Filologar med kart og kompass

Hausten 1940 arrangerte Filologisk forening sitt orienteringsløp i Lommedalen.

ORIENTERING:Gerd Arnborg og Kari Hemstad stiller inn kompasset.  Begge deltar på Filologisk forening sitt orienteringsløp i Lommedalen.

Foto: Ukjend/Museum for universitets- og vitskapshistorie, UiO

Gerd Arnborg og Kari Hemstad stiller inn kompasset. Dei er på Filologisk forening sitt orienteringsløp i Lommedalen. Motivet er rett så harmonisk, men dette er hausten 1940 og studentane har starta haustsemesteret ved eit universitet prega av tysk okkupasjon.

Dette er eit av fleire fotografi Museum for universitets- og vitskapshistorie (MUV) no stiller ut i sin nye vindaugsutstilling «Ikke bare baller…» om universitetsidrett frå 1890 og dei neste hundre åra. Her syner vi ikkje berre dei klassiske OSI-aktivitetane, men óg spontane studentløye og aktivitetar som dette.

 

 

Emneord: Universitetshistorie Av Anne Vaalund, Museum for universitets- og vitskapshistorie
Publisert 30. okt. 2017 11:35 - Sist endra 30. okt. 2017 11:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere