Jussdekan Dag Michalsen: – Eg kan ikkje irettesetja folk heile tida

– Me kan kritisera netthetsen, men kan ikkje hindra at førelesarane seier ting. Det er ytringsfridom. Det understreka jussdekan Dag Michalsen på allmøtet til jusstudentane og lærarane i Frokostkjelleren i dag. Også studentane vil no parkera utsegnene til jussprofessor Benedikte M. Høgberg og sjå framover.

ALLMØTE: Både dekan Dag Michalsen og studiedekan Erling Hjelmeng stilte opp i debatt på allmøtet ved Det juridiske fakultetet. Der møtte dei  jusstudentane Rikke Skjørshammer Klafstad og Sigrid Østvik. Debattleiar var Maria Conradi (lengst til høgre).

Foto: Ola Sæther

Det var for rundt ti dagar sidan jussprofessor Benedikte M. Høgberg begynte ei førelesing med å koma med ein tre minutt lang tirade mot haldningane til dagens jusstudentar som ho meinte var bortskjemte og såg på universitetet som ein skule. Høgberg langa også ut mot det ho kalla for samlebandsuniversiteta og det sosiale mediet Jodel. Ho avslutta førelesinga med å kunngjera at ho ikkje ville leggja ut førelesingane sine på podkast på ei stund. Skjennepreika hennar skapte stort oppstyr mellom mange av jusstudentane som følte seg dårleg behandla.

Dette er saka:

Fredag 9. mars kom det fram at jussprofessor Benedikte M. Høgberg hadde byrja ei førelesing med ein tre minutt lang tale om alt som er gale med jusstudentane i dag. Ho nemnde både bortskjemte studentar, samlebandsuniversiteta og Jodel. Høgberg var svært opprørt over at studentane såg på universitetet som ein skule.

Innlegget førte til fleire sinte innlegg på jusskanalen til Jodel. Samtidig la mange også kommentarar under Facebook-innlegget til Benedikte M.Høgberg. Jussdekan Dag Michalsen og leiar for Studentparlamentet, Jens Lægreid har lova å arbeida saman for å betra forholdet mellom jusstudentane og førelesarane deira.

(Kjelder: Universitas og Uniforum)

Måndag kom jussdekan Dag Michalsen og leiar for Studentparlamentet, Jens Lægreid med ein felles lovnad om å arbeida i fellesskap for å betra forholdet mellom jusstudentane og lærarane deira. Tidlegare i dag var det allmøte på Det juridiske fakultetet der jussdekan Dag Michalsen og studiedekan Erling Hjelmeng stilte opp i ein debatt med Sigrid Østvik frå studentforeininga Congregatio Forensis og Rikke Skjørshammer Klafstad frå Juristforeininga. Maria Conradi frå Juridisk studentutval var debattleiar.

– Har mista tilliten

Rikke Skjørshammer Klaftstad tok først tak i førelesinga til jussprofessor Benedikte M. Høgberg:

– Mange har mista tilliten på grunn av denne førelesinga. Derfor er det rart at dekanatet har halde seg tyst. Mange personar  har skrive at dette fortener desse eplekjekke studentane.

– Har ytringsfridom

Jussdekan Dag Michalsen tykte studentane hadde overreagert.

– Studentane driv saka litt langt. Det er berre ein av førelesarane de viser til. Alle har si form. Me er ikkje ein skule, og derfor har me ei anna åtferd enn  det som er tilfellet på  ein vidaregåande skule. Kanskje dei nye studentane ikkje toler dette? Me kan gjerne kritisera netthetsen, men me kan altså ikkje hindra at førelesarane seier ting. Det er ytringsfridom. Det som fakultetet seier tel, og ikkje det som førelesarane seier til ei kvar tid, understreka han.

Sigrid Østvik syntest skjennepreika til jussprofessor Benedikte M. Høgberg ikkje hadde vore noko godt bidrag til å byggja opp tillit mellom studentane og førelesarane.
– Ei slik melding frå ein professor som me skal stilla faglege spørsmål til, blir litt øydelagt med ei slik haldning og slike kommentarar, slo ho fast.

 Jussdekan Dag Michalsen peika på at det kunne ikkje han gjera noko med. – Det er ytringsfridom. Oppgåva mi som dekan er ikkje å gå rundt og irettesetja folk heile tida. Me har sagt at tilbakemeldingssystemet ikkje er godt nok. Det er rart å leggja så stor vekt på utsegna frå ein professor. Om me skal tilbake til den utsegna heile tida, klarer me ikkje å gå vidare, var han overtydd om.

Og Sigrid Østvik var einig med han.

– Ja, eg er einig i at me kan parkera det no. Men det er ikkje lett å få studentane til å banka på døra, om det ikkje er tillit.

Debattleiar Maria Conradi meinte at Dag Michalsen hadde sagt at anonym netthets ikkje var greitt, men at han likevel hadde støtta det Benedikte M. Høgberg hadde sagt. Det avviste jussdekanen:

– Det eg sa var at eg var einig i kritikken av netthets. Eg tok ikkje stilling til andre ting av det ho sa.
Hovudregelen vår er at alle skal behandla kvarandre med respekt. Det har aldri vore betre studentar ved Det juridiske fakultetet enn i dag. Me kan parkera netthets, men må likevel snakka om det. Eg er glad for at Benedikte (Høgberg) tok det opp, understreka han.

Etterlyste kanal for tilbakemeldingar

Sigrid Østvik viste til kor usikre studentane er når det gjeld å gi tilbakemeldingar.

– I går sende me ut ei undersøking. Det var 260 som svara, og det som kom fram er at det er uklart for studentane kvar dei skal retta kritikk. Om det skjer på Jodel blir det plukka opp av fakultetet. Kvar skal dei melda frå om ting som kan bli betre?, spurde ho.

Rikke Skjørshammer Klafstad peika på at dei lenge har brukt anonyme meldingstenester:

– Det er ikkje noko nytt med anonyme nettprogram. Me sel bøker til kvarandre på den måten. Men det er eit problem når kritikk av ein fagperson kjem ut på det frie nettet.
– Er pedagogikk sirkus? spurde debattleiar Maria Conradi jussdekanen.

– Pedagogikk er ikkje sirkus, men heilt naudsynt for å få formidla kunnskap. Både regjering, UiO og andre målar bruken av pedagogikk hos oss. Me vil auka medvitet om kor viktig pedagogikken er. Heile studiesituasjonen er ein  pedagogisk situasjon. Difor koplar me oss til Link - Senter for læring og utdanning ved UiO.  

Høgberg tok feil

Klafstad ville også vita  om Dag Michalsen meiner at Høgberg tar feil når ho  seier at professorar ikkje treng ha pedagogiske  evner.

– Ja, om ho sa det, tok ho feil, svara jussdekanen.
– Fint å få eit så klart svar på det, meinte Østvik.

Studiedekan Erling Hjelmeng var opptatt av å gi honnør til studentane.

– Me er ekstremt stolte over studentane våre. I fellesskap kan me gjera ting endå betre. Det er ein låg terskel for å ta kontakt med førelesarane. Ta gjerne kontakt med førelesarane og ta med heile kollokviegruppa, var oppfordringa hans.

– Får på plass ei chatteteneste

Han peika også på at tilbakemeldingar gjennom spørjeskjema hadde fungert dårleg.

– Hausten 2016 starta me med digital evaluering gjennom ein pilot. Det fungerte dårleg på grunn av dysfunksjonaliteten i Fronter. No skal det leggjast inn i Canvas. Forslag om ting som ikkje fungerer bra, kan bli tatt omsyn til. Me håpar undervisningsdelen skal setjast høgare opp på agendaen gjennom medarbeidarsamtalar. I dag har me Si fra-systemet. No hamnar innlegga på mitt bord. Rett før påske får me på plass ei chatteteneste der studentane kan få svar på alle spørsmål om semesteroppgåva. Det er langt frå godt nok, for framleis  manglar me det generelle evalueringssystemet, vedgjekk studiedekan Erling Hjelmeng.

  • Les også i Uniforum: Dekanen og studentleiaren vil betra forholdet mellom jusstudentane og førelesarane

 • Les også i Uniforum: Benedikte M. Høgberg: – Eg er optimist 

 

 

 

Emneord: Juss, Studentforhold, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 20. mars 2018 22:48 - Sist endra 20. mars 2018 22:48

 

Det er svært spesielt at det arrangeres et allmøte der en foreleser er tema, og at en student er debattleder.

Professor Høgberg tok på seg oppgaven med å tale til studentene slik at de slutter med å baktale forelesere på Jodel, og skikker seg slik at de blir moralske, integrerte og selvstendige.. Så opplever hun selv å bli tema og baktalt på et allmøte arrangert av ledelsen ved fakultetet, og der ledelsen fraskriver seg styringen. Her har vi en situasjon der studenten er debattleder og setter dagorden og dekanene må forsvare seg.

Pedagogikk er et gresk ord som betyr «barn» og «oppdra», dannelse, følge. Det handler bla.om å instruere, men studentene vil ikke la seg instruere av foreleseren. De unnviker problemet Høgberg tok opp vedrørende de utilbørlige aktivitetene på jodel. Universitetet og skolen har lagt opp til kommentarfunksjoner om foreleserne som på sosiale medier, det fører til at studentene føler spenning ved å gi kommentarer om- og direktiver til eldre forelesere. Ledelsen hindrer også at studentene tar innover seg problemet ved at de arrangerer møte om foreleseren i stedet, og her er det heller ingen faglig, saklig ramme, og det mangler både moral og integritet ( «vi har ikke tillit») Det er svært spesielt.

 

Studiedekan Hjelmeng fremmer digitale systemer, og vi ser konsekvensen av dette når de går etter foreleserne sine: « No skal det leggjast inn i Canvas. Forslag om ting som ikkje fungerer bra, kan bli tatt omsyn til. Me håpar undervisningsdelen skal setjast høgare opp på agendaen gjennom medarbeidarsamtalar. I dag har me Si fra-systemet. No hamnar innlegga på mitt bord.»  Mye informasjon kan komme på avveie, og kan også misbrukes. Det kan være politisk motivert at ledelsen skyver studentene foran seg slik at de kan kontrollere ansatte, og dermed bidra til å så splittelse mellom studenter og forelesere. Allmøtet er et skoleeksempel i så måte.  

 

Heidi Thorp Stakset

Heist@webid.uio.no - 21. mars 2018 20:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere