Håkon Glørstad: – Kongeparet viste stor interesse for det planlagde Vikingtidsmuseet

– Eg håpar dette kan vera byrjinga på ein ny relasjon til Slottet. Det seier museumsdirektør Håkon Glørstad etter at  Kong Harald og Dronning Sonja besøkte Vikingskipshuset i dag, 15. mai klokka 15.15.

KONGELEG BESØK: Kong Harald og Dronning Sonja besøkte Vikiingskipshuset 15. mai. Her står dei framfor Osebergskipet. T.v. professor Jan Bill. Bak: museumsdirektør Håkon Glørstad, assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen, styreleiar Eilif Holte, og UiO-rektor Svein Stølen.

Foto: Ola Sæther

Kongeparet kom i den kongelege limousinen med registreringsnummer A 2, eskortert av to sivile politibilar. Etter at Kong Harald og Dronning Sonja var blitt helsa velkomne av UiO-rektor Svein Stølen, fylgde han dei  inn i Vikingskipshuset saman med museumsdirektør Håkon Glørstad, styreleiar for Kulturhistorisk museum Eilif Holte og assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen.  

Orienterte om det framtidige Vikingtidsmuseet

Vel inne i museet stansa dei rett framfor Noregs mest berømte vikingskip, Osebergskipet. Der fortalde professor Jan Bill i Arkeologisk seksjon ved Kulturhistorisk museum om både vikingskipa og om planane for det framtidige Vikingtidsmuseet som etter planen skal opna dørene for publikum mellom 2024 og 2025, dersom det kjem ei løyving til det store byggjeprosjektet i statsbudsjettet for 2019.  Etter at dei hadde gått opp heile babordsida av Osebergskipet, fekk dei den siste delen av foredraget til Jan Bill.

Såg vikingfilm

Då det var ferdig, stilte kongeparet seg rett framfor akterenden av Osebergskipet, slik at fotografane fekk dei bileta dei var ute etter. Så gjekk dei inn i den fløya som inneheld Tuneskipet. Der fekk dei sett filmen Vikingtiden lever, produsert av Storm Studios og finansiert med ei gåve frå Viking Cruises til museet. Då filmen var ferdig rundt fem minutt seinare, blei kongeparet tatt med rundt til montrane som inneheld både drakehovud, trekister og andre reiskapar frå Oseberg-utgravinga.  Resten av besøket fekk Kong Harald og Dronning Sonja gjennomføra utan at pressa var til stades.

– Viste stor interesse

Direktør for Kulturhistorisk museum, Håkon Glørstad var svært nøgd etter besøket.

– Det var flott å få Kong Harald og Dronning Sonja på besøk. Eg var glad for at dei ville besøkja Vikingskipshuset. Dei viste stor interesse for planane til det nye Vikingtidsmuseet som me planlegg å byggja.

– Fekk du mange spørsmål frå dei?

– Dei var veldig interesserte i arbeidet med sikringa av samlingane og flyttinga av skipa og problema med støvet. Dessutan ville dei også vita meir om korleis museet kan ta vare på tryggleiken til samlingane, og samtidig få utvikla eit nytt museum, seier Håkon Glørstad.

Håpar kongeparet tar med seg statsbesøk

No håpar han at kongeparet har tatt opp igjen ein gammal tradisjon.

– Det har tidlegare vore tradisjon at kongefamilien har tatt med seg statsbesøk til Vikingskipshuset. Det har ikkje skjedd sidan tidleg på 1990-talet. Eg håpar dette kan vera byrjinga på ein ny relasjon til Slottet og at dei også tar med seg statsbesøk hit i framtida. Dette er ein del av Noregs kulturarv og ikkje berre ein del av universitetet, og  det er difor flott å få vist det fram til dei som kjem på offisielt besøk til Noreg, synest museumsdirektøren.

KONGELEG MOTTAKING: UiO-rektor Svein Stølen tok imot Kong Harald og Dronning Sonja då dei kom til Vikingskipshuset på Bygdøy i ettermiddag. Med i velkomstkomiteen var også assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen, styreleiar Eilif Holte og direktør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum. (Foto: Ola Sæther)

Stengde for publikum i tre timar

Under besøket var museet stengt for publikum i tre timar. Men museet opna igjen klokka 17.00 og heldt ope heilt til klokka 19.00. Og dei som besøkte museet denne ettermiddagen fekk også gratis is og drikke i kiosken som kompensasjon for at dei måtte bruka ein del av dagen på å venta ute i solsteiken på å få koma inn i museet etter at det kongelege besøket var over. Det var Kulturhistorisk museum som sjølv spanderte varer frå kiosken på dei mest tolmodige turistane.   

 

Emneord: Vikingskipshuset, Vikingskipene, Kulturhistorisk museum, Kongelege besøk Av Martin Toft
Publisert 15. mai 2018 19:34 - Sist endra 16. mai 2018 12:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere