Stephen Hawking døydde i natt

Verdas mest kjende vitskapsmann, fysikaren Stephen Hawking døydde i natt, 76 år gammal, melder BBC. Han døydde fredeleg i heimen sin i Cambridge.

VEKTLAUS: Her er Stephen Hawking i vektløs tilstand i 2007.

Foto: Her Foto: Jim Campbell, Aero-News Network, Wikimedia Commons)

Den britiske vitskapsmannen var berømt for arbeidet sitt om mørke hol og relativitet, og skreiv fleire populærvitskaplege bøker, mellom andre «A Brief History of Time.», melder BBC.

Då han var 22 år gammal, fekk han melding frå legen om at han berre hadde nokre få år att å leva etter at det viste seg at han leid av nervesjukdomen ALS amyotrofisk lateral sklerose, ein sjukdom ingen blir frisk av. Etter kvart førte sjukdomen til at han hamna i rullestol og måtte ha ei talemaskin for å kunne kommunisera med omverda.

I ein kommentar uttrykkjer dei tre barna hans, Lucy, Robert og Tim fylgjande:  « Me er svært sorgfulle for at den kjære faren vår er død.  Han var ein stor vitskapsmann og ein ekstraordinær person og arbeidet og prestasjonane hans vil leva vidare i mange år». Livet hans blei også til spelefilmen «The Theory of Everything».

Stephen Hawking var blei tilsett som «the Lucasian Professor of Mathematics» ved Cambridge i 1979. Det var den same stillinga som Isaac Newton også  ein gong hadde.  På slutten av 1990-talet fekk han tilbod om å bli adla, men ti år seinare avslørte han at han hadde takka nei  i protest mot  den britiske regjeringa si manglande finansiering av forsking.   I fjor sommar var han invitert til den internasjonale vitskapsfestivalen Starmus Trondheim. Men på grunn av dårleg helse måtte han takka nei, skreiv Universitetsavisa.

Emneord: Fysikk, Storbritannia
Publisert 14. mars 2018 16:12 - Sist endra 14. mars 2018 16:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere