Varslarsaka: Dommar meinte stipendiat hadde truga forskingsdekan etter vitnemål

Dommar Vibeke Løvold i Borgarting lagmannsrett bad denne veka om å protokollera trugsmål som ein ung kvinneleg stipendiat hadde sendt på epost til forskingsdekan Hilde Nebb etter ho hadde vitna mot henne i Oslo tingrett i fjor.– Det er straffbart å truga eit vitne, minna  ho om. Stipendiaten avviser skuldinga.

STRAFFBART: – Det er straffbart å truga eit vitne, sa dommar Vibeke Løvold i Borgarting lagmannsrett og ville ha protokollert at ein ung stipendiat hadde truga ein forskingsdekan etter vitnemålet i Oslo tingrett.

Foto: Ola Sæther

Det var i fjor den unge kvinnelege stipendiaten varsla om kritikkverdige forhold ved Oslo universitetssykehus og gjekk til sak i Oslo tingrett. Dommen gav henne ikkje medhald, men eit mindretal støtta henne på eit punkt i klagane ho kom med. Stipendiaten og advokaten hennar, Ingvild Opøien anka dommen inn for Borgarting lagmannsrett.

     • Les meir i Uniforum: Harde fronter i lagmannsretten

     • Les meir i Uniforum: Helse Sør-Øst-direktør refset OUS

Forskar med varslarsak mot OUS

* 2017: Ein kvinneleg forskar (35) tapte i Oslo tingrett etter å ha saksøkt Oslo universitetssykehus for angiveleg å ha blitt møtt med represaliar etter varsling. OUS avviste både at kvinna hadde varsla og at ho var blitt møtt med gjengjeldingar, og fekk medhald i dette av tingretten sitt fleirtal.
* Dommen påla kvinna å betala sakskostnadene på 477 726 kroner. Ho anka dommen.
* 2018: Denne veka har ankeforhandlinga gått føre seg i Borgarting lagmannsrett.(Kjelde: Uniforum)

Denne veka har stipendiaten møtt motparten frå Oslo universitetssykehus i ein rettssal i Borgarting lagmannsrett. Saka begynte på måndag og blei avslutta fredag ettermiddag. Tidlegare denne veka tok saka ei dramatisk vending, då lagdommar Vibeke Løvold bestemte å protokollera epost frå stipendiaten til forskingsdekan Hilde Nebb ved Det medisinske fakultetet på Universitetet i Oslo som trugsmål mot vitne, etter at ho hadde vitna mot henne i Oslo tingrett for vel eitt år sidan.

– Urettferdig

Hilde Nebb reagerte svært negativt då ho fekk desse epostane:

 – Eg synest dette var urettferdig av henne. Om eg ikkje hadde jobba så mykje for henne, så ville ho ikkje hatt doktorgrad i dag. Å senda meg epost om korleis eg ser ut, er ikkje bra, sa forskingsdekan Hilde Nebb i vitnemålet sitt mot den unge kvinnelege stipendiaten som har kome med det stipendiaten meiner er varsling om kritikkverdige forhold ved Oslo universitetssykehus.

– Handla ikkje om plaging og mobbing

Den siste dagen av rettssaka fekk også stipendiaten ordet for å forklara epostane til Hilde Nebb. – Dei handla ikkje om mobbing og plaging av Hilde Nebb. Eg blei sjokkert første gong eg høyrde henne. Ho spurde aldri meg om kva eg meinte. Ho sa at eg hadde drive med plagiat og var ein vanskeleg person. Det hadde ho aldri fortalt meg før, sa den unge kvinnelege stipendiaten i retten.

Gjennom vitnemåla til to andre unge kvinner som hadde jobba på Vilhelm Magnus laboratorium ved Oslo universitetssykehus, kom det fram at ho hadde hevda at ei av dei stod i ledtog med Satan, og var "the dirty girl of Vik-Mo".Vik-Mo er Einar Vik-Mo, laboratoriesjefen ved Vilhelm Magnus laboratorium ved OUS, som også var hovudrettleiar for stipendiaten til samarbeidet ikkje lenger fungerte.

– Høgrisikovarsling

Arbeidspsykolog Nils Sortland meinte at det ikkje var grunn til å ta desse uttrykka alvorleg.

– Stipendiaten har ein direkte stil og fortel ting slik som ho opplever at dei er. Når me nordmenn skal vera direkte, finn me det best å fortelja det i forkant, til dømes ved å seia " for å vera heilt ærleg. Eller som Vik-Mo uttrykkjer det i ein epost til stipendiaten 20. mai 2014: " Jeg må være direkte." Uttrykk som "Satan" og "dirty girl» er teikn på frustrasjon og uinteressante i ein slik samanheng, Derimot aukar hennar direkte stil det sannsynlege i at ho også snakkar sant når det gjeld varselet. Taparane så langt er stipendiaten og Vik-Mo, meinte Sortland.

Etter hans meining hadde stipendiaten drive med varsling med høg risiko:

– Om det blir varsla mot ein som er på eit høgare nivå, aukar konsekvensen for gjengjelding.. Ho har varsla om ein leiar for labben. Det er høgrisikovarsling. Den vanlegaste reaksjonen på eit slik varsel, er at det blir problematisert at det er eit varsel eller så går det på varslaren. Det hender ofte det blir utestenging. Rapportar viser at dei ikkje fungerer etterpå, får problem med å jobba og får psykososiale problem. Tilbakemeldinga seier ofte at det var feil av deg å varsla. Draumen hennar om å finna gåta på kreftkoden fall i grus. Det er umenneskeleg. Utruleg at ho klarte å få i hamn doktorgraden. Skuldast det andre? Ja, men mest skuldast det stipendiaten sjølv. Det er imponerande, sa arbeidspsykolog Nils Sortland, som var kalla inn som sakkunnig vitne av den unge kvinnelege stipendiaten sin advokat, Ingvild Opøien.

     • Les også: Dette mener Opøien om OUS’ valg av partsvitne for lagmannsretten

250 epostar

Både prodekan for forsking og innovasjon ved Det medisinske fakultetet ved UiO, Hilde Nebb og medisindekan Frode Vartdal var kalla inn som vitne i denne saka. Først ut var Hilde Nebb, som blei spurt ut av advokaten til Oslo universitetssykehus, Arne Moland. Nebb stadfesta at ho hadde vore godt inne i denne saka.

– Rolla mi i denne saka, som er svært ekstraordinær, og derfor har eg aldri gått inn i det faglege, men berre gått inn i organiseringa og arbeidsforholdet. Eg har hatt møte med både (Jan Helge) Solbakk og stipendiaten. Eg har fått mange epostar frå henne, til saman 250 epostar som er mellom henne og meg. Målet vårt var å få henne gjennom doktorgradsstudiet på ein god måte, fortalde ho.

– Eksepsjonelt

Etter hennar oppfatning var dette ei svært spesiell sak.

– Eg har hatt to til tre konfliktsaker i dei sju åra eg har vore forskingsdekan. Det hender rettleiar blir skifta ut av eige ynske. Det er eksepsjonelt å skifta rettleiar tre gonger, sa ho. 

Nebb tykte det hadde vore hardt å observera det som har hendt i denne saka.

– Det har vore tøft å sjå maktkampen frå begge sider. UiO tok tak i saka då me såg det var sjølvplagiering. Ho måtte då skriva det i ei forklaring i doktoravhandlinga si, peika ho på. 

Arne Moland ville då gjerne vita kva plagiatprogrammet viste om mastergraden i Ørebro og doktoravhandlinga.

– Det var 92 prosent likskap, svara Nebb.

Dekanen fekk vita om konflikten i 2015

Medisindekan Frode Vartdal fekk først høyra om konflikten i denne saka i 2015, opplyste han då han vitna i Borgarting lagmannsrett.

– Det skjer frå tid til anna. Det var krevjande å få sett saman ny komité med Joel Glover i spissen. Eg bad også forskingsdekan Hilde Nebb om å vera med. Det var takka vera henne at stipendiaten fekk sin doktorgrad. 

På spørsmål frå advokat Moland om forskingsombod Peter Kierulf og professor i medisinsk etikk, Jan Helge Solbakk hadde bidratt konstruktivt, svarte han slik:  

– Det er synd at dei ikkje brukte meir tid på å setja seg meir inn i saka. Om dei hadde prata meir med den andre parten, ville dei fått eit meir nyansert syn, og konflikten ville blitt dempa, meinte han.

– Utilbørleg

Medisindekanen kom også med eit konkret døme: – Solbakk skreiv til Einar Vikmo og refsa han. Zwart (leiaren for Nevroklinikken.Red.merk) skreiv at han syntest dette var utilbørleg. Eg skreiv til Solbakk at han ikkje hadde noka formell rolle i saka. Då fekk eg svar frå Solbakk om at det var utilbørleg av meg, sa Vartdal.

Då Moland spurte om han meinte det hadde skjedd noko utetisk på laboratoriet gav han eit klart svar:

– Nei ingenting tyda på det.

Advokat Opøien ville gjerne vita kva han meinte forskingsombod Peter Kierulf hadde gjort feil.

– Kierulf har hatt gode prosedyrar sidan han begynte i 2008. I 80 prosent av sakene har han gjort ein god jobb. I denne saka har han ikkje gjort det. Det handlar om dyrking av celler. Han burde ha oppsøkt dette forskingsmiljøet, meinte Vartdal.

– Kunne vore meir lydhøyr

Ein av dei andre som kom i vitneboksen, var leiaren og initiativtakaren til Vilhelm Magnus laboratorium, Iver Langmoen. Advokat Opøien ville gjerne vita korleis forholdet var mellom han og den kvinnelege stipendiaten.

– Eg synest at stipendiaten og eg hadde ein god tone heile vegen, svara han.

Langmoen vedgjekk likevel at det ikkje alltid var like enkelt.

– Når du er pH.d-stipendiat må du lytta til dine rettleiarar. Ho kunne ha vore meir lydhøyr.

Opøien ville gjerne vita meir om dagens forhold.

– Om du tar opp saker i systemet, blir det fort ei personalsak. Om ho hadde fylgt vårt råd, kunne ho disputert våren og hausten 2015. Då hadde ho vore ferdig og fått ein god jobb i USA. Om det hadde vore ei personalmappe på henne, hadde det ikkje vore særleg bra, sa han.

Langmoen avviste også at han hadde vore sint på henne.

– Eg har ikkje vore sint på henne.

– God jobb for stipendiaten

Forskings- og innovasjonsdirektør Erlend Smeland ved Oslo universitetssykehus (OUS) møtte også i vitneboksen. Han peika på at OUS hadde gjort ein god jobb for stipendiaten.

– Ho skulle få kreditt for doktorgradsarbeidet og andre artiklar. Difor forlengja me kontrakten og til slutt skulle ho få arbeida som gjesteforskar utan lønn. I dialog med Helse Sørøst kunne me gjera det. HR er inne. Stipendiat er ei mellombels stilling med formål å få doktorgrad. Forskar opparbeidar seg rettar. Det var viktig at ho ikkje fekk ei slik stilling. Mange held fram etterpå. Dei driv på med vidare arbeid. Difor gav me henne adgangskort, sa Smeland.

– Uakseptabel åtferd

Han kom også inn på ein uheldig episode i fjor på denne tida som involverte stipendiaten.

– Ho fekk tilgang på materiale frå ein pasient som var operert av kirurgen den same dagen med samtykke, som var skrive den same dagen. Sjølv om leiaren for den nye klinikken der ho var åtvara henne mot å bruka desse prøvane, gjorde ho det likevel. Då me fekk greie på det var .alle einige om at det var eit grovt brot på regelen om å godkjenna bruk av biologisk materiale i forkant.. Det var ei heilt uakseptabel åtferd, og ho fekk difor ikkje ha adgangskort lenger. Sjukehusdirektør Bjørn Erikstein sa med Kierulf og Solbakk til stades at dette ikkje er ein etisk måte å driva klinisk forsking på. Ingen protesterte. Me har heile tida prøvd å ta vare på stipendiaten med framandkulturell bakgrunn. Det meiner me at me har gjort etter beste evne, sa Smeland.

Siste dag i retten var fredag 9. mars. Då held advokatane for dei to partane kvar sine sluttprosedyrar. Uniforum kjem tilbake til dei i løpet av kort tid.

Emneord: Arbeidsforhold, OUS, Personalbehandling/politikk, Etikk Forskning Av Martin Toft
Publisert 10. mars 2018 02:05 - Sist endra 11. mars 2018 22:57

Vibeke Løvold er forutinntatt i sin tilnærming til saken, og det truer rettssikkerheten. Løvold trekker fram detaljer i en e-post, og stanser der. Hun tillater seg  endog å gi den kvinnelige forskeren en moralistisk pekefinger. Forskeren- som har et svært høyt faglig nivå-  og fullførte doktorgrad under ytterst kummerlige forhold- får altså her en irettesettelse mens saken pågår. Det får derimot ikke gjengen som gikk fysisk til verks og ødela stipendiatens cellekulturer.  

Heist@webid.uio.no - 14. mars 2018 00:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere