Kjær leik viser fram kunstverk om homoseksualitet i Kina

I dag opnar utstillinga Kjær leik i Historisk museum. Den handlar om homofil kjærleik i Noreg, men også i Kina. – Kinas keisarar hadde forhold til menn heilt tilbake i romartida, fortel kurator Si Han.

30 BIDRAGSYTARAR:  – Det som de ser på denne utstillinga i Historisk museum er berre ein liten del av det som blei vist fram på hovudutstillinga Secret Love i Stockholm, seier Si Han. Han er kurator for den kinesiske delen av utstillinga Kjær Leik i Historisk museum.

Foto: Ola Sæther

I fjerde etasje i Historisk museum er det hektisk aktivitet torsdag ettermiddag. Tilsette frå Kulturhistorisk museum, utstillarar og kurator Si Han er i ferd med å setja dei siste fotografia og tekstane på plass før viserektor Åse Gornitzka ynskjer velkomen og Oslo-ordførar Marianne Borgen opnar utstillinga Kjær leik fredag 22. juni klokka 17.00. I utstillinga blir det vist bilete av homofil kjærleik i Kina, men også i Noreg.

I tillegg blir det også stilt ut dikt på ein vegg samtidig som ein kan høyra diktet bli lese opp i eit lydopptak. Den vil vera ein del av arrangementa under Pride-veka i Oslo, men den vil stå heilt fram til 27. august, opplyser utstillingskoordinator Tone Cecilie Karlgård ved Kulturhistorisk museum til Uniforum.  

Skeiv kjærleik blant kunstnarar i Kina

I år er Kina i fokus, og derfor har Kulturhistorisk museum henta inn Si Han frå Østasiatiska museet i Stockholm som kurator. Han står også bak den store utstillinga «Secret Love» som Kjær leik har mange bidrag frå. Temaet er skeiv kjærleik i Kina.

– I dei ti åra eg studerte kunst i Sverige, tenkte eg heile tida på kvar alle dei homofile kinesiske kunstnarane er blitt av. I 2009 var eg i Beijing på eit seminar om kinesisk samtidskunst. Då møtte eg ein kunstnar som var open homofil. Då eg kom tilbake til Sverige, fortalde eg det, og sa at eg ville gjerne tilbake til Kina og sjå om eg kunne finna fleire, og så kunne det bli ei utstilling til Pride-veka, fortel Si Han.

240 arbeid av 30 kunstnarar

Då han kom dit hadde han berre eit par namn på lista si. Etter ei stund hadde talet auka til fjorten. – Det blei ei overrasking for meg. Og til slutt klarte me å setja opp ei utstilling med 30 bidragsytarar og 240 ulike arbeid. Så det som de ser på denne utstillinga i Historisk museum er berre ein liten del av det som blei vist fram på hovudutstillinga Secret Love, seier Si Han.

 I Vesten trur mange at Kina er svært konservativt når det gjeld spørsmål om homoseksualitet. Slik er det ikkje lenger, skal me tru Si Han.

– Noko kapitalistisk frå Vesten

– Det er mykje meir ope i dag enn det var på 1960- og 1970-talet. Den gongen blei det sett på som noko kapitalistisk frå Vesten. Då var det også ulovleg heilt fram til slutten av 1990-talet. Det blei sett på som ein mental sjukdom og som umoralsk å ha sex med nokre av same kjønn. Sidan den gongen har utviklinga gått mange steg framover. Folk i Kina hadde ikkje dette negative synet på homoseksualitet i byrjinga, understrekar Si Han.

– Ingen religiøse tekstar som forbyr homoseksualitet

– I Kina var det ingen religiøse tekstar som forbaud kjærleik mellom personar av same kjønn, slik som tekstar både i Bibelen og i Koranen er blitt brukte i Vesten og i muslimske land. Mange kinesiske keisarar under Hen-dynastiet, som eksisterte samtidig med romartida, hadde heilt opne seksuelle forhold med andre menn. I dag er det litt blanda haldningar til homoseksualitet i Kina. Eg trur ungdommen er mykje meir open enn tidlegare generasjonar. Homoseksualitet blir også vist fram i filmar og i fjernsyn. Du kan seia at det blir tatt tre steg framover, og så eitt steg tilbake, slik som er tilfellet under dagens regjering i Kina, seier Si Han.  

Ein halv million besøkjande

No har kuratoren eit ynske om at publikum i Noreg skal få eit anna inntrykk av Kina.

– I Europa har over ein halv million personar sett utstillinga. No håpar eg at den vil opna eit vindauge for folk i Noreg om kva som går føre seg i Kina. Mange av desse kunstnarane har ikkje stått fram som homofile, medan andre heller ikkje er det. Kina er i endring. Kunstnarane er ikkje berre homofile kunstnarar, men sanne kunstnarar, understrekar Si Han.

Byrja med «Gay kids»

Tone Cecilie Karlgård er koordinator og leier arbeidet med å få opp utstillinga Kjær leik.  Ho gir fotograf Lill-Ann Chepstow-Lusty æra for at det har blitt ein tradisjon å ha ei eiga utstilling i Historisk museum i samband med Pride-veka i Oslo.

– Det heile byrja i 2009 med hennar fotoutstilling «Gay kids» . I tillegg kom Pride-rommet i jubileumsutstillinga i 2014, der ho var kurator og eg var koordinator og prosjektleiar. No har me fått selskapet Kunstplass til å organisera utstillinga frå i år og til og med 2020.

– Og korleis blei Kina eit tema?

– Det var ein kollega som såg fleire døme på  kinesisk homoerotisk papirkunst i Stockholm. Det viste seg at det var ein del av utstillinga Secret Love ved Østasiatiske museet. Då tok me kontakt med museet og kuratoren Si Han, og i desember fekk me ein avtale på plass som gjorde at me kunne bruka ein del av materialet derifrå på utstillinga Kjær leik her i Historisk museum, fortel Tone Cecilie Karlgård.

UTSTILLINGA KJÆR LEIK: Turistar frå Asia har allereie oppdaga utstillinga Kjær Leik i Historisk museum. Utstillinga viser mellom anna kunstverk av og om homofile kunstnarar i Kina. (Foto: Ola Sæther)

Stiller ut poesi

Også forfattaren Martine Ness Johansen er representert på utstillinga med diktet SWAG-bar.

– Tinginga var å laga ein tekst som kunne stå i samanheng med temaet for utstillinga. For meg var det då naturleg ikkje berre å visa fram teksten, men også å ta eit lydopptak. Derfor fekk eg med meg personar som kunne laga musikk til verket og andre som har laga ei grafisk framstilling av teksten, seier ho til Uniforum.  Og SWAG står for Secretly We Are Gay, legg ho til.

På  den andre sida av staden der diktet hennar er slått opp, står det ein installasjon som ser ut som fleire blomstersteikningar. Ved nærare observasjon, viser det seg at det er ulike tekstar som handlar om kjærleik. «It is too late to tell you», står det over ein av figurane. Kvinna bak er kunstnaren Sara Christensen. – Dette er noko universelt som alle menneske har opplevd, opplever eller kjem til å oppleva, seier ho.

Utstillinga Kjær leik opnar altså klokka 17.00 i ettermiddag, og den vil stå fram til og med 26. august.

Du kan lese meir om utstillinga på denne nettsida.

 

 

Emneord: Kina, Utstillinger, Kulturhistorisk museum, Kunst Av Martin Toft
Publisert 22. juni 2018 13:21 - Sist endra 22. juni 2018 14:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere