Går av som senterleiar for å bli supermentor

Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth går av som leiar for forskingssenteret CEES for å bli supermentor for yngre forskarar og andre på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

NY ARBEIDSPLASS: Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth får kontor i fakultetsadministrasjonen i Fysikkbygningen når han om kort tid blir supermentor for yngre forskartalent.

Foto: Ola Sæther

I meir enn ti år har biologiprofessor Nils Chr. Stenseth vore leiar for Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES)  ved Universitetet i Oslo. Senteret var eit senter for framifrå forsking frå 2007 til 2017, og held fram som eit senter og og ein seksjon ved Institutt for biovitskap, no som SFF-perioden er over. No trekkjer Stenseth seg som leiar etter å ha fått tilbod om nye arbeidsoppgåver for Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

Nils Chr. Stenseth

*
Fødd 1949. Professor i biologi. Leiar ved Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES). Tidlegare preses i Det norske vitskapsakademiet. Medlem av det franske, amerikanske og russiske vitskapsakademiet.

– Fakultetet ynskjer at eg skal bli ein fakultetsprofessor (faculty professor)  som skal støtta opp under yngre forskartalent til grunnleggjande og nyfikendriven forsking på høgt fagleg nivå.  Dei meiner at eg har ein god bakgrunn for å gjera det.  Eg ser fram til å jobba for å få yngre folk til å få tru på seg sjølve og hjelpa dei med å leggja forholda til rette for at dei skal kunna satsa på toppforsking, seier Nils Chr. Stenseth til Uniforum. 

– Døropnarar

Dermed vil Stenseth som om ein månad fyller 69 år, ha sikra seg vidare jobb ved Universitetet i Oslo fram til han i alle fall fyller 72 år.  Og no får han  halda fram med å praktisera noko han har brent for heile tida som forskar og leiar. 

– Grunnfilosofien min at me eldre forskarar skal vera døropnarar for dei yngre forskarane til den store verda der ute.  Etter det store internasjonale og nasjonale nettverket eg har fått både som forskar og som preses for Vitskapsakademiet, og som medlem i akademi i fleire andre land, trur eg det vil vera nyttig, seier han.  Og sjølv om han no får ein ny jobb med andre arbeidsoppgåver enn i dag, vil han ikkje skrinleggja forskinga. – Nei, eg vil ikkje leggja forskinga på hylla. Eg vil halda fram med å driva med forsking, men no vil dekan Morten Dæhlen vera min overordna, noko som også er naturleg sidan eg skal arbeida til det beste for alle forskingsmiljøa på fakultetet, ikkje berre for Institutt for biovitskap, slår han fast. 

Held fram som forskar

  – Ja, eg vil halda fram med pestforskinga og  forskinga på korleis artar kan utvikla seg både med og utan ytre påverknader.  Vil Darwins evolusjonsteori passa inn i slike omstende? Det har eg forska vidare på etter at eg første gong publiserte ein vitskapleg artikkel om dette fenomenet i 1984, fortel Stenseth. Når han forlet leiarjobben vil han få eit kontor i fakultetsadministrasjonen. Men han vil også halda fram med å ha kontor på senteret.

– For meg er det svært viktig å halda kontakten med forskingsmiljøet, understrekar han.

Direktørstillinga kan lysast ut internasjonalt

Førebels er det ikkje bestemt kven som skal erstatta han som leiar 

– Ein av dei som arbeider her blir førebels tilsett som interimleiar. Så blir det avgjort om stillinga som leiar skal lysast ut internasjonalt eller berre nasjonalt.  Ein ny leiar må fylgja sine eigne tankar og idear, og ikkje føla seg pressa til å føra vidare det eg har begynt på, meiner Nils Chr. Stenseth.  Sjølv om han ikkje vil kvila på sine laurbær er han stolt over det han og kollegaene hans har fått til på Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES).

– Ja det er eit godt varemerke. Og unge postdoktorar er gode ambassadørar for CEES. Det er fint at fakultetet ynskjer å bruka meg i ei oppgåve som tilretteleggjar for yngre forskarar,  konstaterer han. 

Heilt til slutt garanterer han ein ting. – Eg kjem til å halda fram med å delta i den forskingspolitiske debatten.

 

Emneord: Biologi, Arbeidsforhold, SFF - Senter for fremragende forskning Av Martin Toft
Publisert 28. juni 2018 12:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere