Dekanen og studentleiaren vil betra forholdet mellom jusstudentane og førelesarane

Bråket mellom jussprofessor Benedicte Høgberg og studentane hennar blir tatt opp på eit allmøte for alle jusstudentane og lærarar førstkomande tysdag klokka 12.00 og 13. Jussdekan Dag Michalsen og leiar for Studentparlamentet, Jens Lægreid arbeider begge for at forholdet mellom jusstudentane og førelesarane deira skal bli betre.

YNSKJER BETRE FORHOLD: Jussdekan Dag Michalsen og leiar for Studentparlamentet, Jens Lægreid vil arbeida for å få betre kjemi mellom jusstudentane og førelesarane deira.

Foto: Martin Toft

Før helga inviterte jussdekan Dag Michalsen leiaren for Studentparlamentet, Jens Lægreid til ein lengre samtale om kva dei i fellesskap kan gjera for å få eit betre forhold mellom studentane og førelesarane, prega av gjensidig respekt. Jussdekanen tok først tak i det som han synest det var viktig kom opp som eit tema i dette verbale slagsmålet mellom jussprofessor Benedikte M. Høgberg og studentane hennar:

Dette er saka:

I førre veke kom det fram at jussprofessor Benedikte M. Høgberg hadde byrja ei førelesing med ein tre minutt lang tale om alt som er gale med jusstudentane i dag. Ho nemnde både bortskjemte studentar, samlebandsuniversiteta og Jodel. Høgberg var svært opprørt over at studentane såg på universitetet som ein skule.

Innlegget førte til fleire sinte innlegg på jusskanalen til Jodel. Samtidig la mange også kommentarar under Facebook-innlegget til Benedikte M.Høgberg.

Tysdag 20. mars blir det allmøte for alle jusstudentane og lærarar på Det juridiske fakultetet der det verbale slagsmålet blir tema.

(Kjelder: Universitas, jussdekan Dag Michalsen og leiar for Studentparlamentet, Jens Lægreid)

– Benedikte M.Høgberg tok opp problemet med netthets, der den digitale plattforma Jodel blir brukt til å utveksla synspunkt anonymt om  det som går føre seg på fakultetet inkludert undervisning. Nokre av desse utsegna har vore av ein karakter som absolutt ikkje har vore bra. Nokre av det protesterte ho kraftig på, det slutta også studentane seg til og det gjer også fakultetet. Akkurat det er ikkje noko diskusjonstema for me er alle einige om at det ikkje skal eller bør skje. 

– Me bør finna andre former for å samtala med kvarandre både studentar og lærarar. Jodel ser ut som har ført til ei splitting mellom studentar og lærarar. Samtidig er det også eit signal på at fakultetet sin måte å snakka med studentar på ikkje er tilfredsstillande. Har me eigentleg gode nok samtalearenaer mellom studentar og lærarar mellom studentar og fakultet om pedagogiske utfordringar?  Det er noko som me på fakultetet tar innover oss. Me må også bli gode på dette. Og me har på trappene ein heilt ny form for digital tilbakemeldingssystem, Canvas, og me håpar at når det er på plass, vil me ha eit betre samtalearena mellom studentar og lærarar, seier Dag Michalsen.

Det handlar også om å ha respekt for studentane sin situasjon

– Kva kommentar har du til det, Jens Lægreid?

– Dag har ei god skildring av problema, og Jodel er nok berre eit symptom. Me må nok inn for å sjå på sjølve kjernen her. Det handlar om at studentar ikkje føler seg høyrde i visse situasjonar. Og dei føler at deira tilbakemeldingar blir det ikkje gjort noko med. Då er det jo ein dialog som må på plass, slik at ein får ut meiningane sin i ein konstruktiv arena, og der er jo Canvas ein kjempesjanse. Dessutan handlar det også om korleis dei oppfattar at desse tilbakemeldingane blir tatt hand om i etterkant mellom dei få hatske kommentarane, var det mykje diskusjon om pedagogikk og korleis ein føreles. Det handlar også om å ha respekt for studentane sin situasjon. Dei har ein samansett kvardag ved at dei både jobbar og studerer. Det er eit problem det må bli tatt tak i, og eit problem som absolutt blir tatt på alvor av dekanen, seier Jens Lægreid.

– Har det vore mangel på respekt mellom studentar og førelesarar i denne saka, Lægreid?

– Det blir vanskeleg å seia om det har vore det for ein utanforståande. Men det er nokre studentar som meiner dei ikkje er blitt behandla med respekt. Det er noko som må takast på alvor.

Det som var bra med det, var at det sette søkjelyset på Jodel

– Det er altså ikkje vanleg at førelesarar på juss, held lange tiradar om studentane sine, dekan Dag Michalsen?

– Det er såpass uvanleg at når det skjer, så blir det ei riksmediesak av det. Då ser me kor uvanleg det var. Det som var bra med det, var at det sette søkjelyset på Jodel, det sette søkjelyset på anonyme, digitale meldingar. Og det meiner eg fort kan bli ein utbreidd ukultur om ein ikkje gjer slike inngrep som Benedikte M. Høgberg gjorde. Lat oss vera veldig glade for at ho gjorde akkurat det.

Og Dag Michalsen held fram.

– Eg vil særleg nemna dette: Det som har vore sårande av det som har skjedd på Jodel er at det har ein litt kvinnefiendtleg haldning der særleg kvinnelege lærarar ved fakultetet vårt har kome dårleg ut. Og det har vore mange urette påstandar om at kvinnene er blitt kvoterte inn til lærarkorpset vårt. Det er heilt usant. Det finst ikkje ein einaste person blant våre 90 professorar og førsteamanuensar som er blitt kvoterte inn. Alle saman er tilsette etter omfattande konkurranse. Det er nok også ein dimensjon ved det, som har opprørt veldig mange. At det har hatt ein grad av kvinnefiendskap i seg. I dag er rundt 70 prosent av jusstudentane kvinner og mellom 35 til 36 prosent av dei vitskaplege tilsette er kvinner. Me må heile tida ynskja fleire kvinner til fakultetet vårt innanfor den ramma at det er like vilkår for tilsetjing. På det punktet der har eg vore ganske oppbrakt, fortel Dag Michalsen.

SAMTALE: Leiaren for Studentparlamentet, Jens Lægreid (t.v) og jussdekan Dag Michalsen fann ut at dei hadde behov for å ha ein samtale om kva dei i fellesskap kan gjera for å få til eit betre klima mellom jusstudentane og dei som underviser dei. No skal dei arbeida saman for å få det til. (Foto: Martin Toft)

Studentleiaren er einig med dekanen:

– Ja, det er heilt forkasteleg å påstå at kvinner er kvoterte inn fordi dei ikkje er dyktige nok. Det er overhovudet ikkje sant. Me kan ikkje gi dei som seier dette rett. Så vidt er har registrert er det tre slike kommentarar. I teorien kan det vera ein enkelt student. Me må ikkje gi denne personen så stor plass. Me kan ikkje svara på den kritikken ved ikkje å ta omsyn til det. Sjølvsagt skal me ikkje gløyma hatske ytringar, eller personar som kjem med slike ytringar, meiner Lægreid.

Dag Michalsen: – Me skal behandla kvarandre med respekt. Det er den overordna milestolpen for oss. Og av det fylgjer at universitetslærarar lyttar til studentar, forstår kvardagen til studentane. Å forstå at undervisning er eit fellesskapsprosjekt  med eit kollektivt ansvar for at den biten skal bli lettast mogleg. 

Dess betre relasjonar dei har til professorane sine, dess betre førelesingar vil dei få

Jens Lægreid: – Eg har ikkje halde førelesingar, men har absolutt stått framfor mange menneske. Ein faktor som må vera på plass er ein viss form for sjølvtillit og det å vera komfortabel i situasjonen. Og viss det er ein stor avstand og dårleg relasjon mellom studentane og professoren som gir denne førelesinga, så blir denne førelesinga aldri bra. Og der har begge eit ansvar. Eg vil seia at professoren er den profesjonelle parten her, så derfor ligg det eit større ansvar der. Men studentane kan likevel heller ikkje bli fråskrivne eit ansvar. Dess betre relasjonar dei har til professorane sine, dess betre førelesingar vil dei få. Så skal me i tillegg få pedagogisk opplæring gjennom Link, Senter for læring og utdanning, som skal kunna svara på ein del av desse utfordringane når det kjem til kommunikasjon student og professor i mellom..

Men Jens Lægreid etterlyser også eit anna digitalt hjelpemiddel.

– Studentar må jobba for å koma seg gjennom studiekvardagen. Det er tilnærma umogleg å vera student på studielån åleine. Sidan studentane må ha ein jobb må også studiekvardagen vera godt planlagt. Om ei førelesing blir flytta, så er det ikkje slik at studenten sit igjen på hybelen og er klar for å rykkja ut. Dei kan vera opptekne med andre ting. Då er det viktig at me har podkasting. Så dermed kan studenten gå på førelesing til rett tid, og om det ikkje skulle gå for ein student, så har dei høve til å høyra det igjen på ein podkast. Sjølv høyrer eg gjennom ei førelesingsrekkje på podkast før eg skal ta eksamen som ein repetisjon.  Det er mykje kunnskap som kan gjevast på ei førelesing som ein ikkje alltid får gjennom bøker.

Ved valet mellom fleire, vil me altså velja den som vil podkasta

–Ja, dette er eg heilt einig i, seier Dag Michalsen. – Fakultetet har også den offisielle politikken at podkast er bra, og me oppfordrar alle våre lærarar til å ha podkast, og når det blir avgjort kven som skal førelesa, blir det tatt omsyn til kven som podkastar og kven som ikkje gjer det. Me kan ikkje påleggja lærarane våre om å podkasta førelesingane sine, men eg vil seia at me har lagt ei tung forventing til at dei bør det. Ved valet mellom fleire, vil me altså velja den som vil podkasta. Det er ei retningslinje, ikkje eit pålegg, for det har me ikkje heimel til. På det området er nok dette fakultetet lenger framme enn mange av dei andre fakulteta.

Og Jens Lægreid sluttar seg til skrytet:

– Ja, eg er einig i at Det juridiske fakultetet er aller best på podkast. Samtidig er det også det fakultetet som har færrast undervisningstimar i løpet av ei veke, rundt åtte trur eg det er, medan studentane brukar 30 timar på eigenstudium på rettsvitskap. Det er dei studentane som les mest på eiga hand og får minst påfyll (input).Derfor er det så viktig at dei får den tilmålte tida, og om noko skulle skje, så er det viktig at dei kan høyra førelesinga på podkast. 

Dag Michalsen ynskjer også å understreka ein ting til:

– Det juridiske fakultetet legg stor vekt på pedagogikk. Det er nær samanheng mellom å kunna sitt fag og å kunna formidla dette  på ein interessant og forståeleg måte til studentar og andre. – Men eg må nok ein gong seia at fakultetet har det klårt dårlegaste forholdstal mellom lærarar og studentar på heile universitetet. Også det må studentane ha in mente.

For det me har sett tendensar til no, det tener ingen

Og Lægreid kjem me ei oppfordring: 

– No er det viktig at dekan Dag Michalsen og Det juridiske fakultetet gjer ein stor innsats for at studentane skal føla seg verdsette. For det me har sett tendensar til no, det tener ingen.

Det er eit nederlag for Det juridiske fakultetet at me har studentar som ikkje føler seg verdsette

Michalsen nikkar.

– Det er eit nederlag for Det juridiske fakultetet at me har studentar som ikkje føler seg verdsette. Trass alt er det jo etter rankingane Nordens beste juridiske fakultet. Men studentane må også bli flinkare til å koma til oss og fortelja kva dei vil. Me må ha ein felles arena der me kan møtast og få forpliktande svar, og det lovar eg å bidra til, seier jussdekanen.

Førstkomande tysdag klokka 12.00 til 13.00 blir det allmøte for alle studentane på Det juridiske fakultetet. Trur de at situasjonen mellom jussprofessor Benedicte Høgberg og studentane vil roa seg då?

– Det må ho og jusstudentane svara på, meiner Jens Lægreid.

– Ja, det meiner eg også, avsluttar jussdekanen.  

     • Les også i Uniforum: Benedikte M. Høgberg: – Eg er optimist

 

Emneord: Juss, Studentforhold, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 19. mars 2018 11:59 - Sist endra 19. mars 2018 13:36

 Det har vist seg at studentene ved fakultetet- og kanskje universitetet i sin helhet- gir utilbørlige kommentarer om forelesere. Vitner det ikke om  manglende respekt og dårlige holdningene blant studentene. Hvor kommer det fra?  Er det virkelig slik at ledelsen legitimerer denne praksis? Hvordan ivaretar dere foreleserne når det er snakk om hatske og ufine kommentarer ?

Jussdekan  Dag Michaelsen spør: " Har me eigentleg gode nok samtalearenaer mellom studentar og lærarar mellom studentar og fakultet om pedagogiske utfordringar?".  Det er vel ikke pedagogiske utfordringer som er saken, så hvorfor flyttes fokus over på forelesningen? Samtidig viser dekanen til "dette verbale slagsmålet mellom jussprofessor Benedikte M. Høgberg og studentane hennar" . Denne tilspissede karakteriseringen bidrar til å degradere den kvinnelige professor, for det var ikke et "verbalt slagsmål" overhodet..

Jens Lægreid flytter også fokus over på de kvinnelige foreleserne: "Ein faktor som må vera på plass er ein viss form for sjølvtillit og det å vera komfortabel i situasjonen. Og viss det er ein stor avstand og dårleg relasjon mellom studentane og professoren som gir denne førelesinga, så blir denne førelesinga aldri bra."

Saken er studentene og deres holdninger, mangel på respekt, følelsesmessige utbrudd, og  forfølgelser av kvinnelige forelesere. Og dere menn synes at kvinnelige forelesere må ha "sjøltillit". og dere mener å vite hva kvinnelige professorer  bør gjøre i sine forelesninger? Hvorfor gjør dere dette?  

Heidi Thorp Stakset

Og "Dag Michalsen ynskjer også å understreka ein ting til:

– Det juridiske fakultetet legg stor vekt på pedagogikk. Det er nær samanheng mellom å kunna sitt fag og å kunna formidla dette  på ein interessant og forståeleg måte til studentar og andre. –"

For det er det jo ikke, verken interessant eller forståelig? Er det noe rart at studentene nedvurderer kvinnelige forelesere ved juridisk fakultet?  Det ligger i språket,  og i holdningen, til og med i faktaboksen der det står: "I førre veke kom det fram at jussprofessor Benedikte M. Høgberg hadde byrja ei førelesing med ein tre minutt lang tale om alt som er gale med jusstudentane i dag.".

Det var ikke slik. Det var en subtil tale om rettsstaten og rettssubjektene.

 

Heidi Thorp Stakset

 

 

Heist@webid.uio.no - 19. mars 2018 18:54

Nå syntes jeg du tolker oss i verste mening. Det er helt greit å ha ulike syn på en sak, men jeg ønsker ikke å bli tillagt meninger. Jeg sa aldri at selvtillit var manglende hos særlig kvinnelige professorer. Jeg sa derimot at en viss form for selvtillit og det å være komfortabel med situasjonen er en viktig forutsetning for at jeg skal fungere godt foran en større forsamling. Det ligger ingen intenderte implikasjoner om at det særlig gjelder ett kjønn fra min side.

jensla@uio.no - 19. mars 2018 23:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere