Gjøril Songvoll blir sjef for Kirsten Flagstad-festivalen

Gjøril Songvoll er tilsett som sjef for Kirsten Flagstad-festivalen på Hamar. – Det gler eg meg stort til, seier kulturkonsulenten ved UiO til Uniforum.

FESTIVALSJEF: Kulturkonsulent Gjøril Songvoll tar permisjon frå Universitetet i Oslo for å bli sjef for Kirsten Flagstad-festivalen på Hamar.

Foto: Ola Sæther

Sjølv om ho no tar ein pause frå jobben som Lunsj med kultur-general og sekretær for Kultur- og velferdsutvalet ved UiO, kjem ho ikkje til å leggja inn årene for godt ved Universitetet i Oslo. 

– Nei, eg har fått permisjon frå 1. september for å gå over til 50 prosent-stillinga som festivalsjef for Kirsten Flagstad-festivalen i Hamar, understrekar ho.  

– Eg har trivest svært godt på UiO, legg ho til.

• Les også i Uniforum: Kulturentusiasten

• Les også i Uniforum: UiOs nye kulturarbeider

 – Meir mangfaldig

For henne er det viktig å visa at operasongaren Kirsten Flagstad også gjorde andre ting enn å vera ein framifrå tolkar av musikken til Richard Wagner.

– Ja, ho song operettar på Nationaltheatret. Og ho kom frå Hamar der også barndomsheimen hennar er blitt eit museum. Det rår eg alle til å besøkja.  På same måte kan det vera at festivalprogrammet også kan bli endå meir mangfaldig, varslar ho utan at ho lovar svært radikale endringar.

– Du går frå ei 100 prosent-stilling ved UiO til ei 50 prosent-stilling som sjef for Kirsten Flagstad-festivalen.  Kva skal du gjera på  resten av tida?

– Eg har mange andre jern i elden, som til dømes Oslo Operafestival  - opera til folket! Der har eg fått eit godt nettverk, og etter åra eg har vore på UiO har eg fått eit endå større nettverk der også. Det fine er at eg har vore i jobbar der eg har kunne gjera mange ulike ting, ikkje minst på Universitetet i Oslo. Så eg håpar det snart kjem ein person som kan fylgja opp kulturarbeidet på UiO, seier ho. 

Alle planar for hausten er klare

Gjøril Songvoll  har også vore leiar for UiO-festivalen i tillegg til å ha hatt ansvaret for Lunsj med kultur og Ung i Aulaen.

Den avtrappande kulturkonsulenten  er opptatt av at alle planar for hausten er lagde.

– Både Lunsj med kultur-programmet og Ung i Aulaen-programmet er sette opp heilt fram til jul, slår ho fast. 

• Les også i UniforumUiO-festivalen viser fram forskarar og artistar i Oslo sentrum

• Les også i Uniforum: Dyr innleidd lydteknikk truer arrangementer

– Fantastisk sjanse

Og det siste tilbodet synest ho UiO-tilsette godt kan nytta seg meir av.

– Alle dei tilsette ved Universitetet i Oslo får koma inn gratis for å høyra nokre av Noregs største unge musikktalent. Det er opplevingar som dei ikkje må lata gå frå seg. Samtidig er det ein fantastisk sjanse for dei unge musikarane til å spela i Universitetets aula, meiner ho. 

Etter at nyhendet om jobbskiftet først kom ut i Hamar Arbeiderblad i går, har ho slappa av i sommarvarmen i mai. 

– I dag ligg eg og solar meg i min eigen hage utan dårleg samvit, fortel ho.

Emneord: Kultur, Kulturelt mangfold, Musikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 30. mai 2018 14:05 - Sist endra 30. mai 2018 14:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere