Mattebygningen 50-årsjubilant

Den 26. oktober 1966 vart Mattebygningen overlevert universitetet. «Mattebygningen» var ein arbeidstittel på dei tre bygningane, som no vart døypte Niels Henrik Abels hus, Vilhelm Bjerknes’ hus og Sophus Lies auditorium.

Foto: ukjent

Fotografiet er frå Universitetets årsberetning same år og viser at ein del arbeid stod att. Det er stillas i Sophus Lies auditorium og arbeidsbrakker på Frederikkeplassen. Under uversstaket står det bordbein og bordplater som ventar på å bli monterte og få plass i seminarrom og møterom.

Snaut to månadar før, 1. september, vart bygningen bak til venstre overlevert til universitetet. Det var den gongen Preklinisk odontologi. I dag husar bygningen humanistar, og er omdøypt til Georg Morgenstiernes hus.

Av Anne Vaalund, Museum for universitets- og vitenskapshistorie
Publisert 3. nov. 2016 13:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere