Klinikkane blir ved Psykologisk institutt

Studentklinikkane for vaksne blir verande ved Psykologisk institutt. Det vedtok universitetsstyret i dag.

KLINIKKANE VERT VERANDE: Studentklinikkane for vaksne kjem til å halda fram med å halda hus på Psykologisk institutt. Det vedtok universitetsstyret i dag.

Foto: Ola Sæther

Studentklinikkane for vaksne blir altså framleis plasserte hos Psykologisk institutt. Det vedtok Universitetsstyret i dag. Det fylgjer dermed opp likelydende tilrådingar frå både instituttstyret og fakultetsstyret ved SV-fakultetet.  

Universitetsstyret sluttar seg til val av modell for klinikk og praksis ved Psykologisk institutt. Styret ber instituttet og fakultetet fylgja opp klinikkdrifta ved Psykologisk institutt og rapportera jamleg til universitetsleiinga.

Tidlegare har både styret ved Psykologisk institutt og fakultetsstyret ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet altså gått inn for å leggja alle studentklinikkane for vaksne internt på Psykologisk institutt. Når det gjeld Barne- og familieklinikken skal den halda fram med å driva som før i samarbeid med Nic Waals Institutt fram til det er gjennomført ei nærare organisering av denne klinikken.

Førte til uro

Det var eit forslag om å flytta klinikkane ut, samtidig som klinikkane blei stengde av UiO på grunn av dei ikkje blei drivne i samsvar med gjeldande lovverk, som førte til stor uro både blant studentar og tilsette på instituttet i oktober i fjor.

• Les  i Uniforum: UiO stenger klinikken ved Psykologisk institutt

Etter at ein intern rapport konkluderte med at Psykologisk institutt ville vera best tent med å ha klinikkane internt, har instituttleiar Pål Kraft og instituttstyret støtta tilrådinga. Det same har altså dekan Nils von der Fehr og fakultetsstyret ved SV-fakultetet gjort.

  • Les i Uniforum: Psykologisk institutt vil ha alle vaksenklinikkane på huset

Dermed har universitetsstyret fylgd innstillingane frå dei to underliggjande styringsinstansane. 

Emneord: Psykologi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 13. mars 2018 16:21 - Sist endra 13. mars 2018 16:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere