Seksuell trakassering eit hovudpunkt i handlingsplanen for likestilling ved UiO

UiO skal auka innsatsen for å førebyggja seksuell trakassering og annan trakassering. Det er eitt av fire hovudmål i forslaget til handlingsplan for likestilling, kjønnsbalanse og mangfald. I morgon kjem den opp i universitetsstyret. 

VEDTAR HANDLINGSPLAN: Universitetsstyret ved UiO skal mellom anna vedta ny handlingsplan for likestilling, kjønnsbalanse og mangfald på møtet tysdag 6. februar.

Foto: Ola Sæther

Men det er ikkje berre seksuell trakassering og anna trakassering som får ein sentral plass i forslaget til ny handlingsplan. Dei andre hovudmåla er at UiO vil auka kvinnedelen i vitskaplege stillingar og i vitskaplege leiarstillingar. Målet er å gå frå dagens 39,2 prosent til 40 prosent frå 2018 til 2020 som er perioden handlingsplanen skal gjelda for. Arbeidet med mangfald ved UiO skal også styrkjast. Samtidig er eit anna hovudmål å betre kjønnsbalansen i alle studieprogramma. Til saman skal UiO bruka 6,5 millionar kroner til dette arbeidet, om universitetsstyret vedtar forslaget.

Merittering

Universitetsstyret skal også ta stilling til merittering av utdanningsfagleg kompetanse. Ei eiga arbeidsgruppe blir føreslått oppretta under leiing av teologidekan Aud Tønnessen. Gruppa skal få mandat til å koma med framlegg til modellar for eit system for merittering ved UiO. Målet er at den endelege modellen for merittering skal vedtakast i universitetsstyret i februar 2019.

Sensorrettleing

Universitetsstyret skal i tillegg ta stilling til ei sak om sensorrettleiing.  Dei skal vurdera og eventuelt vedta eit rammeverk for sensorrettleiingar ved UiO. Rammeverket er føreslått av ei arbeidsgruppe leidd av dekan Sten Ludvigsen ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet. 

Utdanning og internasjonalisering

Både saka om merittering og saka om sensorrettleiing heng saman med diskusjonssaka "En langsiktig og framtidsrettet satsing på utdanning ved UiO". I bakgrunnsnotatet for saka går det fram at framlegget til utdanningssatsing er basert på innspel og diskusjonar i UiOs utdanningskomité og har styrking av koplinga mellom forsking og utdanning som hovudtema. Utdanningssatsinga skal også inn som ein del av arbeidet med å sy saman ein ny strategisk plan for UiO. Det arbeidet tar til på styreseminaret i september. 

Internasjonalisering skal også diskuterast av medlemane i universitetsstyret i morgon. Emna som skal takast opp er auka engasjement i EUs rammeprogram for forsking (Horisont 2020), fleire UiO-studentar på utveksling, tiltak for styrking av samarbeid med Kina i samband med temaet "Fokus Øst-Asia 2018-2020",UiOs deltaking i The Guild of European Research-Intensive Universities og UiOs deltaking i utanlandssentra. Universitetsstyret skal mellom anna drøfta korleis UiO kan få mest effekt av dei ressursane som blir brukte til internasjonalisering.

Skal drøfta personalpolitikk

Personalpolitikken til UiO kjem også opp som ei diskusjonssak på morgondagens møte. Rektoratet ynskjer å prioritera dei fire områda rekruttering, karrierepolitikk, likestilling og mangfald og å vera tilsett i mellombelse stillingar (midlertidighet). Universitetsstyret skal diskutera vidare arbeid med personalpolitikken og dei prioriterte områda, særleg temaet om å arbeida i mellombelse stillingar ved UiO.

Studentombodet ved UiO skal også leggja fram årsrapporten for 2017. Og visjonen om Kunnskapshovudstaden Oslo, kjem også opp som ei diskusjonssak.

Møtet begynner klokka 10.00 i Professorboligen i sentrum, og heile møtet blir strøymt her av UiO.

Dette er heile sakslista for møtet i universitetsstyret:

Møte nr. 1/2018 i universitetsstyret

Tid og sted: Møte nr. 1/2018 i universitetsstyret 6. feb. 2018 10:00 - 18:00, Professorboligen, Karl Johans gate 47

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden


V-SAK 2 Godkjenning av protokoll fra møte nr. 7/2017

Protokoll godkjent på sirkulasjon.

Saksdokumenter:


Saker til behandling i åpent møte

Diskusjonssaker


D-SAK 1 Kunnskapshovedstaden Oslo - målsettinger og prioriteringer

Saksnr.

Saksdokumenter:


D-SAK 2 En langsiktig og framtidsrettet satsing på utdanning ved UiO

Saksnr. 2018/1222

Saksdokumenter:


Vedtakssaker


V-SAK 3 Oppnevning av Arbeidsgruppe om merittering av utdanningsfaglig kompetanse

Saksnr. 2018/1189

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret slutter seg til at det oppnevnes en arbeidsgruppe for merittering med mandat og sammensetning i tråd med forslaget.

Saksnr.

Saksdokumenter:


V-SAK 4 Sensorveiledninger ved Universitetet i Oslo

Saksnr.2018/1190

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret slutter seg til anbefalingene fra arbeidsgruppen for sensorveiledninger.

Saksdokumenter:


Diskusjonssaker


D-SAK 3 Internasjonalisering - prioriteringer 2018-2020

Saksnr.

Saksdokumenter:


Vedtakssaker


V-SAK 5 Handlingsplan for likestilling, kjønnsbalanse og mangfold 2018-2020

Saksnr.

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret vedtar handlingsplan for likestilling, kjønnsbalanse og mangfold 2018-2020 i samsvar med forslaget som er fremlagt.

Saksdokumenter:


Diskusjonssaker


D-SAK 4 Personalpolitikk - prioriterte arbeidsområder og tiltak

Saksnr.

Saksdokumenter:


D-SAK 5 Tildelingsbrev 2018 fra Kunnskapsdepartementet

Saksnr. 2017/1151

Saksdokumenter:


Orienteringssaker


O-SAK 2 Årsplan 2019-2021 og fordeling 2019 - orientering om prosess

Saksnr. 2018/593

Saksdokumenter:


O-SAK 3 Studentombudets årsrapport for 2017

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 4 Årshjul for styresaker

Saksnr. 2014/2322

Saksdokumenter:


O-SAK 5 Orienteringer fra universitetsdirektøren

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 6 Eventuelt

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Undervisning, Likestilling, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 5. feb. 2018 17:22 - Sist endra 5. feb. 2018 17:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere