UiO-juristar medverka til at Theresa May måtte be om orsaking for bortføring

Storbritannias statsminister Theresa May kom 10. mai med ei orsaking til libyske opposisjonelle som blei arresterte av britisk etterretning i Thailand i 2004.  – Det viser at staten må ta rettsleg ansvar for det deira tenestemenn driv med i utlandet, meiner jussprofessor Mads Andenæs ved UiO. 

BIDRAG: – Eg må vedgå at det er morosamt å oppleva at statsminister Theresa May må koma med ei orsaking etter ein britisk høgsterettsdom, der eg og Eirik Bjørge med våre bidrag har spelt ei rolle, seier jussprofessor Mads Andenæs. Dommen seier at staten må ta rettsleg ansvar for det deira tenestemenn driv med i utlandet.

Foto: Martin Toft

Det var i januar i fjor ein dom i britisk høgsterett slo fast at arrestasjonen av dei libyske opposisjonelle, Abdul Hakim Belhaj og kona Fatima Boudchar i Thailand i 2004 og den etterfylgande bortføringa til Libya var brot på britisk lov nedteikna i Magna Carta. Den seier at ingen har rett til å bli utsett for vilkårleg fengsling utan lov og dom. 

Dette er saka:

2004: Gadaffi-motstandarane og ekteparet Abdul Hakim Belhaj og Fatima Boudchar blei arresterte av britisk etterretning i Bangkok i Thailand. Etter avhøyr blei dei to sende tilbake til Libya. Der måtte dei sitja seks år i Gadaffis fengsel og opplevde både tortur og umenneskeleg behandling

–Tony Blair kom på besøk kort tid etter og kalla Gadaffi ein viktig alliert i kampen mot internasjonal terrorisme.

2011: Gadaffis regime fall. Dei nye makthavarane fann bevis for at britisk etterretning hadde vore involvert i bortføringa av Belhaj og kona Boudchar.

2017: Britisk høgsterett slo fast at bortføring var brot på britisk lov.Juristar frå UiO var ekspertvitne. Ekteparet kunne derfor gå til sak mot britiske styremakter. Dei nekta å inngå forlik og kravde ei orsaking frå den britiske regjeringa.

2018: Ekteparet får ei djuptfølt orsaking frå statsminister Theresa May.

Domstolen viste til to FN-rapportar som jussprofessor Mads Andenæs ved UiO hadde ansvaret for som leiar for FNs komité mot vilkårleg fengsling. Den tidlegare doktorstudenten hans, Eirik Bjørge bidrog til FN-rapportane og leidde eit forskingsprosjekt i Oxford som rapportane byggjer på. I lag med FNs spesialrapportør mot tortur, professor Juan Mendes, intervenerte Mads Andenæs dessutan i den engelske Court of Appeal og i den britiske høgsteretten. Dei støtta ekteparet Balhajs advokatar i folkeretten og kunne med ein viss autoritet forklara kva praksis frå FN-organa innebar.

   • Les også i Uniforum: Britisk høgsterettsdom brukte bidrag frå norske juristar

– Eg må vedgå at det er morosamt å oppleva at statsminister Theresa May må koma med ei orsaking etter ein britisk høgsterettsdom, der Eirik Bjørge, som no er jussprofessor i Bristol, og eg med våre bidrag spelte ei lita, men viktig rolle i det endelege utfallet i saka. Konklusjonen er at staten er rettsleg ansvarleg for handlingar som tenestemennene deira driv på med i utlandet, anten dei arbeider for etterretningstenesta eller driv på med andre ting, seier Mads Andenæs til Uniforum.

Nekta å gå med på eit forlik

Dommen gav ekteparet rett til å gå til sak mot britiske styresmakter. Ekteparet Abdul Hakim Belhaj og Fatima Boudchar nekta  heile tida å gå med på eit forlik med britiske styresmakter før dei fekk ei orsaking frå regjeringa. No har ei orsaking kome frå statsminister Theresa May sjølv på vegner av den britiske regjeringa.  «Den britiske regjeringa trur på det som de har fortalt. Ingen av dykk skulle ha blitt behandla på denne måten.  Det var den britiske regjeringa sine handlingar som bidrog til dykkar arrestasjon, bortføring og liding. På vegner av Dronningas regjering, kjem eg med ei djuptfølt orsaking. Me er djupt såra og vonbrotne for den behandlinga de fekk og for den rolla me spelte i den. Den britiske regjeringa har fått mange lærepengar frå den perioden, skriv statsminister Theresa May i brevet til ekteparet.

Abdul Hakim Belhaj  fekk overlevert brevet frå den britiske ambassadøren rett før helga.  Han var svært nøgd med orsakinga.

– Etter seks år har rettferda vunne fram. Eit stort og verdig samfunn torturer ikkje, hjelper ikkje andre til å torturera,og når det blir gjort feil, aksepterer det dei og orsakar dei. Storbritannina har vendt ei feil gjerning til ei rett gjerning i dag, og på den måten sett eit døme som andre nasjonar kan fylgja, sa Belhah ifylgje den britiske avisa The Guardian.

Hjelpte Gadaffi med å arrestera opposisjonelle i Bangkok

Bakgrunnen for den historiske dommen frå januar i fjor og orsakinga til statsminister Theresa May denne månaden tar til i Thailand:

Ein opposisjonell av Libyas tidlegare diktator Moammar al-Gadaffi blei arrestert av britisk etterretning i Bangkok i 2004 og sendt tilbake til Libya. I seks år sat Abdul Hakim Belhaj og kona Fatima Boudchar i Gadaffis fengsel. Der blei dei utsette for tortur og anna umenneskeleg behandling, skriv den britiske avisa The Guardian. Kort tid etter kom statsminister Tony Blair på besøk til Libya. Då kalla han Gaddafi ein viktig alliert i kampen mot internasjonal terrorisme.

Om lag samtidig skreiv det britisk-nederlandske oljeselskapet Shell under ein avtale på 110 millionar pund om rett til å utvinna gassressursar i havet utanfor Libya. Etter at Gadaffis regime fall, fann dei nye makthavarane ein faks frå den britiske etterretningsvesenet på kontoret til Gadaffis utanriksminister og etterretningssjef Koussa, som stadfesta at den britiske etterretningsorganisasjonen MI6 hadde vore involvert i kidnappinga av Belhaj og kona Boudchar.

Kan skapa vanskar for kvinna Trump vil ha som CIA-direktør

Orsakinga frå statsminister Theresa May fører til at søkjelyset på alvor no blir retta mot Storbritannias tidlegare utanriksminister Jack Straw og MI6-sjefen Mark Allen. Politikarar frå alle dei politiske leirane krev no svar på kva rolle dei spelte i arrestasjonen og bortføringa.

Saka har også forgreiningar til USA. For kvinna som styrte CIA-kontoret i Thailand den gongen ekteparet Abdul Hakim Belhaj og Fatima Boudchar blei arresterte i Bangkok, var Gina Haspel. USAs president har handplukka henne til å bli den nye direktøren for CIA. Akkurat no må ho gå gjennom høyringar i det amerikanske senatet, før ho kan bli endeleg godkjent. 

No meiner britiske politikarar at historia om det libyske ekteparet kjem til å senda sjokkbylgjer gjennom Senatet i USA. Fatima Boudchar måtte nemleg måtte gjennom politiavhøyr og grov mishandling då ho sat i eit CIA-styrt fengsel i Bangkok. Den britiske justisministeren Jeremy Wright sa i Parlamentet at Storbritannia ikkje ville blanda seg inn i kven som skal bli den neste CIA-direktøren. Men han understreka samtidig at Storbritannia vill gi klarast moglege signal til sine allierte om kva standardar dei skal styra etter og kva det vil og ikkje vil akseptera, melder The Guardian.

– Ingen område skal ha unntak

– Det er heilt klart at alle statar må fylgja dei internasjonale menneskerettane vedtekne av FN i 1948. Ingen område skal ha unntak for dette, heller ikkje etter det som skjedde i USA den 11. september 2001, sjølv om det amerikanske statssystemet er prega av det i dag, understrekar Mads Andenæs. Han synest også det er heilt på sin plass at rolla Gina Haspel spelte som CIA-sjef i Thailand, blir granska. – Absolutt. Det er ei svært relevant sak å ta opp under høyringane i Senatet, slår han fast. 

Nytt FN-regelverk basert på arbeidet til UiO-juristar

Etter at han og Eirik Bjørge var ferdig med forskinga si om det arbeidet dei utførte når det galdt statleg bruk av tortur og vilkårleg fengsling utan lov og dom, har det skjedd ein del ting.  – Det blir eit nytt FN-regelverk på det området på grunnlag av det arbeidet me utførte. Det er me sjølvsagt svært nøgde med, spesielt når me minnest at dei britiske styresmaktene ikkje var spesielt glade for at me engasjerte oss i denne saka. Det er alltid mykje lettare å snakka om menneskerettsbrot i andre land. Og det gjeld også for oss her i Noreg, understrekar Mads Andenæs.

(Kjelder: Mads Andenæs, The Guardian, dokument frå The Supreme Court of the United Kingdom, Uniforum)

(Oppdatert 22.05.2018 klokka 12:12)

Emneord: Libya, Storbritannia, Menneskerettar, Juss Av Martin Toft
Publisert 18. mai 2018 14:37 - Sist endra 22. mai 2018 12:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere