UiO ber om meir pengar til Vikingtidsmuseet

Universitetet i Oslo ber regjeringa om å tildela 11 millionar kroner ekstra til sikringsprosjektet ved Vikingtidsmuseet i revidert nasjonalbudsjett.

BER NYBØ OM PENGAR: UiO-leiinga har sendt eit brev til statsråd Iselin Nybø og ber regjeringa løyva 11 millionar kroner ekstra til sikringsprosjektet knytt til det nye Vikingtidsmuseet. Her står statsråden saman med prorektor Gro Bjørnerud Mo og museumsdirektør Håkon Glørstad.

Foto: Alv Reidar Dale

Den 15. mai vil finansminister Siv Jensen presentera innhaldet i revidert nasjonalbudsjett for 2018. Då håpar både rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe at ho har tatt omsyn til bøna deira om å gi ei ekstra løyving på 11 millionar kroner til sikringsprosjektet ved det planlagde Vikingtidsmuseet på Bygdøy.

I eit brev som dei to toppleiarane ved Universitetet i Oslo sende til statsråd for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø, den 13. mars, går det fram at dette er eit behov som Statsbygg allereie la inn som eit ynske til Kunnskapsdepartementet før regjeringa la fram budsjettforslaget for 2018. Løyvinga blei likevel ikkje gitt. Difor håpar dei at regjeringa no kan retta dette opp ved å tildela desse pengane i revidert nasjonalbudsjett for 2018.

Grunngjevinga for dette er at framdrifta i hovudprosjektet er avhengig av at arbeidet knytt til sikring held fram utan avbrot heilt fram til det nye museet kan opna for publikum. Det skal etter planen skje i 2023. Det blir dessutan peika på at på grunn av den manglande løyvinga i statsbudsjettet for 2018, er oppgåvene i sikringsprosjektet førte vidare på eit minimumsnivå med pengar frå budsjettet til Kulturhistorisk museum. Om ikkje regjeringa kjem med den naudsynte ekstraløyvinga, fryktar UiO-leiinga at verdifull kompetanse i viktige fagmiljø kan forsvinna til andre arbeidsoppdrag.

   • Les også i Uniforum: Krav om sykkeveg kan utsetja bygging av Vikingtidsmuseum

   • Les også i Uniforum: Frå vikingskipshus til vikingtidsmuseum

Pengar til talentprogram

UiO-rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe håpar også at regjeringa vil engasjera seg i eit prosjekt som skal få dei mest talentfulle studentane i realfag og humaniora til Universitetet i Oslo. Dei vil derfor at regjeringa legg inn fem millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett for å bidra til å finansiera utviklinga og utarbeiding av eit pilotprosjekt i bachelor honours-program i realfag og humaniora. Pengane skal gå til auka opptaksramme, faglege mentorar, felles samlingar og opprettinga av ein felles læringsarena, står det på «ynskelista» til UiO-leiinga. 

Meir forsking i rettsvitskap

Det siste punktet dei trekkjer fram, er den felles nasjonale satsinga på eit tematisk forskingsprogram i rettsvitskap. No ber dei regjeringa om å koma med eit signal i revidert nasjonalbudsjett om at dette forskingsprogrammet kan setjast i gang gjennom ei løyving i statsbudsjettet for 2019.

Universitetet i Oslo står saman med Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø om å fremja dette kravet. Det er difor laga eit utkast til forskingsprogram som dei har kalla for «Rettens transformasjoner» (Rettstrans). Dessutan vert det vist til at også Forskingsrådet har peika på behovet for å få fram relevante prosjekt i forskingssvake område i justis- og beredskapssektoren. UiO-leiinga trekkjer fram at dei har møtt stor velvilje for dette ynsket i Justis- og beredskapsdepartementet utan at det så langt har ført til pengeløyvingar.

Den 15. mai kjem altså svaret på om UiO-leiinga får ynskja sine oppfylte. 

 

 

Emneord: Vikingskipshuset, Vikingskipene, Universitetspolitikk, Studentforhold, Jus Av Martin Toft
Publisert 11. apr. 2018 12:37 - Sist endra 11. apr. 2018 12:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere