- Håpar på demilitarisering av heile Korea-halvøya

– Både fjerning av atomvåpen og ei demilitarisering av Korea-halvøya der det i dag er to millionar soldatar, vil vera det viktigaste som kan skje. Det seier UiO-professor Vladimir Tikhonov 11 timar før toppmøtet mellom Donald Trump og Kim Jung-un startar i Singapore.

HISTORISK TOPPMØTE: USAs president Donald Trump og Nord-Koreas leiar Kim Jung-un møter kvarandre klokka tre natt til tysdag. Det blir første gong i historia ein amerikansk president møter den øvste leiaren i Nord-Korea.

Foto: Fox News Point/flickR

Klokka tre natt til tysdag 12. juni skal USAs president Donald Trump og Nord-Koreas leiar Kim Jung-un for første gong møta kvarandre ansikt til ansikt. Det er aller første gong ein amerikansk president møter den øvste politiske leiaren i Nord-Korea, sidan landet blei grunnlagt av Kim –il-Sung i 1948.

– Vil oppnå noko faren og bestefaren ikkje klarte

– For Kim Jung-un er det svært viktig å oppnå det verken faren hans eller bestefaren hans klarte, nemleg å få eit møte med USAs president, seier Vladimir Tikhonov. Han er professor i koreansk ved Universitetet i Oslo, og har interessert seg for det som skjer på Korea-halvøya sidan han var ung student ved universiteta i St. Petersburg og Moskva. I Russlands hovudstad tok han også doktorgrad ved Moskva statsuniversitet.  I heimlandet sitt  fann han seg ei sørkoreansk kone før han begynte  å forska på Kyunghee University i Sør-Korea. I 2000 blei han tilsett som førsteamanuensis i koreansk ved UiO. No er han altså professor i koreansk.

  • Les også i Uniforum: Hungersnaud gav tøvêr

– Forventar kort erklæring frå toppmøtet

For han er det svært spennande å fylgja med på det som skjer i forholdet mellom USA og Nord-Korea.  

– Nettopp derfor er det svært interessant å fylgja med på møtet mellom Donald Trump og Kim Jung-un. Eg forventar at det kjem ei kort erklæring frå møtet der det står litt om at Nord-Korea skal litt etter litt skal fjerna atomvåpen, samtidig som USA skal normalisera det politiske sambandet med Nord-Korea, forklarar han.

TOPPMØTE: UiO-professor Vladimir Tikhonov er spent før toppmøtet mellom Donald Trump og Kim Jung-un komande natt.

Tikhonov trur det kan få positive fylgjer for Nord-Korea. – Landets leiar er ute etter å få normalisert forholdet mellom Nord-Korea og andre land, slik at det kan bli ein integrert del av det internasjonale samfunnet.

– Kor lang tid vil det ta før Nord-Korea har fjerna atomvåpen og andre våpen på Korea-halvøya?

– Det vil sikkert ta mellom 15 og 20 år å få oppfylt innhaldet i ein eventuell avtale. For Nord-Korea spelar det også ei stor rolle at sanksjonane mot landet blir bygde ned. Det er det berre Tryggingsrådet i FN som kan vedta, men Nord-Koreas leiar håpar at landets skytshelgen og beskyttar, Kina vil sjå gjennom fingrane med dette og begynna å levera varer som landet sårt treng, trur Vladimir Tikhonov.  Sjølv meiner han at ein avtale er aller viktigast for det koreanske folket.

– I dag er det til saman to millionar soldatar på Koreahalvøya. Det er sjølvsagt altfor mange. Så det hadde vore flott for folk i Korea om det kunne ha skjedd ei demilitarisering og avvæpning av ein stor del av desse soldatane også. Det ville berre ha vore positivt, synest han.

Trur begge vil ha Nobels fredspris

Vladimir Tikhonov peikar på at både Donald Trump og Kim Jung-un også har personlege grunnar til å få i hamn ein avtale.

– Donald Trump har eit ynske om å få Nobels fredspris slik som USAs tidlegare president Barrack Obama har fått. Han er heile tida ute etter å gjera det betre enn Obama. Og eg trur også Nord-Koreas leiar Kim Jung-un har dei same fredsprisambisjonane. For sist det var tøvêr mellom Sør-Korea og Nord-Korea fekk Sør-Koreas dåverande president Nobels fredspris for å ha tatt initiativet til ein fredsprosess. No håpar Kim Jung-un at han også kan få Nobels fredspris for resultata av den diplomatiske tilnærminga mellom Nord-Korea og USA og mellom Sør-Korea og Nord-Korea, trur Vladimir Tikhonov.

Og komande natt skal han sitja oppe for å fylgja med på møtet mellom Donald Trump og Kim Jung-un.

– Ja, sjølvsagt.

Emneord: Korea, Fredsforskning, Asia, USA Av Martin Toft
Publisert 11. juni 2018 16:26 - Sist endra 11. juni 2018 16:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere