Det er altså Universitetet i Oslo som toppar statistikken med 6425,2 publiseringspoeng, tett fylgd av NTNU med 5185,1 publiseringspoeng. På tredjeplass kjem Universitetet i Bergen med 3145,6 publiseringspoeng. På dei neste plassane kjem Universitetet i Tromsø og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Av høgskulane er det den tidlegare Høgskolen i Oslo og Akershus, no OsloMet - Storbyuniversitetet, som skårar høgast med 960,5 publiseringspoeng.
Det viser den årlege statistikken over vitskaplege publikasjonar som Cristin i Kunnskapsdepartementets tenesteorgan offentleggjorde i dag. Til saman blei det altså publisert 25 033 vitskaplege artiklar, bøker og kapittel i fjor, noko som er 1441 fleire enn året før.
Fekk ingen publiseringspoeng
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo og Noregs musikkhøgskule har ikkje fått registrert eitt einaste publiseringspoeng på denne statistikken. Det har heller ikkje Kunsthøgskolen i Oslo.
BI gjer det betre enn NHH
Av dei private, vitskaplege høgskulane er det Handelshøyskolen BI som gjer det best med 419,1 publiseringspoeng. Den hardaste konkurrenten, Noregs handelshøgskule i Bergen, ligg litt etter, og hankar inn 110 færre poeng , heilt nøyaktig 309,1 publiseringspoeng.
Meir internasjonal publisering
– Det vert publisert meir, og det vert publisert meir internasjonalt. Dette er ei trend vi har sett heilt frå Cristin vart oppretta og vi fekk samla statistikk på dette, seier Marit Henningsen, fagleiar for Cristin-sekretariatet i Kunnskapsdepartementets tenesteorgan i ei pressemelding.
Frå 2015 har også universitet og høgskular fått ekstra utteljing for internasjonalt samarbeid. I 2016 auka delen av internasjonale publikasjonar litt meir enn åra før.
Kvart år må institusjonar innan universitet- og høgskulesektoren, forskingsinstituttsektoren og sjukehussektoren rapportere omfanget sitt av vitskaplege publikasjonar til Kunnskapsdepartementet (KD) og Helse- og omsorgsdepartementet (HOD). Dette vert grunnlaget for delar av deira løyving frå departementa.
Dette er statistikken frå dei offentlege og private utdanningsinstitusjonane:
(Kjelde: Norsk senter for forskingsdata)
Selvfølgelig har arkitektur- og designhøgskolen, musikkhøgskolen og (til og med) kunsthøgskolen fått poeng. Sjekk her: https://www.cristin.no/statistikk-og-rapporter/nvi-rapportering/nvi.html
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere