UiO-styret utsette renoveringa av Eilert Sundts hus

Renoveringa av Eilert Sundts hus blir utsett til 2020. Det vedtok universitetsstyret i dag.

UTSETT: Universitetsstyret vedtok å utsetja renoveringa av Eilert Sundts hus på Øvre Blindern frå 2019 til 2020.

Foto: Francesco Saggio /UiO

UiO får eit rammekutt på 30 millionar neste år og 70 millionar i 2020. Til saman vil det altså utgjera eit kutt på  100 millionar over to år. Det er klart etter at universitetsstyret i dag vedtok å utsetja renoveringa av Eilert Sundts hus til 2020. Summen er identisk med den som rektor Svein Stølen varsla om i Uniforum den 24. mai.

 • Les meir i Uniforum: – UiO må rekna med rammekutt på 100 millionar neste år

– Klokt å venta litt

Av dei som tok ordet, var det viktigaste argumentet at det var viktig for fakulteta og andre einingar å førebu seg på desse rammekutta. Ein av dei som heldt eit innlegg, var ekstern styrerepresentant Idar Kreutzer:

– Eg er også komfortabel med at me tar 30 + 70.  Me må sjå på samanhengen mellom ulike variablar. Derfor er det klokt å venta litt, sa han. Også representant for dei mellombels vitskaplege tilsette  Ingrid Lossius Falkum var einig.

– Eg støttar også utsetjinga av renoveringa av Eilert Sundts hus,  slo ho fast.

Representant for dei vitskaplege tilsette, Erling Sandmo syntest også det var ein god ídé.

– Eg støttar også det som Ingrid sa. Flate kutt skjer eit djupt felt  i økonomien til fakulteta. Og så går omstillingsløyvingar til bygningar, meinte han.  – No ja. Det går no fleire millionar til omstilling til HF kvart år, repliserte Svein Stølen.

– Må halda oss til det

Også studentrepresentant Kristine Berg Heggelund meinte det var rett å utsetja renoveringa av Eilert Sundts hus til 2020.

– Me slit med bygg. Om me skyv på denne bygningen, må me halda oss til det. Me må gjera noko med det. Eg vil støtta alternativ A med trykk på at det då må gjennomførast i 2020, understreka ho.

Ville ha med plan for effektivisering

I diskusjonen om årsplanen for 2019-2021 meinte også styrerepresentant Idar Kreutzer at det måtte vera naudsynt å krevja at einingane også måtte leggja inn ein plan for  effektivisering i det første punktet. Det lova UiO-rektor Svein Stølen at han skulle få til i det endelege vedtaket frå møtet i universitetsstyret.

Finansieringsplan

Det går  fram av budsjettdokumenta at UiO har nok pengar til å finansiera dei samla forpliktingane for 2019 på 220 millionar kroner. Universitetsdirektøren fekk i vedtaket gjennomslag for at dei blir finansierte på fylgjande måte:

- 130 mill. kroner i tilgjengelege midlar i 2019, av dette er 80 mill. kroner eittårige midlar

- 60 mill. kroner av den årlige avsetninga på 194 mill. kroner til Større Vedlikehald/Investeringar (SVI) vert omdisponerte for å redusera vedlikehaldsetterslepet .

5,6 milliardar

UiO reknar med å få ei løyving på rundt 5,6 milliardar kroner i statsbudsjettet for 2019. Det vil vera 2,1 prosent meir enn løyvinga på statsbudsjettet for 2018. Etter å ha rekna med ein samla lønns- og prisvekst på 2,4 prosent for 2019, vil det dermed seia at det blir ein realnedgang på 0,3 prosent.

Eit samla universitetsstyre vedtok både årsplanen for 2019-2021 og budsjettfordelinga for 2019.

Les om årsplanen og budsjettfordelinga her:

Les heile saklista til UiO-styret 

• Les også i Uniforum: UiO får truleg eit rammekutt på 74 millionar kroner

Emneord: Universitetspolitikk, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 19. juni 2018 15:39 - Sist endra 19. juni 2018 15:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere