Kva ein legg ut i sosiale media kan avgjera om ein er skikka eller ikkje

Ekstreme utsegner, upassande bilete eller bloggpostar om eiga helse kan vera med på å avgjera om ein student er skikka eller ikkje.

FRITIDA TEL: Det er ikkje berre det ein gjer i sjølve studiesituasjonen som kan få konsekvensar for om ein vert vurdert som skikka for eit yrke eller ikkje.

Foto: flickr.com/Twelvzim

205 studentar opplevde i 2017 at det vart gjort ei særskilt vurdering av om dei er skikka eller ikkje, skriv På Høyden. Som På Høyden har skrive er det krav til løpande skikkavurdering av studentar som utdannar seg til ein del yrke, særleg innan for helsevesenet og barnehage/skule. Dersom faglærar eller andre får mistanke om at studenten ikkje er skikka, det vil seia at det kan vera fare for tryggleik eller liv, fysisk eller psykisk helse, skal dei melda dette inn til utdanningsinstitusjonen.

48 varsel ved Oslomet

Oslomet, som heitte Høgskolen i Oslo og Akershus i fjor, fekk 48 varsel, som handla om 47 studentar. Totalt har universitetet nærare 12 000 studentar som studerer fag der det er krav til skikka-vurdering.

– Ei grov inndeling viser at ein tredel av dei som me får varsel om vert rettleia ut av studiet. Ein tredel tek rettleiinga dei får, og jobbar hardt. Den siste tredelen kallar eg ymse. Her finn me mellom anna saker som har trekt ut i tid, studentar som har permisjon eller som stryk på eksamen eller praksis.

Det seier Kari Kildahl. Ho er seniorrådgivar og institusjonsansvarleg for Oslomet.

Dei siste åra har det ferske universitetet hatt stort fokus på vurderingar knytt til om studentar er skikka eller ikkje.

– I rundskrivet som vart sendt ut frå Kunnskapsdepartementet hausten 2016 står det at studentane skal verta godt kjende med at det vert vurdert om dei er skikka eller ikkje. Hos oss har eg kontakt med alle fakulteta og tilbyr førelesing om emnet. Det har eg for nesten alle studentar, og der eg ikkje har det, er det nokon andre som gir studentane ei grundig innføring, seier Kildahl.

Forskrifta «Forskrift om skikkethet i høyere utdanning» vart skjerpa i 2016. I 2015 fekk norske utdanningsinstitusjonar inn 132 tvilsmeldingar. Det var ein auke på 40 prosent samanlikna med året før.

Rasisme og eiga helse

Professor Arne Tjølsen, institusjonsansvarleg ved UiB, sa til På Høyden at mange av meldingane om studentar ein vurderer som kanskje usikka handlar om kommunikasjon. Kildahl seier det same.

– Det kan vera kommunikasjon i praksis knytt til kollegaer, eller knytt til korleis ein snakkar til brukarar eller barn. Men det kan òg handla om korleis ein kommuniserer i sosiale medium, seier Kildahl.

Det er nemleg ikkje berre korleis ein kommuniserer eller kva ein gjer i sjølve studiesituasjonen som kan avgjera om ein er skikka eller ikkje. Kildahl seier at om lag halvparten av varsla Oslomet får kjem frå praksislærar. Ein fjerdedel kjem frå faglærar, medan den siste fjerdedelen kjem frå medstudentar. Medstudentane kan ikkje vera anonyme, men dei varslar likevel.

– Me får inn varsel om kva som er lagt ut på sosiale medium, og me får varsel om kva som er kommunisert til medstudentar via slike plattformer. Det kan vera rasistiske utsegner, det kan vera ekstreme utsegner knytt til religion eller politikk. Men me får òg meldingar om kva type bilete som vert lagt ut, og av og til får me melding om innhald på bloggar, mellom anna er det nokre som bloggar om si eiga helse, seier Kildahl.

– Korleis kan det ein legg ut i sosiale medium vera med på å avgjera om ein student er skikka?

– Dersom det vert lagt ut noko som kan gå ut over barn eller pasientar er dette noko me må ta omsyn til. Ein kan til dømes tenkja seg ein student som er ekstrem i synspunkta sine, og som heile tida snakkar om å frelsa andre eller påverka andre med sitt syn – og at dette er ein viktig motivasjon for å ta til dømes lærarutdanning. Vil denne personen vera skikka for å arbeida i ein skule eller barnehage?

Kildahl seier at mange slike saker løyser seg med utvida rettleiing i yrkesetiske retningslinjer. Ho understrekar at ho som institusjonsansvarleg ikkje har sendt saker vidare til skikkaheitsnemnda sidan 2015, men no jobbar ho med tre saker som skal verta sendt dit.

Haldning til barn

Også ved Dronning Mauds Minne Høgskole vert det no vurdert å senda saker til nemnda. Dette er første gong Inger Bakken, som har vore praksisansvarleg ved høgskulen sidan hausten 2016, er med på å førebu ei sak som skal handsamast der. Høgskulen utdannar barnehagelærarar og tilbyr òg masterutdanning og vidareutdanning, og har om lag 1400 studentar. Alle får vurdert om dei er skikka eller ikkje.

– Studentane får god informasjon om ordninga. Me har òg innført at når studentar stryk på praksis arrangerer me eit møte der me mellom anna vurderer om årsaka til at studenten stryk er at vedkomande ikkje er skikka.

Forskrifta for å vurdera skikkaheit i høgare utdanning har åtte punkt som særleg gjeld lærarutdanningar og spesialpedagogiske emne. Her står det at ein er usikka mellom anna dersom ein ikkje klarar å skapa eit miljø som tek omsyn til barn, unge og vaksne sin tryggleik, dersom ein viser manglande vilje eller evne til omsorg, dersom ein viser manglande vilje eller evne til å kommunisera med barn og unge og dersom ein viser truande eller krenkande åtferd i studiesituasjonen.

– Me får varsel knytt til alle desse punkta, men færrast handlar om truande eller krenkande åtferd. Mange varsel handlar om haldning til barn. Har studenten utfordringar med temperamentet? Korleis taklar ein pressa situasjonar, spør Bakken.

Ikkje berre unge studentar

Som ved Oslomet opplever Dronning Mauds Minne at medstudentar varslar når det er noko dei er uroa for. Det kan handla om kommunikasjons- og samarbeidsevner, det kan handla om handlingar og fusk, men det kan òg handla om noko som ikkje først og fremst har med studiekvardagen å gjera.

– Me får varsel om det som skjer mellom studentar på fritida. Anten er det medstudentar eller så er det andre som er nær den aktuelle studenten som varslar. Det kan til dømes vera varsel om uønska tilnærmingar eller det kan vera varsel om studentar som plar verta svært berusa, seier Bakken.

Ho er oppteken av at mange av studentane er unge – og kanskje umodne.

– Når me har ein samtale med dei, ser me at mange av studentane som vert underlagt ei særskilt skikka-vurdering får ein vekkar. Mange av dei er nok unge, usikre og ureflekterte. Me ser at nokre studentar sjølv, kanskje etter å ha stryke på praksis, tek ein pause frå studiet. Når dei kjem attende konkluderer dei sjølve med at dette kanskje ikkje var det rette for dei. Andre vert rettleia ut av studiet, men me er opptekne av at det skal skje på ein verdig måte, seier Bakken.

Men det er ikkje berre unge studentar som kan vera usikka, seier Kildahl ved Oslomet.

– Nokre av dei unge ser me at er eg-fokuserte og forhandlande, og overgangen frå å vera elev til å verta student kan vera vanskeleg for nokre. No kjem dei i ein situasjon der dei faktisk skal ta vare på andre. Når det gjeld dei vaksne studentane finn ein mange i den gruppa som har jobba lenge som ufaglærte innan det feltet dei no formelt utdannar seg til. Dette kan gjera at nokre av dei trur dei kan alt om faget. Dei framstår som arrogante og er rett og slett lite mottakelege for rettleiing, seier Kildahl.

Av Hilde Kristin Strand / På Høyden
Publisert 12. juni 2018 05:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere