Vil legge ned På Høyden

UiB-leiinga ønskjer å legge På Høyden-redaksjonen til Khrono, som i dag er eigd av OsloMet.

FORHANDLER: Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, er i forhandlingar med OsloMet. UiB-styret skal 31. mai ta opp saka om nedlegging av På Høyden. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Universitetet i Bergen (UiB), som er eigar av På Høyden, er i forhandlingar om å bli medeigar i Khrono, som er eigd av OsloMet – Storbyuniversitetet. Det melder På Høyden.

Det meste er uklart både når det gjeld eigarstruktur og redaksjonell organisering i eit nytt stor-Khrono, men redaksjonsleiinga vil etter alt å dømme ligge i Oslo.  Ifølgje rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, vil det vere «eit absolutt krav» at det framleis skal vere ein redaksjon i Bergen, som helst skal vere større enn i dag.

– Ta nasjonalt ansvar

– Vi ønskjer ønsker å ta større ansvar nasjonalt. Vi er også interessert i å ta vare på studentperspektivet i større grad, seier Olsen.

Etter det På Høyden forstår, er det i dag berre UiB og OsloMet som er i direkte forhandlingar om «nye Khrono». OsloMet gjekk i fjor ut til ei rad institusjonar i Universitets- og høgskolesektoren (UH) med invitasjon til å bli medeigar i Khrono. Dei fleste har takka nei, blant dei NTNU. Nokre er framleis avventande.

Leiinga ved UiB arbeider no med eit saksframlegg om nedlegging av På Høyden til møtet i universitetsstyret 31. mai.

Verken styret eller redaksjonen i På Høyden har blitt tatt med på råd i prosessen, som er eit initiativ frå OsloMet-rektor Curt Rice og Khrono-redaktør Tove Lie.

       •   Les også: Rektor vil heller ha nasjonal glans enn lokalt grums

– Styrke Khrono

På OsloMet er det direktør for avdeling Organisasjon og virksomhetsstyring og tidlegare kommunikasjonssjef, Tore Hansen, som leiar forhandlingane. Han vil ikkje seie noko om samtalane med UiB.

– Vi prøver å finne fleire som er interessert i vere med på å styrke Khrono som et nasjonalt organ for UH-sektoren, seier Hansen.

– Har du tankar om korleis dette skal organiserast, til dømes kor redaktøren skal sitje?

– Vi er i desse dagar i samtalar med dei som er interesserte, og det er difor unaturleg å kommentere innhaldet i desse samtalane no.

Det har ikkje lykkast På Høyden å få kommentar frå rektor ved OsloMet, Curt Rice.

Garanterer lokalt stoff

Dag Rune Olsen seier han vil garantere for at det framleis skal vere ein redaksjon i Bergen som driv kritisk journalistikk på sektoren, men også skriv om UiB lokalt.

– Kan det vere aktuelt å fristille dei tilsette?

– Nei, ingen skal fristillast, ingen fast tilsette skal måtte søke på jobbane sine på nytt. Dette er eit absolutt krav i forhandlingane. Vi vil ha fleire stillingar i Bergen som eit forhandlingskrav.

– Kva tenker du som rektor om verdien av eit redaksjonelt uavhengig organ som På Høyden?

– På Høyden fyller eit rom som er viktig, med lokalt stoff og som debattarena om UiB-forhold.

– Kva tenker du om at ein Bergen kan bli styrt av ein redaktør i Oslo?

– Kanskje kan det bli ei løysing med ein assisterande redaktør i Bergen. Men dette blir eit forhandlingsspørsmål, seier Olsen.

Artikkelen er først publisert hos På Høyden.

Emneord: Universitetet i Bergen, Journalistikk Av Njord V. Svendsen, På Høyden
Publisert 3. apr. 2018 10:01 - Sist endra 3. apr. 2018 10:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere