Eitt blått skilt for Kristine Bonnevie

Noregs første kvinnelege professor, Kristine Bonnevie er no blitt heidra med eit eige blått skilt frå Oslo Byes Vel. 

Foto: Ola Sæther

Dei blå skilta til Oslo Byes Vel fortel ei kort historie om menn og kvinner som har fått gater eller bygningar kalla opp etter seg i Oslo. Men Oslo Byes Vel ville gjerne ha fleire forslag på kvinner som hadde sett sitt preg på byen, og bad folk koma med forslag.  I løpet av få dagar kom det inn 16 namn på viktige kvinner. Åtte av dei blei plukka ut til å få namnet sitt på nye blå skilt rundt i Oslo.

Den 8. mars kunne Oslos ordførar, Marianne Borgen avduka desse banebrytande åtte kvinnene samtidig i Camillas hus i Parkveien 31. Dei blir altså alle heidra med ein omtale på slike blå skilt rundt om kring i byen, opplyste generalsekretær Ole Rikard Høisæther i Oslo Byes Vel.

Ei av dei var altså Kristine Bonnevie, biologiprofessoren som blei Noregs første kvinnelege professor, og som har gitt namn til bygningen som Institutt for biovitskap held til i, Kristine Bonnevies hus. Og det er nettopp på husveggen til denne bygningen, grandniesa  til Kristine Bonnevie, Tine Bonnevie Harbitz kunne avduka det blå heidersskiltet i går ettermiddag.

AVDUKING: Tine Bonnevie Harbitz kunne avduka det blå heidersskiltet  for grandtanta si, Kristine Bonnevie i går ettermiddag. (Foto: Ola Sæther)

Og utifrå informasjonen på det blå skiltet får me vita at Kristine Bonnevie (1872-1948) ikkje berre var Noregs første kvinnelege professor, men også sat i Oslo bystyre og var varamedlem til Stortinget. Ifylgje pensjonert biologiprofessor Inger Nordal hadde ho moderleg omsorg for studentane sine, sjølv om aldri blei mor sjølv. – Ho starta opp kantiner for studentane i Aulakjellaren og i Blindernkjellaren. Og under Den første verdskrigen kjøpte ho ein okse som ho selde vidare for å kunne kjøpa inn mat til studentane. Ho stod sjølv på kjøkkenet og laga maten, fortalde Inger Nordal før det var klart for avduking og inntak av kaker og kaffi. 

• Les meir om Kristine Bonnevie i Uniforum: På jakt etter tvillingfødsler

 

 

Emneord: Universitetshistorie, Biologi Av Martin Toft
Publisert 19. apr. 2018 15:02 - Sist endra 19. apr. 2018 15:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere