Nikolai Astrup: – Ei utviklingshandling på sitt aller beste

– Dette er resultatet av ein global innsats og ei utviklingshandling på sitt aller beste. Det sa bistandsminister Nikolai Astrup då han besøkte pionerane bak helseinformasjonssystemet DHIS2 på Institutt for informatikk i går.

PIONER: Informatikkprofessor Kristin Braa er ein av pionerane bak helseinformasjonssystemet DHIS2 ved Institutt for informatikk. I går fekk ho og dei andre forskarane besøk av bistandsminister Nikolai Astrup under ein internasjonal konferanse om e-helsesystemet. Visedekan Kristin Vinje ved MN-fakultetet var også på plass.

Foto: Ola Sæther

Bistandsminister Nikolai Astrup kom også for å gi ei helsing til dei 200 helseaktørane og helseinvestorane som denne veka deltar på ein internasjonal konferanse som professorane Kristin Braa og Jørn Braa  ved Institutt  for informatikk leier. Dei to er mellom forskarane som står bak verdas største  e-helsesystem DHIS2 som blir brukt av 67 utviklingsland over heile verda. Der har systemet gjort det enklare å samla inn og å bruka helsedata.  

Digitaliseringa fører til at papirskjema litt etter litt blir fasa ut, samtidig som IT gir betre kvalitet på innsamla data.  Det er også blitt langt enklare enn før å samla inn data og å utføra analysar før det blir tatt viktige avgjerder.  

I dag blir systemet brukt i kampen mot epidemiar og til innsamling av viktig helsedata.  Det brukar ein open kjeldekode og det er difor ikkje naudsynt å kjøpa dyre lisensar, går det fram av ei pressemelding frå Institutt for informatikk ved UiO.

I 2013 fekk syskenparet Kristin Braa og Jørn Braa saman med Sundeep Sanday UiOs innovasjonspris for pionerarbeidet dei hadde gjort med DHIS2.

  • Les meir i Uniforum: Livsviktig nyskaping

– Rett val

Bistandsminister Nikolai Astrup gav masse honnør til arbeidet som er blitt gjort for å utvikla dette helsedatasystemet.

– Og på 1990-talet blei det tatt eit val om å utvikla eit helseinformasjonssystem på Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo.  I dag ser me at det var eit heilt klart og rett val.  No er dette systemet i bruk i 67 land over heile verda. Det er blitt ein del av det nasjonale helsesystemet i mange av desse landa. Det har hatt ein så stor suksess at nokre land har brukt det same systemet til vassforsyning, til utdanning og til mattryggleik, peika han på.

– Stolte

–Me er svært stolte over at UiO er vert for DHIS2 og det pionerarbeidet som er gjort. Og me må dessverre vedgå at det ikkje er ei reint norsk produkt, for alle de som er her i dag har med dykkar tankar og hjarte vore med på å utvikla det. Dette er resultatet av ein global innsats.  Dette er ei utviklingshandling på sitt aller beste, sa Nikolai Astrup. 

Han viste til korleis eit slikt helseinformasjonssystem også passar inn i regjeringa sin bistandspolitikk.

– Noreg er ein gåvmild gjevar, men me har lite å gi samanlikna me kor mykje verda har behov for.  Derfor har me tenkt å konsentrera bidraga våre til bestemte område. Helse er eitt av dei. Helseinformasjonssystemet DHIS2 er eit viktig tiltak. I Noreg har Flyktninghjelpen brukt det systemet, trekte han fram.

80 millionar i året i eksterne bidrag

Sjølv om dette helseinformasjonsystemet i byrjinga sikta seg inn mot helsesektoren, er det no altså i bruk på område som vassforsyning, sanitær og hygiene, logistikk, utdanning og landbruk.  Både Norad, Folkehelseinstituttet, UiO, Unicef, PEPFAR, Gates Foundation, Verdas helseorganisasjon, vaksinasjonsprogrammet GAVI og mange fleire  har støtta arbeidet med vidareutvikling, gjennomføring og kapasitetsbygging knytt til DHIS2.  Til saman utgjer dei eksterne bidraga rundt 80 millionar kroner i året, ifylgje pressemeldinga frå Universitetet i Oslo. 

Statsråd Nikolai Astrup meinte det var ei god investering å satsa pengar på helse.

– Altfor lenge er helsetenester blitt sett på som ein økonomisk klamp om foten. I 1883 var Noreg framleis eit fattig land. Men det var faktisk det første landet i verda der gjennomsnittleg levealder hadde passert 50 år. Noreg har heile tida vore overtydd om og kjempa for at gode helsetenester skal vera tilgjengelege for alle i samfunnet.  God helse er nøkkelen for eit godt samfunn. Mange land har likevel  tenkt at det ikkje er økonomisk rekningssvarande å investera pengar i helse og i helsetilbod. Helseinformasjonssystemet DHIS2 forandrar alt dette. Folk får oversyn over helsetilboda og dei blir til slutt evaluerte.  Offentlege helsetilbod blir lettare synlege og tilgjengelege for folk flest. På den måten er den eit viktig driv mot den helsetenesta me verkeleg vil ha, understreka han.

MOTTAKING: Bistandsminister Nikolai Astrup blei tatt imot av informatikkprofessor Kristin Braa utanfor Kristen Nygaards hus.

– Lovar å støtta opp om utbygginga

Så viste Astrup til korleis Noreg har gjort det.

– Noreg har også heller låge kostnader, men kan likevel visa til gode resultat av satsinga på helse.Tidlegare såg aldri internasjonale investorar det som si oppgåva å setja pengar inn i helsetenesteprogram i utviklingsland. Denne regjeringa støttar FNs berekraftsmål og helsedekning for alle. Me ynskjer å bidra for å kunne gi ansvaret for helse til dei nasjonale regjeringane.  I dette arbeidet er helseinformasjonssystemet DHIS2  svært viktig.  Og me lovar å støtta opp om utbygginga, sa Nikolai Astrup.

 Han peika på kor viktig det er med statistikk og god finansiering.

– Framtida for gode helseinformasjonssystem ligg også i gode skattesystem.Teknologien driv utviklinga framover. Ting blir både billegare og lettare å få tak i enn før. Den største  revolusjonen dei siste 20 åra har utan tvil vore utviklinga av informasjonsteknologien og utbreiinga av mobiltelefonar over heile verda, konstaterte han.

Forskargruppa på  Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo har altså utvikla programmet sidan 1990-talet og det  kan brukast  på PC,  smarttelefon og som ei enkel SMS-løysing. Det fungerer også når internettsambandet er dårleg. Frå 1. desember 2017 ble Institutt for Informatikk ved UiO utpeika  som offisielt samarbeidssenter for Verdas helseorganisasjon (WHO).

 

Emneord: Utviklingsland, Utviklingshjelp, Helse, Internasjonalisering, Innovasjon Av Martin Toft
Publisert 20. juni 2018 10:38 - Sist endra 22. juni 2018 09:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere