Feltarbeid i folkeminne

I 1886 vart Moltke Moe vår første professor i norsk folkespråk og folketradisjon.

Her er Moe på feltarbeid i Telemark og poserer med to informantar.

Foto: Ukjend fotograf

Moltke Moe var sentral i ein ny nordisk tradisjon for folkeminnegransking som hevda at folkeminna var internasjonalt tankegods med røter i eit felles primitivt utviklingstrinn.

Han hadde sjølv den største samlinga av norske folkeminne. Dette var materiale han hadde samla inn sjølv, og arkiva han hadde arva av faren, Jørgen Moe, og Peter Christian Asbjørnsen, mennene bak «Norske folkeeventyr». I 1914 danna dette materialet grunnlaget for forskingsinstitusjonen Norsk folkeminnesamling, som vart ein del av universitetet under leiing av etterfylgjaren etter Moe.

Avleveringsplikt for folkeminneforskarar med offentleg støtte syrgde for at folkeminnesamlinga vart sentral for folkeminnearbeidet her i landet.

 

Av Anne Vaalund, Museum for universitets- og vitskapshistorie (MUV)
Publisert 21. sep. 2016 11:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere