Frå Universitetshistorisk fotosamling, MUV)

I 1911 fekk universitetsleiinga plass rundt eit lite bord. Her har Det akademiske kollegium møte i kollegierommet i Urbygningen. Frå venstre: W.C. Brøgger (Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet), Francis Harbitz (Det medisinske fakultet), universitetssekretær Christian August Odland, Olaf Broch (Det historisk-filosofiske fakultetet), Oskar Jæger (Det juridiske fakultet), Andreas Brandrud (Det teologiske fakultet). Brøgger var universitetets første rektor frå 1907 til 1911.

Herrane måtte klare seg utan møtemat og kaffi, men dei har duk på bordet, kvart sitt blekkhus og eigen trekkpapirhaldar.

 

Av Anne Vaalund, Museum for universitets- og vitskapshistorie
Publisert 10. apr. 2018 14:20 - Sist endra 10. apr. 2018 14:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere