Rettsaka mot Isthar Gözaydin vart utsett på nytt

I dag venta vinnaren av UiOs menneskerettspris 2017 Isthar Gözaydin at domstolen i Istanbul skulle ta ei avgjerd i rettssaka mot henne. Retten bestemte derimot at saka skulle utsetjast til 31. januar.

HÅPAR: Isthar Gözaydin håpar saka mot henne vil enda godt, sjølv om retten i dag bestemte å utsetja saka til 31. januar.

Foto: Ola Sæther

– Eg håpar at det som er bra endar bra, seier juristen og sosiologen Isthar Gözaydin til Uniforum like etter at det er avgjort at rettssaka mot henne er blitt utsett til den 31. januar.  Etter det ho opplyser til Uniforum, bad retten om meir tid.  Rettsaka var sist oppe fredag 12. januar. Då fekk påtalemakta medhald frå dommarane i at dei hadde behov for meir tid til å setja seg inn i saka. Dei mangla mellom anna ein digital rapport, som for dei var svært viktig. 

   • Les meir i Uniforum: Utsette rettssak mot vinnaren av UiOs menneskerettspris Isthar Gözaydin

Isthar Gözaydin er skulda for å vera medlem av ein ulovleg væpna terrororganisasjon. Ho mista også jobben som professor og instituttleiar på Sosiologisk institutt ved Gediz University i Izmir i juli 2016 etter at ho hadde støtta og sendt vidare ei twittermelding som oppfordra folk til å gå imot gjeninnføring av dødsstraff i Tyrkia. Ho var også varetektsfengsla i Izmir i tre månader vinteren 2017.Forsvarane hennar viser til at skuldingane mot henne byggjer på vitneprov frå ein student og ein uidentifisert person. Utan desse vitnemåla har ikkje påtalemakta noko sak mot henne, peika dei på i rettssalen fredag 12. desember. 

Uniforum vil halda fram med å oppdatera lesarane våre om denne saka.

  • Les også i Uniforum: Isthar Gözaydin skålte for menneskerettsprisen frå Tyrkia

                                         Menneskerettsprisen gav meg truverdet tilbake

                                         Tyrkiske Isthar Gözaydin får UiOs menneskerettspris - Kan få 15 år i fengsel

 

 

Av Martin Toft
Publisert 17. jan. 2018 17:43 - Sist endra 17. jan. 2018 17:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere