Forskarskule i 1979

Foto: MUV_35781

Professor i kjemi Johannes Dale gjev to studentar innføring i bruk av eit topp moderne spektrometer for å bestemme grunnstoff. Dette gjennomkomponerte fotografiet vart tatt for å bli bruka på forsida av studieplanen til matnatfakultetet i 1979.

Det er ikkje tilfeldig at fakultetet valde dette forskingstunge biletet på studieplanen. Studieløpet hadde hovudsakleg vore tilrettelagt for å utdanne lektorar til skulevesenet. Etter utgreiingar og diskusjonar siste halvdel av 1970-talet blei studieløpet endra med tanke på at kandidatane frå matnatfakultetet lettare skulle finne arbeid utanfor skulevesenet som fagperson eller forskar i offentleg og privat sektor. Dette prega fakultetet i lengre tid, men på 2000-talet har det igjen skjedd endringar med ei ny tilnærming til skuleverket.

(Publisert i papirutgave nr. 8 2015)

 

Anne Vaalund

Museum for universitets- og vitenskapshistorie

Publisert 6. jan. 2016 16:31 - Sist endra 25. feb. 2016 12:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere