Med kappe og lue på stranda

Kvindelige Studenters Sangforening (KSS) blei skipa i 1895, og er mellom verdas eldste kvinnelege akademiske kor.

KORJENTER PÅ STRANDA I RIGA: Frå venstre: Astrid Løken, Ellen Bonnevie, Eva Jørstad, Ingeborg Krogh og Grete Bonnevie.

Foto: Ukjent fotograf/Museum for universitets- og vitskapshistorie, UiO

Ideen om eit eige kor for dei kvinnelige studentane kom til da medisinstudentane Elise Holmboe, Kristine Munch og Louise Isachsen var publikum på 50-årsjubileumskonserten til Den Norske Studentersangforening.

Mange år seinare, i juni 1933, var koret på turné til Riga, Latvia. Mellom konsertane blei det tid til ein tur på stranda. På biletet poserer «Banden» i korkappe og med studenterlua.

 

Emneord: Universitetshistorie Av Anne Vaalund, Museum for universitets- og vitskapshistorie
Publisert 12. juni 2017 16:21 - Sist endra 12. juni 2017 16:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere