27 eliteuniversitet forskar samla meir enn fleire store industrinasjonar

27 av verdas beste universitet driv samla meir forsking enn fleire av verdas største industrinasjonar, inkludert Storbritannia, Japan og Tyskland. Det viser nye tal frå Times Higher Education.

I GODT SELSKAP: Oxford University er mellom dei 27 eliteuniversiteta som til saman produserer fleire ferdige forskingsresultat enn fleire av dei største industrilanda. 

Foto: Ola Sæther

Det var på World Economic Forum i Davos, Times Higher Education i partnarskap med forlaget Elsevier kunne leggja fram tal som viser at dei 27 beste universiteta i verda samla driv meir forsking enn fleire av dei største industrilanda.

Ein rapport som Times Higher Education publiserte i dag, viser detaljert det store bidraget universiteta kjem med til den globale økonomien. Det er tal samla frå dei 27 eliteuniversiteta som deltar i World Economic Forum's Global University Leaders Forum (GULF) som er samla i rapporten.

Mellom medlemane i gruppa finst også 10 av dei beste universiteta på rangeringa over verdas beste universitet 2018. Mellom dei er universiteta i Oxford og Cambridge, Imperial College London i Storbritannia og  Harvard og Stanford i USA. Også dei to kinesiske universiteta Peking og Tsinghua og dei japanske Tokyo og Keio er med i den eksklusive klubben. Der finn me også det beste frå det europeiske fastlandet, Swiss Federal Institute of Technology Zürich og the École Polytechnigue Fédérale de Lausanne i Frankrike.

Sju prosent av alle forskingsresultat

Studien viser at dei 27 universiteta som er med i World Economic Forum's GULF-gruppe til saman står for sju prosent av alle ferdige forskingsresultat i verda. Om desse universiteta hadde vore eit land, ville dei ha vore den tredje største produsenten av forsking i verda, bak USA og Kina, men dei ville ha vore på førsteplass når det gjeld forskingskvalitet. Til samanlikning står Storbritannia for 6,1 prosent, Tyskland for 6,1 prosent og Japan for 5 prosent av dei ferdige forskingsresultata i verda.

Drar inn over 11 prosent av alle forskingsinntektene

Sjølv om dei 27 universiteta berre utgjer 2,5 prosent av alle universiteta i verda, drar dei likevel inn over 11 prosent av dei samla inntektene av forsking. Det gir dei ei samla inntekt på 200 milliardar kroner. Samtidig får dei 30 milliardar kroner inn frå næringslivet i året. Det vil seia rundt 620 000 kroner for kvar vitskapleg tilsett. Gjennomsnittet for alle institusjonane som er med på verdsrankinga ligg på 260 000 kroner for kvar vitskapleg tilsett. Eliteuniversiteta står også bak 15.4 prosent av all forsking som er sitert i verdsomfemnande patentar, berre USA slår dei. Forsking gjennomført saman med private selskap utgjorde rundt 45 000 publiserte artiklar. Dei har samarbeidt mest med Microsoft, IBM, GlaxoSmithKline, Pfizer og Google, står det i ei pressemelding frå Times Higher Education. 

Åtvarar mot konsekvensane av manglande finanisering

– Dette viser tydeleg kor stor påverknad berre ei handfull universitet har på den globale økonomien, gjennom deira kreativitet og nyskaping, seier Phil Baty, redaktør for global ranking i Times Higher Education.  Etter hans meining demonstrerer dette også ein annan ting. 

– Forskinga viser at verdas toppuniversitet har flytta seg langt bort frå elfenbeinstårna sine for å bidra til kunnskapsøkonomien gjennom direkte forskingspartnarskap med private selskap og næringslivet, legg han til. Phil Baty åtvarar mot konsekvensane av å lata vera å finansiera og støtta grunnforskinga på universiteta.– Mange av dei mest banebrytande nyvinningane har kome frå offentleg finansiert teoretisk forsking utført på universiteta av forskarar som ikkje hadde ein klar idé om mogleg framtidig kommersiell bruk av arbeidet deira, seier Phil Baty.

Tverrfagleg samarbeid gir vitskapleg gjennombrot

Også rektor Lino Guzzella ved Swiss Federal Institute of Technology Zürich, understrekar den viktige rolla universiteta har. – Medan både forskingsmiljø i næringslivet og på universiteta er berebjelkar for nyskaping, skjer ofte dei vitskaplege gjennombrota der akademisk ekspertise frå ulike fagmiljø smeltar saman. Universiteta treng både god nok finansiering og ein horisont på fleire år for å stå som garanti for uavhengig forsking, seier Lino Guzzella. 

 

Emneord: Rangeringer, Forskningspolitikk, Internasjonalisering, Næringsliv Av Martin Toft
Publisert 25. jan. 2018 01:16 - Sist endra 25. jan. 2018 01:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere