Iselin Nybø på klassereise på Den internasjonale sommarskulen

Statsråd Iselin Nybø småsprang frå klassen i «Scandinavian Government & Politics» til klassen i «Peace Research» då ho besøkte Den internasjonale sommarskulen på UiO i formiddag.

MØTTE STUDENTRÅDET:  Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø møtte representantar for studentrådet, då ho besøkte Den internasjonale sommarskulen ved UiO måndag formiddag. (Foto: Martin Toft)

Før regnet begynte å fossa ned, men samtidig med dei første vindkasta, kom forsking- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø  til Eilert Sundts hus på Blindern i formiddag for å besøkja Den internasjonale sommarskulen. Sommarskuledirektør Nita Kapoor tok imot henne saman med fungerande universitetsdirektør Hanna Ekeli.  Saman førte dei henne med seg til klassen i Scandinavian Studies. Då fekk Iselin Nybø også høve til å presentera seg sjølv og partiet ho representerer. 

– Vanskeleg å forstå

– Venstre er det eldste partiet i Noreg, men er det minste av dei tre regjeringspartia.  I dag har me tre statsrådar, medan me har åtte representantar i Stortinget.  I ei tidlegare regjering Venstre deltok i, hadde me tre statsrådar og berre to stortingsrepresentantar. Det var det ofte svært vanskeleg for utlendingar å forstå, fortalde ho.

– Må sjå lenger enn til vårt eige land

Studentane var opptekne av kva dei hadde lært på kurset. 

– Partia må ta omsyn til veljarar med ulik sosial bakgrunn. Men det viktigaste me har lært, er at me må sjå lenger enn til vårt eige land, men også samarbeida med andre land for å skapa betre samfunn. I mitt land brukar me ofte å setja dei skandinaviske landa på ein pidestall. meinte ein student frå USA.  – Det norske politiske systemet er ikkje perfekt, men det er det beste, spøkte Iselin Nybø og la til: – Alle meiner at dei sjølve har det beste politiske systemet, ikkje sant?

Etter å ha sagt seg leie for å ha avbrote undervisninga i fem minutt, hasta Iselin Nybø og Nita Kapoor vidare til Sophus Bugges hus,  for å få med seg kurset i fredsforsking.  Også der ville Iselin Nybø vita kva dei hadde fått med seg av kurset.  Studentane som tok ordet var svært opptekne av korleis klimaendringar kan danna rota til nye konfliktar. 

– Krisa i Syria kan vera like mykje ein konflikt som har røter i klimaendringar enn eit folkeleg opprør, meinte ein student.  Andre var opptekne av at sommarskulen fører saman studentar frå land som er i konflikt med kvarandre.  – Me kan diskutera problema oss i mellom her og møta kvarandre, sa ein student frå Ukraina.

FORKLARTE:  Studentar på Den internasjonale sommarskulen forklarte statsråd Iselin Nybø kva dei hadde lært på kurset i fredsforsking. (Foto: Martin Toft)

 

– Må samarbeida med smarte forskarar frå andre land

 Iselin Nybø fekk også spørsmål om kva Noreg gjer for å støtta forsking i Noreg og i utlandet. 

– Noreg har berre fem millionar innbyggjarar, og mange flinke forskarar. Men uansett kor smarte dei er, må dei samarbeida med smarte  forskarar frå andre land anten det handlar om klimaendringar, fredsskaping eller andre viktige tema.  Og det er også viktig å halda fram med internasjonal studentutveksling,  slo ho fast. 

– Vil prioritera forskingsområde

På spørsmål om Noreg satsa mest på grunnforsking eller kommersiell forsking, fekk Iselin Nybø også sagt litt om forskingssatsinga til regjeringa.  – Me held på me å sy saman ei langsiktig forskingsmelding der me vil prioritera nokre forskingsområde. Og det er viktig å hugsa på at det er viktig å satsa både på forsking som er til nytte for heile samfunnet og bruksretta forsking for næringslivet, konstaterte ho.   

Utanfor Sophus Bugges hus venta representantar for studentrådet ved Den internasjonale sommarskulen. Dei fekk helsa på statsråden før dei fekk Iselin Nybø med på eit felles gruppebilete framfor Niels Treschows hus.

Heilt til slutt gjekk miniturneen til statsråd Iselin Nybø til Blindern studenterhjem der ho, Nita Kapoor og andre representantar for  UiO og Den internasjonale sommarskulen skulle ha ein felles lunsj.

HELSA VELKOMEN: Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø blei tatt imot av direktør Nita Kapoor  og fungerande universitetsdirektør Hanna Ekeli då ho besøkte Den internasjonale sommarskulen ved UiO i formiddag. (Foto: Martin Toft)

 

 

Emneord: Den internasjonale sommerskole, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 9. juli 2018 14:16 - Sist endra 9. juli 2018 14:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere