Ny arbeidsulykke i Akademika: Denne gongen fall det her!

Ingen blei skadde, men to tilsette i Akademika stod svært nær då ein røyrdel fall ned i underetasjen under renoveringsarbeidet i Kristian Ottosens hus. Det er andre gongen på kort tid det skjer ei arbeidsulykke i bygningen. 

NY ARBEIDSULYKKE:  Denne veka fall ein del av eit røyr ned i underetasjen i Akademika. To tilsette stod ein meter frå staden då røyrdelen landa på golvet midt på biletet. No lovar eigedomsdirektør John Skogen ved UiO å ta grep.

Foto: Ola Sæther

Eigedomsdirektør John Skogen ved Universitetet i Oslo  stadfestar hendinga overfor Uniforum.

– Dei tilsette i Akademika arbeidde i underetasjen ved trappeopninga der uhellet fann stad. Dette arealet var ikkje avstengt, seier han. Etter det Uniforum kjenner til stod dei ein meter frå staden der røyrdelen landa. Det var ein bend, som er eit røyr med ein bøyg på.

– Uhellet skjedde i eit tidsrom då butikken var stengt for kundar for at entreprenøren skulle fjerna all himling i1. etasje i bokhandelen og samtidig utføra nødvendige røyrleggararbeid ved taket, opplyser eigedomsdirektør John Skogen i ein epost til Uniforum.  Men røyrdelen fall altså utanfor den delen av bygningen som var stengt.

God dialog med byggjeleiinga ved UiO

Butikkleiar Arnhild Tomren i Akademika Blindern stadfestar også det som skjedde.  Etter å ha tatt ein telefon der ho sjekka omstenda rundt hendinga nærare,  kjem ho med ei presisering i ein epost til Uniforum:

«vi fikk avklart at det ikke var et svært rør, men en bend som først falt ned på et tak, og deretter ned på gulvet. Vi vil ellers henvise til byggeledelsen ved UiO, som vi har en god dialog med».  

Ein bend er altså eit røyr med ein bøyg på.

På spørsmål frå Uniforum om korleis ho vil garantera overfor dei tilsette at dei har ein sikker arbeidsplass etter det som no har skjedd, svarar ho:

«Når det gjelder videre arbeid er vi trygge på at HMS blir ivaretatt», understrekar Arnhild Tomren.

Arbeidsuhell fekk konsekvensar

Det var den 28. mai det førre arbeidsuhellet i Kristian Ottosens hus hende. Då stod ein av dei tilsette i Akademika bokhandel like ved der eit plexiglas gjekk i tusen knas etter å ha falle frå taket i 2. etasje og ned på golvet i bokhandelen. 

Ingen blei heller altså skadd under den hendinga, men det har fått konsekvensar for både anleggsleiaren som hadde ansvaret for HMS hos selskapet Ragn-Sells på dette prosjektet og for den tilsette som gjorde feilen som førte til at plexiglaset fall ned. Det går fram av ei rapportering frå hovudentreprenøren ATE av uynskte hendingar i samband med Helse-, miljø- og sikring.

   • Les meir i Uniforum: Berre flaks hindra personskade under arbeidsuhell på Blindern

UiO set i verk tiltak

No vil eigedomsdirektør John Skogen ta grep og varslar at det blir sett i verk to tiltak:

– Areala i 1. etasje og underetasje blir heilt stengde ved utføring av arbeid i 2. etasje eller i himling i 1. etasje. Eigedomsavdelinga  vil delta på entreprenøren sine framtidige vernerundar for å overvaka prosjektet sitt sikringsarbeid, understrekar John Skogen.

Renoveringsprosjektet blir gjennomført i regi av Studentsamskipnaden i  Oslo med entreprenørfirmaet ATE AS som hovudbedrift. Det er Universitetet i Oslo som er byggherre og eig Kristian Ottosens hus.

Når renoveringsarbeidet er avslutta, skal Studenthelsetenesta til SiO tilbake i 2. etasje i bygningen. I dag held SiO Helse til i den gamle bygningen til Noregs geografiske oppmåling i sentrum.

   • Les også i Uniforum:  SiO Helse returnerer til nyrestaurerte lokale på Blindern neste år

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 21. juni 2018 13:05 - Sist endra 21. juni 2018 13:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere