Nasjonal avis: Alle skal med - utanom Nord og NMBU

Torsdag møtes representantar frå alle universitet i Noreg til forhandlingsmøte på Oslomet – bortsett frå to, melder På Høyden.

UTVIDA KHRONO: Tove Lie, som i dag er redaktør for Oslomets avis Khrono, vil truleg bli redaktør for eit utvida Khrono med ansvar også for bergensredaksjonen. Her saman med rektor ved Oslomet, Curt Rice.

Foto: Nicklas Knudsen

Universitetet i Bergen (UiB) og Oslomet var lenge åleine ved forhandlingsbordet om nasjonal avis for universitet- og høgskulesektoren, og bergensarane har alt fått gjennomslag for sine krav om «redaksjonelt tyngdepunkt» i Bergen og at redaktør og styreleiar skal fordelast mellom dei to byane.

Sidan har den eine etter den andre kome ned frå gjerdet.

I dag får universitetsstyret ved NTNU eit grundig notat i hendene. Der går redaksjonsrådet til NTNUs uavhengige avis, Universitetsavisa, inn for å «stille seg bak et slikt organ som Khrono». Samstundes blir det understreka i notatet at «bidrag til Khrono ikke på noen måte skal undergrave vår egen avis’ posisjon, og at Universitetsavisa derfor bør være den som styrer samarbeidet i det daglige».

NTNU er blant deltakarane på forhandlingsmøtet som torsdag 1. november skal haldast på Oslomet, melder På Høyden.

Oslomet: Skal i mål i år

Det er ikkje Nord universitet.

– Det er ikkje aktuelt for oss å gå inn i dette no, seier rektor  Bjørn Olsen.

Kommunikasjonsdirektør ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), Monica Hammervold, opplyser at dei «ikkje endeleg har konkludert om eigarskap i Khrono».

Dermed er det berre desse to universiteta  som ikkje er med på oppløpssida når avtalen om nasjonalt avissamarbeid under Khrono-paraplyen skal spikrast.

Også Høgskulen på Vestlandet er representert på møtet i Oslo torsdag, som einaste høgskule.

Ifølge Tore Hansen står Oslomet fast på målet om å komme i mål med ein samlande avtale for utvida eigarskap i Khrono før universitetsstyremøtet der 14. desember.

Lite tyder på at NTNU vil komme i mål med sine interne diskusjonar innan den tid. Det er også eit ope spørsmål om det er mogleg å sameine formuleringane i utkastet til avtale med tilrådingane frå redaksjonsrådet i Universitetsavisa ved NTNU.

NTNU: Har god tid

– Vi er i ein heilt tidleg fase for å vurdere ulike modellar. No berre diskuterer vi desse. Så får vi sjå om vi i neste omgang kan komme fram til eit forslag til vedtak. Det må i så fall styrebehandlast, seier organisasjonsdirektør ved NTNU, Ida Munkeby.

Universitetet i Stavanger vedtok tidlegare i månaden å gå inn med ein førebels ukjent sum pengar i prosjektet, men utan ønskje om å bli medeigar. Universitet i Tromsø ønsker å gå inn og finansiere ei stilling for å sikre dekning av den nordlege landsdelen, men vil vente på forhandlingsresultatet før dei sender saka til vedtak i styret.

Universitetet i Oslo bestemte seg tidlegare i haust for å gå inn finansielt, men førebels utan ambisjonar om eigarskap.

Elles ser Universitetet i Agder, Universitetet Sørøst-Norge og Høgskulen på Vestlandet ut til å vere i ei sakte glideflukt ned frå gjerdet dei lenge har sete på.

– Alle som er invitert til møtet har signalisert at dei ønskjer å vere med, og skal vere med og utforme avtalen, ifølgje forhandlingsleiar for Oslomet, Tore Hansen.

Styrt frå Oslo

I utkastet til avtale heiter det at redaktøren har det «daglige ansvaret for personaloppfølging og redaksjonelt ansvar». Alt tyder på at Khrono-redaktør Tove Lie vil sitje i redaktørstolen for «nye Khrono», og at styringa av Khrono dermed vil ligge i Oslo.

Ifølgje utkastet skal avtalen gjelde frå 1. januar 2019 og ut 2022. Deretter skal det heile evaluerast. Evalueringsgruppa skal særleg sjå på korleis ein meir «hensiktsmessig organisasjonsmodell» kan etablerast, slik at «mange aktører kan være eiere på en meir likeverdig måte».

UiB stiller på forhandlingsmøtet med assisterande direktør Tore Tungodden og styreleiar for På Høyden, Jan Heiret. For UiB var 50 prosent eigarskap eitt av kronargumenta for, ulikt NTNU og UiO, å tidleg forplikte seg i forhandlingane.

– Vi har eit tilbod om å få styreleiar eller redaktør, og 50 prosent eigarskap. Det ville vi ikkje fått om vi kom inn på eit seinare tidspunkt, sa rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, då universitetsstyret 30. august bestemte at UiB skulle gå i sluttforhandlingar om medeigarskap med Oslomet.

Med ni institusjonar representert på forhandlingsmøtet denne veka, tyder mykje på at dette kravet må ofrast.

Emneord: Media, Universitetssamarbeid, Universitetspolitikk Av Njord V. Svendsen /På Høyden
Publisert 31. okt. 2018 10:24 - Sist endra 31. okt. 2018 10:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere