Rekordsøking til Universitetet i Oslo

– Dette er ein gledens dag. Det er fleire søkjarar enn nokon gong, og me har over 200 år å samanlikna med, seier fungerande rektor Gro Bjørnerud Mo etter at UiO har sett søkjarrekord med 19 175 førstevalsøkjarar.

MØTTE NYE STUDENTAR: Etter å ha presentert opptakstala for 2018, møtte statsråd Iselin Nybø nokre av studentane som har fått studieplass på OsloMet til hausten.

Foto: Martin Toft

Det viser dei endelege opptaktstala til høgare utdanning som blei presenterte av Samordna opptak og forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø hos OsloMet - storbyuniversitetet i Oslo i dag. Til saman har 98 277 søkjarar fått tilbod om ein studieplass på eit universitet eller ein høgskule. Og 19 175 av dei har hatt eit studium ved UiO som førstevalet sitt. I heile landet har 56 453 av søkjarane har fått tilbod om førstevalet sitt.

Viktige tal om søkinga til Universitetet i Oslo:

  • Søkjarrekord i år med 19 175  førstevalsøkjarar
  • 10 829 har fått tilbod om plass
  • Rettsvitskap hadde i år 1861  førstevalsøkjarar
  • Informatikk aukar med +5.26% i talet på kvalifiserte søkjarar frå i fjor.
  • Estetiske fag aukar med +13.83% i talet på kvalifiserte søkjarar frå i fjor og musikkvitskap auker mest i talet på kvalifiserte søkjarar (poenggrense 44,8, ordinær kvote 2018)
  • Pedagogiske fag aukar med +14.21% i talet på kvalifiserte søkjarar frå i fjor og pedagogikk aukar mest i talet på kvalifiserte søkjarar (poenggrensa for ordinær kvote aukar frå 46,4 i 2017 til 47,8)
  • Lektorprogramma opplever nedgang -5.36% i talet på kvalifiserte søkjarar frå i fjor. Lektorprogramma i engelsk og framandspråk har fleire søkjarar enn i fjor. Engelsk aukar poenggrensa frå 49,1 til 52,5 (ordinær kvote) og framandspråk aukar frå 46,8 til 53,6 (ordinær kvote)
  • Samfunnsfaga aukar i popularitet med 5,36% auke i kvalifiserte søkjarar
  • Nytt årsstudium i samfunnsøkonomi går rett inn på 10. plass med poenggrense på 59,5 (Kjelder: UiO og Samordna opptak

Medisin ved UiO er Noregs mest populære studium

Dei mest populære studia på UiO, med dei strengaste poengkrava for å koma inn, er medisin, psykologi, odontologi, rettvitskap og digital økonomi og leiing. Ifylgje Universitetet i Oslo , er profesjonsstudiet i medisin ved UiO i år som i fjor , det aller mest populære studiet i landet, med ei poenggrense på 68,5. Samtidig er rettsvitskap ved UiO det studiet i landet som har flest søkjarar. No er det også blitt endå vanskelegare enn før å koma inn på fag som informatikk, estetiske og pedagogiske fag.

– Fantastisk glade

Fungerande rektor Gro Bjørnerud Mo gler seg over at så mange som 19 175 søkjer seg inn til Noregs eldste og mest tradisjonsrike universitet, sjølv om berre 10 829 av dei får tilbod om studieplass.

– Me er fantastisk glade for det. Og at me har mange søkjarar vil også seia at me får eit høgt snitt. Det er me opptatt av fordi me vil gjerne utdanna landets beste kandidatar, seier ho til Uniforum.

Men UiO legg ikkje skjul på at nokre studium ikkje opplever like stor popularitet. Lektorutdanningane og realfag har registrert ein nedgang i talet på søkjarar. Nedgangen kan skuldast innføring av strengare realfags- og matematikkrav, blir det peika på i ei pressemelding frå UiO. Lektorprogramma i engelsk og i framandspråk har derimot ein auke, både i søkjartal og i poenggrense. UiOs informatikkutdanningar kan i år visa til ein prosentvis auke på 5,26 prosent i talet på kvalifiserte søkjarar. Det trekkjer også Gro Bjørnerud fram når ho svarer på kva ho er aller mest nøgd med.

– Kanskje det at digital økonomi gjer det like bra i år som i fjor, sjølv om me har utvida talet på plassar. Det ser me ut som me har treft godt. Eg er glad for rekrutteringa til delar av lektorutdanninga, det er gode tal for dei samfunnsvitskaplege faga, og fantastiske tal for juss og medisin og for odontologi og psykologi. Som du høyrer så er det mange ting å gleda seg over, seier Gro Bjørnerud Mo til Uniforum.

–Og er det noko å gleda seg over når det gjeld søkinga til ditt eige fakultet, Det humanistiske fakultetet?

–Ja, nokre av årseiningane gjer det godt saman med nokre av studieretningane på språkfaga på lektorprogrammet. Nordisk årseining gjer det knallbra, understrekar Gro Bjørnerud Mo.

Nøgd med søkjartala til lærarutdanningane

Før opptakstala var klare, var forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø mest spent på søkinga til lærarutdanningane.

Viktige nasjonale tal:

140 701 søkjarar til alle universitet og høgskular

124 934 kvalifiserte søkjarar

98 277 har fått tilbod om studieplass

56453 har fått tilbod om førstevalet sitt  (Kjelde: Samordna opptak)

–Det er ei viktig utdanning, eit viktig yrke og det er viktig for regjeringa at me har gode, motiverte lærarar for framtida. Difor er me veldig nøgde med å sjå at ti prosent fleire enn i fjor får tilbod om plass på lærarutdanningane. Det er eit tal som går rett veg. Me skal ikkje lena oss tilbake og slappa av, men me må vera glade i dag, synest ho.

På Universitetet i Oslo har lektorprogramma ein nedgang på 5,36 prosent i talet på kvalifiserte søkjarar samanlikna med i fjor. Samtidig har lektorprogramma i engelsk og framandspråk fleire søkjarar enn i fjor. Statsråd Iselin Nybø har ingen svar på den lokale tilbakegangen ved UiO, men trekkjer fram dei nasjonale tala for lektorprogramma.

– Eg kan ikkje svara på dei lokale tala og gi bakgrunn for dei. Men på nasjonalt nivå har lærarutdanninga fått fleire søkjarar. Og i heile landet har 6,2 prosent fleire søkjarar fått plass på lektorprogramma enn det som var tilfellet i fjor.

– Kjekt å sjå at tala går rett veg

– Trur du norsk skule er redda for framtida?

– Norsk skule må alltid vera i ein kontinuerleg prosess for å bli betre og bevega seg framover. Ingen skal kunna lena seg tilbake, men det er kjekt å sjå at tala går rett veg, konstaterer Iselin Nybø.

Ved Universitetet i Oslo har mange av dei mest populære faga vore dominerte av jenter. Ikkje minst gjeld dette for profesjonsstudia i medisin, odontologi og psykologi. I år har 20 fleire menn enn i fjor fått tilbod om plass på medisinstudiet . – Me skulle gjerne sett at endå fleire menn fekk tilbod om plass, men pilen peikar i riktig retning, seier Gro Bjørnerud Mo.

STORT PRESSEOPPBOD:  Det var stor medieinteresse då forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø skulle presentera dei endelege opptakstala til høgare utdanning i dag. Her møter ho fungerande rektor Gro Bjørnerud Mo ved UiO (lengst til venstre), prorektor for utdanning, Wenche Jakobsen frå Universitetet i Tromsø og med ryggen til Nina Waaler, prorektor for utdanning ved OsloMet -storbyuniversitetet. (Foto: Martin Toft)

Lovar ingen tiltak for å få fleire menn inn på profesjonsstudium

Den skeive kjønnsbalansen på desse profesjonsstudia har likevel fått UiO til å søkja Kunnskapsdepartementet om å få innføra eit pilotprosjekt med kvotering av menn på 30 prosent av studieplassane på psykologi og ei alternativ opptaksordning for 10 prosent av studieplassane på psykologi. Kunnskapsdepartementet har likevel ikkje gitt klarsignal for innføring av nokre av desse tiltaka. Og heller ikkje statsråd Iselin Nybø lovar å endra på det.

– Me i Kunnskapsdepartementet fylgjer med på dette for me meiner det er viktig at det er både menn og kvinner som er legar og psykologar. Me har to utfordringar. Det eine er poenga, og om det er mogleg å gi ekstrapoeng. Men det er også ei utfordring å få menn eller kvinner, avhengig av kven som er det underrepresenterte kjønnet til å søkja. Og når me ser kor stor del av studentane som er kvinner på veterinærutdanninga, så må me få fleire menn til å velja å søkja på veterinærutdanninga. Regjeringa held seg lojalt til stortingsvedtaket om fordeling 80-20. Om eitt kjønn er representert med mindre enn 20 prosent på eit studium, vil det vera mogleg å kunna gi ekstrapoeng. Så dette fylgjer me med på, slår ho fast, før ho kjem med ei klar melding til institusjonane:

– Bodskapen min til dei universiteta og høgskulane som har fag med skeiv kjønnsbalanse, er at når dei får inn studentar frå det underrepresenterte kjønnet, så må dei ta vare på dei, slik at om dei får inn 21 prosent menn på ei utdanning, så må dei gjera ein innsats for å halda på dei 21 prosenta med menn, slik at du får dei ut i andre enden som psykologar. Eg ser at mange er aktive for å få det til, til dømes Høgskulen på Vestlandet når det gjeld å ta vare på dei mannlege studentane på lærarutdanninga, seier Iselin Nybø. Etter at pressekonferansen var over, møtte statsråd Iselin Nybø nokre av studentane som var komne inn på studium ved OsloMet- storbyuniversitetet.

Kritisk til overbooking av studieplassar

Norsk studentorganisasjon kritiserer Samordna opptak for overbookinga av studieplassar på nokre av faga.  

– I fjor møtte 7,6 prosent fleire studentar enn det var planlagde studieplassar. Eg er uroa for tilbodet desse studentane får når institusjonane tilbyd langt fleire studieplassar enn dei har kapasitet til. Det blir som sild i tønne. Plassmangel gir seg utslag i både redusert studiekvalitet og i auka fråfall, seier Håkon Randgaard Mikalsen, leiar av Norsk studentorganisasjon (NSO).

Men Tonje Løvstakken, som er leiar for studentutvalet i Tekna finn likevel grunn til å gleda seg over at overbooking i realfag denne gongen syner ein nedgang.

– I realfag er nedgangen i overbooking størst med heile 13 prosentpoeng nedgang frå fjoråret, frå 62 til 49 prosent. Også i informasjonsteknologiske fag og ingeniørfag går utviklinga i riktig retning, seier Tonje Løvstakken i ei pressemelding frå Tekna. – Innanfor IKT er overbookinga no på 59 prosent. Dette er ein nedgang frå 66 prosent. I teknologifaga er det ein nedgang frå 38 til 35 prosent, seier  Løvstakken. Totalt for alle fagområde er det no ei overbooking til høgare utdanning på 69 prosent, som er ein auke frå 68 prosent i fjor.

 

 

Emneord: Studentforhold, Studentsaker, Studiesaker Av Martin Toft
Publisert 19. juli 2018 16:14 - Sist endra 19. juli 2018 16:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere