Kan bli streik i staten etter brot i lønnsforhandlingane

Natt til 29. april braut fagforeiningane Unio, YS-stat og LO-Stat lønnsforhandlingane med staten. Om meklinga ikkje fører fram, kan det bli streik i staten frå 24. mai.

350 STREIKA I 2012: I 2012 var 350 UiO-tilsette i streik. Her er streikevakter frå NTL og Parat utanfor Det odontologiske fakultetet: Frå venstre Janne Lea, Anne Ødegård og Håkon Størmer frå NTL. Deretter fylgjer Marianne Amundsen og Nils Petter Bergesen frå Parat. (Arkivfoto)  

Foto: Martin Toft

Meklinga i årets lønnsoppgjer mellom fagforeiningane i staten og staten tok til i dag, opplyser hovudtillitsvald Belinda Eikås Skjøstad i Forskarforbundet i ei melding til medlemane på Universitetet i Oslo. Etter planen skal meklinga avsluttast onsdag 23. mai kl. 24.00. Ein eventuell streik vil starta dagen etter. Det vil bli den første gongen UiO-tilsette streikar sidan 2012. Då blei 350 tilsette ved Universitetet i Oslo tatt ut i streik etter at lønnsforhandlingane med staten skar seg.

   • Les i Uniforum: 350 UiO-tilsette i streik

– Vil avskaffa både lønnstabell og lønnstrinn

Forskarforbundet ved UiO opplyser at dersom nokre av deira medlemar blir sette i beredskap, vil dei få melding om dette fire dagar før ein mogleg streik i staten kan starta opp.  Det er leiaren for Forskarforbundet, Petter Aaslestad, som er forhandlingsleiar for Unio stat.  I ei melding som er lagt ut på nettsidene til Unio forklarar han at bakgrunnen for at det blei brot i lønnsforhandlingane var at avstanden mellom partane var for stor:

– For det første fordi staten ynskte å avskaffa både lønnstabellen og lønnstrinna. Det kunne me ikkje godta, fordi det er viktige mekanismar for å sikra ei føreseieleg og rettferdig lønnsutvikling for medlemane våre. For det andre kunne me ikkje godta den økonomiske profilen i tilbodet frå staten. Det er avgjerande for oss å sikra kjøpekrafta til medlemane våre, og det blir vanskeleg viss ein for liten del av midlane blir fordelt sentralt, seier Petter Aaslestad. 

Ville fjerna seniordagane, ifylgje LO-Stat

LO-Stat er også svært misnøgd med tilbodet frå staten i lønnsforhandlingane.

Staten har kome med det som må karakteriserast som eit heilskapleg åtak på lønns- og arbeidsvilkåra våre, går det fram av ei utsegn på  nettsidene til NTL ved UiO. Det blir peika på at staten ynskjer at alle lønnstillegg skal forhandlast lokalt, noko LO-Stat ikkje er overraska over.  Dessutan blir det vist til at staten også vil fjerna dei seniordagane som tilsette over 62 år har rett til. Dei åtte første dagane skal bli moglege fridagar i staden for å vera noko som alle har rett til å få, medan dei siste fire fridagane som UiO-tilsette får, vil bli fjerna.

Også NTL trekkjer fram at staten ynskjer å fjerna både lønnstabell og lønnstrinn, og utrekningar av ansiennitet. I dei lokale forhandlingane skal arbeidsgjevar få auka styringsrett, ifylgje NTL ved UiO. Sjølv om Akademikarane var einige med staten om ei forenkling av lønnssystemet, er også lønnsoppgjeret for deira medlemar i staten gått til mekling, står det i ei melding på nettsidene til fagforeininga.

– Me jobba hardt for å inngå avtalar

Regjeringa meiner sjølv at dei har gjort det den har kunna for  få lønnsforhandlingane i hamn.

– Me jobba hardt for å inngå avtalar med alle dei fire hovudsamanslutningane i staten, men det lét seg ikkje gjera, sa kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i ei pressemelding like etter at brotet var eit faktum. I fylgje kommunal- og moderniseringsdepartementet måtte  partane gi opp å koma fram til ein avtale fordi dei var usamde om fordelinga av den disponible ramma i lønnsoppgjeret.   

– Regjeringa ynskjer å gi større handlingsrom og fleksibilitet til dei statlege verksemdene Det er ikkje formålstenleg at me sit i Oslo og detaljstyrer lønnsutviklinga for tilsette i barnevernet i Finnmark eller professorar i Bergen. Derfor er det viktig for staten at en stor del av ramma skal gå til lokal fordeling, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

No er altså alle dei fire hovudsamanslutningane i staten hos Riksmeklaren for å prøva å koma fram til ein avtale før fristen går ut ved midnatt den 23. mai.  

Emneord: Arbeidsforhold, Lønn/lønnsforhandlinger, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 2. mai 2018 14:44 - Sist endra 2. mai 2018 14:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere