Varslarsaka: Krev 750 000 i oppreising frå Oslo universitetssykehus

Oslo universitetssykehus bør betala til saman 750 000 kroner for tort og svie for behandlinga av ein ung kvinneleg forskar som meiner ho varsla om dårleg arbeidsmiljø på eit laboratorium. Det krev advokat Ingvild Opøien på vegner av forskaren. Kravet blir avvist av advokaten til OUS, Arne Moland.

KREV ERSTATNING: Advokat Ingvild Opøien krev på vegner av ein ung kvinneleg forskar som meiner ho varsla om kritikkverdige forhold at retten pålegg Oslo universitetssykehus å betala 750 000 kroner i erstatning.Her står ho ved sidan av advokatkollega Eivind Tesaker.

Foto: Ola Sæther

For eitt år sidan tapte ein ung kvinneleg forskar ei sak i Oslo tingrett der ho skulda Oslo universitetssykehus for represaliar etter varsling om kritikkverdige forhold ved Vilhelm Magnus laboratorium. Forskaren anka avgjerda og i førre veke var saka opp i Borgarting lagmannsrett. Etter at dei fire første dagane i retten blei brukte til å høyra på vitne frå dei to motpartane, var det tid for sluttprosedyrar for forskaren sin advokat, Ingvild Opøien og advokat Arne Moland frå Oslo universitetssykehus.

     • Les også i Uniforum: Dommar meinte stipendiat hadde truga forskingsdekan etter vitnemål

     • Les også i Uniforum: Harde fronter i lagmannsretten mellom OUS og ung forsker

     • Les også i Uniforum: Varslersaken: Helse Sør-Øst-direktør refset OUS

– Varsling er vanskeleg

Først ut var Ingvild Opøien:

 – Varsling er vanskeleg. Me har hatt varslarreglane i ti år no, men det ligg knapt føre rettspraksis. Det skuldast ei historie der varslarar er blitt sette ned på, ikkje verdsette for den samfunnsnyttige oppgåva det er, men mistenkeleggjorde og vanskeleggjorde. Varslaren seier frå for å betra noko, ofte til sin næraste leiar. Leiaren er gjerne ansvarleg for dei kritikkverdige forholda, og tar kritikken negativt opp. Det er menneskeleg å plassera ansvaret bort frå ein sjølv og på varslaren. « Eg er ikkje ein å kritisera, du er problemet», sa Ingvild Opøien i innleiinga på prosedyren sin.

– Farleg å varsla

Så heldt ho fram med  å trekkja inn andre varslingssaker dekte av media i Noreg, der det i mange tilfelle hadde gått ille med varslaren. Ho viste til at mange av varslarane var blitt øydelagde etter varsling.

– Dei mister jobb, karrieren, får øydelagt økonomien, mister respekten frå kollegaer og eigen familie fordi dei står igjen som taparar. Det er farleg å varsla, risikoen er for stor. Fagforeiningar åtvarar medlemane sine mot å varsla. Det blir føreslått overfor politikarar å ta varsling ut av rettssystemet fordi retten ikkje tar gjengjeldaren, men varslaren, peika ho på.

– God taktikk som fungerer

Etter hennar meining prøver alle arbeidsgjevarar å fri seg frå varslinga, ved å hevda at varslaren er vanskeleg. 

– Det er ein god taktikk som fungerer. Det er alltid noko å finna på alle tilsette, som alltid har noko å tapa. Det kan blåsast opp i etterkant og å få vitne for ein arbeidsgjevar er sjeldan eit problem. Dei vil gjerne vera lojale mot arbeidsgjevaren sin. Det er eigennyttig, og så får dei presentert ein historie for arbeidsgjevar av varslaren med negativt forteikn, som blir sann. Retten skal ikkje moralisera. Det er ikkje oppgåva til retten. Retten skal fylgja prova. Det har ikkje tingretten gjort i saka vår. Den har moralisert framfor å setja varslinga inn i ein kontekst som er den saka som skal behandlast. Saka er ikkje varslaren, som er skulda for noko, men dei  tiltalar varslaren, ikkje for handlinga si, men for sin personlegdom, som ein person som får livet saumfara, og der alle kollegaer som har vore i kontakt med henne blir bedne om å gi henne negative karakteristikkar, understreka ho.  

Ingvild Opøien trekte også inn at alle epostar og sms-ar fram til tre og eit halvt år etter varslinga blir finkjemma med mål om å finna noko som er negativt.

– Eit karakterdrap

– Ei rekkje personar som ikkje ein gong hadde møtt varslaren før varsling, blir trekte inn og har fått all informasjon frå arbeidsgjevar om den vanskelege tilsette, og det er dei alle einige om. Dei har ei felles oppfatning, la ho til, og meinte at i ein slik situasjon var det vanskeleg å vita for varslaren kva ho skulle gjera.

– Eit slikt vanskeleg bilete av varslaren er i realiteten eit karakterdrap. Det naturlege er å forsvara seg og møta med ei rekkje vitne som har positive ting å seia. Me får varslarsaker i retten som set fokus vekk frå varsling til eigenskapar ved varslaren. Det er uverdig og farleg for ingen vil tora eller ynskja å varsla.

Les også: Dette mener Opøien om OUS’ valg av partsvitne for lagmannsretten

– Gode personreferansar frå Sverige

– Den unge forskaren har gode personreferansar frå Sverige, frå fire rettleiarar. Ingen av dei har trekt seg som vitne. Dei viser til henne som ein flink forskar som har skrive mange gode vitskaplege artiklar og at ho er eit godt menneske. To ingeniørar og ein sekretær frå laboratoriet der ho jobba, seier dei aldri var i konflikt med henne og at arbeidsmiljøet ikkje blei betre etter at ho slutta. Det har blitt verre. Det viser også  medarbeidarundersøkinga frå 2016.

– Forskaren er ukjent med reglar for norsk arbeidsliv og varslingsreglar. Ho er ikkje medviten om sin varslarfunksjon, men ho vil gjera ting betre for alle. Derfor varslar ho. Ho fortalde det til professor Jan Helge Solbakk og fleire andre. Ho fortalde det til forskar Jan Brinchman i 2014, og han trur at stipendiaten har varsla. Ho har varsla klinikkleiar Terje Rotwelt og Helse- og omsorgsdepartementet og fekk status som varslar der, og ho varsla også adm.dir. Bjørn Erikstein (ved Oslo universitetssykehus Red.merknad) og til Uniforum. Varslinga er forsvarleg, slo ho fast.  

Saman med advokatkollega Eivind Tesaker la ho fram eit oppreisingskrav på 750 000  kroner som  dei krev at OUS må betala. 300 000 kroner med fråtrekk av 60 000 kroner frå NAV, skal vera etterbetaling av lønn til den unge kvinnelege forskaren. 

– Inga varsling og ingen gjengjeldingar

Advokaten til Oslo universitetssykehus, Arne Moland avviste alle påstandar om at den unge kvinnelege forskaren var ein varslar.

– Saka gjeld om forskaren har varsla om kritikkverdige forhold ved Vilhelm Magnus- laboratoriet, og om det fell inn under ramma for Arbeidsmiljølova sin paragraf 2.4. Og så er spørsmålet om ei eventuell varsling har leidd til gjengjelding mot stipendiaten eller andre irregulære tiltak mot henne og som kan vera grunnlag for erstatning. Det er sjukehuset si oppfatning at det ikkje har funne stad ei varsling i samsvar med Arbeidsmiljølova sin paragraf 2.4., og  av det fylgjer at det heller ikkje er sett i gang tiltak mot stipendiaten som kan sjåast på som gjengjeldingar. Det er heller ikkje sett i verk andre irregulære tiltak mot henne, slo han fast.

 

Utfordringar ved arbeidsmiljøet

Arne Moland (på biletet saman med rettsmedhjelpar Anne Cathrine Røthe) vedgjekk at det var sett i verk åtgjerder mot henne.

– Men dei tiltaka som er sett i verk tilhøyrer arbeidsgjevaren sin styrings- og instruksjonsrett, konstaterte han.

Moland var derimot einig i at arbeidsmiljøet ikkje var særleg godt då stipendiaten kom til Vilhelm Magnus laboratoriet.

–  Det herskar ingen som helst tvil om at det var utfordringar ved arbeidsmiljøet ved dette laboratoriet knytt til enkelte personar i 2013. Dette har ingen relevans for retten sin vurdering om det har funne stad ei varsling som skal ha leidd til gjengjeldingar. Det eventuelle forholdet at leiinga for laboratoriet kan kritiserast for forhold som ikkje kan knytast til spørsmål om varsling eller etterfylgjande gjengjeldingar, har ingen relevans. Det einaste lagmannsretten her skal ta stilling til, er om forskaren har varsla etter Arbeidsmiljølova sin paragraf 2.4 og om det eventuelt har leidd til gjengjeldingar fordi dei mislikte innhaldet i ei eventuell varsling frå henne.

– Denne sida har late vera å koma med kollegaer av forskaren, som kan gi eit heilt anna røyndomsbilete og kan seia at dei var nøgde med arbeidsmiljøet. Om me hadde gjort det, ville det ha vore ei unødig vidløftiggjering av saka, sa Arne Moland. Han viste også til den store usemja mellom partane om kva som hadde skjedd mellom 1. mars 2012 og november 2014. Moland peika på at dei som kunne seia noko om det, var den unge, kvinnelege forskaren, direktøren for laboratoriet, og dei to andre kvinnelege tilsette ved laboratoriet som vitna i retten.

– Den unge forskaren lyg

Advokat Arne Moland førte også vidare sterke påstandar frå oppdragsgjevaren sin.

– Det er Oslo universitetssykehus si oppfatning at den unge kvinnelege forskaren lyg. Ho forklarar mellom anna at ho begynte på doktorgradsarbeidet sitt i 2014. Det er det prov på, er usant. Andre dokument viser at ho starta doktorgradsarbeidet sitt allereie i 2012. Der kan me visa til artikkelen hennar frå Stem Cells som blei levert inn i 2013. Det same gjeld for den godkjende masteroppgåva som blei levert inn i 2013. Eit anna punkt der OUS meiner stipendiaten lyg, er at ho avviser professor Farrukh Abbas Chaudrys skildring av hennar aggressive åtferd mot han i juli 2014. Denne sida meiner at det mest sannsynleg er Chaudry som snakkar sant. Når det kan konstaterast at ho lyg på desse punkta, kan me då leggja forklaringa hennar til grunn på andre punkt? Er ho truverdig? spurde han.

Moland bad retten om å avvisa alle påstandane frå ankemotparten. På vegner av Oslo universitetssykehus la han fram ei førebels rekning på rundt 300 000 kroner i sakskostnader. Oppreisingskravet mot Oslo universitetssykehus på 750 000 kroner, blei blankt avvist.

Dommen i saka vil først vera klar om fem veker.

Dette er dei påståtte gjengjeldingane som OUS og fleirtalet i Oslo tingrett tidlegare har avvist og som no var oppe til ny behandling i Borgarting lagmannsrett:

* Leiinga ved eninga der  forskaren tidlegare var tilsett, ville i gjengjeldingsformål ta frå forskaren deltaking som stipendiat i Helse Sør-Øst-prosjekt.
* Eininga forkorta i gjengjeldingsformål forskaren sin stipendiatperiode.
* Forskaren sin tidlegare hovudrettleiar og ein kollega destruerte i gjengjeldingsformål fem cellekulturar som tilhøyrde forskaren.
* Sentrale medarbeidarar ved eininga har med urett kravd medforfattarskap til forskaren sine artiklar.
* Sentrale medarbeidarar ved eininga og Nevrokirurgisk avdeling ville ikkje stå som bidragsytarar eller «affiliation» til ein artikkel utarbeidt av forskaren.
* Leiaren ved eininga gav forskaren svært korte arbeidskontraktar
* Framlegging av dobbeltpublisert artikkel i OUS’ prosesskrift til rettssaka.
* Avsluttinga av forskaren sitt arbeidsforhold.

Tingretten sitt mindretall meinte destruksjonen av cellekulturar var gjort i gjengjeldingsformål.

Påstand frå Oslo universitetssykehus ved advokat Arne Moland:

  1. Anken blir forkasta
  2. Forskaren dekkjer Oslo universitetssykehus sine sakskostnader for tingretten og lagmannsretten.

 

 

 

Emneord: Etikk, Medisin, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 12. mars 2018 23:00 - Sist endra 12. mars 2018 23:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere