Skandalekirurgen Paolo Macchiarini klagar NRK inn for Pressas faglege utval (PFU)

Den italienske kirurgen Paolo Macchiarini har klaga NRK inn for Pressas faglege utval etter påstandar i  den svenske dokumentarserien "Experimenten." NRK avviser innhaldet i klaga.

KLAGE TIL PFU: Skandalekirurgen Paolo Macchiarini har klaga NRK inn for Pressas faglege utval for påstandar mot han i dokumentarserien "Experimenten" produsert av SVT.

Foto: Karolinska Instituttet

Det var i januar 2016 dokumentaren "Experimenten" blei vist i Sveriges Televisjon. Over eitt år seinare, i april 2017, blei dokumentarserien vist på NRK.

Programserien viste korleis kirurgen Paolo Macchiarini, som då var tilsett ved Karolinska Institutet i Stockholm, hadde operert inn sine eigenproduserte luftrøyr i plast i åtte

Fakta om Paolo Macchiarini-saka:

Hausten 2010: Paolo Macchiarini blei tilsett som gjesteprofessor. 
2011-2012: Tre pasientar får operert inn kunstige luftrøyr på Karolinska Institutet (KI). I november 2011 publiserer Macchiarini ein artikkel i The Lancet.
2012: Macchiarini blir skulda for økonomisk utpressing av pasientar i Italia.
2012: Den første pasienten som har fått eit syntetisk luftrøyr dør. Den neste døyr i 2014, den tredje er framleis på intensivavdeling.
2013: Macchiarini startar kliniske studiar i Russland, utan først å ha forsøk på dyr.
2014: Ein belgisk forskar rapporterer Macchiarini for å vera ureieleg  og for forskningsfusk.
Sommaren 2014: Fire legar ved Karolinska universitetssjukhus leverer to uromeldingar om mistanke om ikkje å ha drive med ærleg vitskapleg spel.

2015
Mars: Etikkrådet ved KI avgjer at dei sakene som den belgiske forskaren melde, er av epistemologisk snarare enn av forskingsetisk slag.
Mai: Den eksterne granskaren Bengt Gerdin konkluderer med at Macchiarini er skuldig i forskingsfusk i artiklane dei fire legane rapporterte.
August: KI avviser Gerdins rapport, og seier dei har tillit til Macchiarini.
November: Paolo Macchiarinis kontrakt blir fornya til 30. november 2016.

2016:
Januar: Dokumentarserien Experimenten blir sendt på SVT.
1. februar: Etter at magasinet Vanity Fair omtalte saken, vedgår KI at det er feil i Macchiarinis CV, men meiner at det ikkje er alvorleg nok til å seia han opp.
4.februar: Styret ved KI set i gang ei ekstern undersøking. Rektor får fornya tillit.
7.februar: Urban Lendahl, sekretær for Nobelkomiteen ved KI, går av.
13. februar: Rektor Anders Hamsten kunngjer at han går av. Han seier at KI vil gå Macchiarinis arbeid nærare etter i saumane.
13. februar: Fire professorar frå Nobelforsamlinga på KI tar permisjon frå Nobelkomiteen så lenge Macchiarini blir etterforska 
22. februar: Forskingsdekan Hans-Gustaf Ljunggren og viserektor Jan Carlstedt-Duke trekkjer seg.
23. mars: Macchiarini blir sagt opp frå KI.
21. april: Regjeringa erstattar fleire medlemar i KIs styre. Eksterne styremedlemar kjem til.
22. april: Dei fire overlegane leverer ei ny melding til KI, der dei skuldar Macchiarini for å ha manipulert bilete  i ein artikkel.

21. desember: Paolo Macchiarini og tre av medforfattarane hans er skuldige i forskingsfusk, konkluderer Karolinska Institutet.

2017:

19. mars: Yesim Cetir døyr på sjukehus i USA. Dermed er den siste av pasientane som fekk syntetiske luftrøyr av Paolo Macchiarini på Karolinska Institutet (KI) i Sverige død.

22. mai: Paolo Macchiarini får ikkje lenger støtte frå Russland til utvikling av syntetiske luftrøyr.

12. oktober: Den svenske påtalemakta bestemmer seg for å leggja til side etterforskinga mot Paolo Macchiarini.

Kjelder: Bladet Forskningsetikk, Uniforum, Universitetsavisa, På Høyden, Karolinska Institutet, Åklagarmyndigheten i Sverige, Khrono og forskning.no)

pasientar som hadde fått defekte luftrøyr på grunn av forskjellige lidingar. Funna i dokumentaren førte til Paolo Macchiarini fekk sparken frå jobben som kirurg ved Karolinska Institutet, samtidig som også dåverande rektor ved Karolinska Institutet måtte trekkja seg. Også fleire av medlemane i komiteen for Nobelprisen i medisin måtte gå etter opplysningar som kom fram i dokumentaren. 

No står også programmet på sakslista til Pressas faglege utval når dei møtest i neste veke.  I klagen sin viser

Paolo Macchiarini til at dokumentaren har brote fleire viktige prinsipp i Ver Varsam-plakaten:

• 3.7, om å gjengi meiningsinnhaldet i uttalar og sitera presist

• 4.1, om saklegheit og omtanke

• 4.2, om å skilja fakta og kommentar

• 4.5, om føerhandsdom

• 4.13, om å retta feil

• 4.14, om samtidig imøtegåing

• 4.15, om tilsvar

NRK svarar på klagen og avviser at dei og dei programansvarlege ved Sveriges Televisjon(SVT) har gjort noko kritikkverdig.  I saksdokumentet frå Pressas faglege utval opplyser NRK at det er Sveriges Televisjon (SVT) som står bak dokumentaren. Den blei send på SVT i januar 2016. NRK opplyser også at dokumentaren førte til ein stor debatt i Sverige om etikken i eksperimentell behandling, og undersøkingar og etterforskingar som har fått store konsekvensar. Det blir også peika på at Paolo Macchiarini ikkje har levert inn ein klage direkte til SVT. Derimot har han levert inn tre klager på dokumentaren til  Granskningsnamden i Sverige, og den har ikkje funne grunn til å gi klagene full behandling, går det fram av tilsvaret frå NRK.

Dette er dokumentasjonen som kjem på bordet til Pressas faglege utval.

Klagen skal handsamast av Pressas faglege utval tysdag 23. januar.

    • Les meir om Paolo Macchiarini i Uniforum:

Paolo Macchiarini er skuldig i forskingsfusk

Mannen som tok Macchiarini i fusk: - En kræsjtest for systemet

Påtalemakta i Sverige legg bort etterforskinga av skandalekirurgen Paolo Macchiarini

Skandaleforskeren Macchiarini mister støtten i Russland

Nå er alle Macchiarinis strupe-pasienter fra Karolinska døde

Slik skal Karolinska gjenreise sitt akademiske omdømme

Hard kritikk mot Karolinska Institutet

"Burde ikke vært ansatt"

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Medisin, Sverige, Etikk, forskningsetikk Av Martin Toft
Publisert 19. jan. 2018 13:55 - Sist endra 19. jan. 2018 14:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere