Iselin Nybø blir ny minister for forsking og høgare utdanning

Iselin Nybø frå Venstre blei hos Kongen i statsråd i dag utnemnt som ny minister for forsking og høgare utdanning. – Me vil ynskja henne lykke til, seier UiO-rektor Svein Stølen.

GAMMAL OG NY STATSRÅD:: Nyutnemnt minister for forsking og høgare utdanning Iselin Nybø frå Venstre stod ved sida av forgjengaren sin Torbjørn Røe Isaksen (H) då den utvida regjeringa viste seg fram på Slottsplassen i ettermiddag.

Foto: Ola Sæther

Venstre-politikaren Iselin Nybø var ein dei tre nye statsrådane frå Venstre som kom ut på Slottsplassen i ettermiddag etter det ekstraordinære statsrådet der den blåblå-regjeringa til Erna Solberg, blei blåblågrøn med Venstre på laget. 

Iselin Nybø (36) var vald inn som stortingsrepresentant frå Rogaland og sat fire år som nestleiar i Stortingets Kyrkje-, utdannings- og forskingskomité. Ho blei ikkje attvald under stortingsvalet i haust.  No har ho altså kome tilbake som minister for forsking og høgare utdanning. Dermed overtar ho etter Torbjørn Røe Isaksen (H) som statsråd for universiteta, høgskulane og dei andre forskingsinstitusjonane.Torbjørn Røe Isaksen går ikkje ut av regjeringa, men han overtar posten som næringsminister etter Monica Mæland. 

– Ser fram til å samarbeida

UiO-rektor Svein Stølen er ein av dei som har fylgd med på statsrådsskiftet i dag:

– Eg vil ynskja Iselin Nybø lykke til. Me ser fram til å samarbeida med henne.

– Vil de sakna Torbjørn Røe Isaksen som kunnskapsminister?

– Me må berre ta innover oss at det er slik livet er. Nokre kjem og andre går. Ole Petter Ottersen var også ein profilert rektor for Universitetet i Oslo. No er det mi oppgåve å gjera den jobben på min måte, konstaterer UiO-rektor Svein Stølen.

– Kunnskapsrik og engasjert

Leiaren for Norsk studentorganisasjon, Mats J. Beldo helsar også den nye statsråden velkommen:

– Me har stor respekt for Iselin Nybø. Ho er kunnskapsrik og engasjert og me opplever henne som lyttande og tilgjengeleg. Me har stor tru på at høgare utdanning og forsking held fram med å vera viktige satsingsområde for regjeringa også under leiing av Nybø og gler oss til å halda fram det gode samarbeidet, seier Mats J. Beldo.

Iselin Nybø er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen. Før ho blei stortingsrepresentant jobba ho som advokat i skatterett.

Jan Tore Sanner frå Høgre forlet posten som Kommunal- og moderniseringsminister for å bli kunnskapsminister med ansvaret for alt frå barnehagar til grunnskulen og den vidaregåande skulen. Venstreleiar Trine Skei Grande er utnemnt til ny kulturminister, medan Ola Elvestuen er ny klima- og miljøminister. Av andre nye ansikt er Åse Michaelsen  frå Framstegspartiet i Agder kome inn som historias første eldreminister, medan Nicolay Astrup (H) blir bistandsminister. Posten som EU- og EØS-minister er borte.

Ingen av dei nye statsrådane hadde høve til å svara på spørsmål frå pressa då dei stilte opp til fotografering etter at dei i samla flokk kom ut av Slottet klokka 14.15 i ettermiddag.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskingspoltitikk Av Martin Toft
Publisert 17. jan. 2018 16:03 - Sist endra 17. jan. 2018 16:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere