Anar ikkje grunnen for razzia - kan ende med bot på 150 kroner

Russiske styresmakter har framleis ikkje gitt noka forklaring på kvifor det var razzia ved Det norske universitetssenteret i St. Petersburg den 5. desember i fjor.Problema ved universitetssenteret kjem på same tid som nordmannen Frode Berg er arrestert og sikta for spionasje i Moskva. 

ALDRO OPPLEVD FØR: Direktør Tamara Lönngren har arbeidd ved Det norske universitetssenteret i St. Petersburg i tolv år, men aldri opplevd noko liknande som razzia og utvising av studentar før.

Foto: Åse Johanne Roti Dahl /På Høyden

Den 5. desember gjorde russiske styresmakter ein razzia ved senteret, og tok blant anna med seg servaren til senteret, og fleire andre datamaskiner. Dette utstyret er seinare returnert.

Heimekontor sidan razziaen

Tre dagar seinare kom immigrasjonspolitiet til senteret, og informerte ni norske og ni svenske studentar om at det var feil ved visumet deira, og at dei måtte forlate landet i løpet av tre dagar.

Les også i Uniforum: Ni UiO-studenter utvises fra Russland

Men senteret har ikkje vore stengt.

– I mellomtida har vårt personale jobba heimanfrå, fortel Tamara Lönngren, som er direktør ved senteret til På Høyden.

Dei har mellom anna ikkje fått sett i stand datautstyret enno.

Tryggleiksinstruks

Dei tilsette anar framleis ikkje korfor det var razzia ved senteret, og har ikkje fått noko offisiell forklaring.

­– Under razziaen blei det sagt at dei hadde fått ei klage frå ein russisk borgar, fortel Lönngren.

Det blei nemnd at nytilsette alltid måtte få ein type instruks for tryggleiken til dei tilsette, men direktøren meiner senteret har alt i orden på dette punktet. Straffen for eit slikt brot er heller ikkje det største: Det er snakk om ei bot på 1000 rublar, eller i underkant av 150 norske kroner.

– Dette blei altså nemnd, men vi har ikkje fått noko skriftleg, seier ho.

Det skulle avgjerast innan 3. januar om russiske styremakter gjekk vidare med saka eller ikkje. Men fredag 29. desember var det framleis ikkje komme noko svar, og no er offentlege kontor stengde fram til 8. januar grunna russisk jule- og nyårsfeiring.

Undervisning på feil stad

Når det gjeld visum-saka med dei 18 studentane som måtte dra på kort varsel før dei var ferdige med eksamen, synest dette å ha å gjere noko anna:

Det norske universitetssenteret samarbeider med Det baltisk-tekniske universitet, som inviterer studentane og skaffar dei visum. Det er òg lærekrefter frå dette universitetet som står for undervisninga, men dette skjer i lokala til Det norske universitetssenteret.

– Russiske styresmakter påsto at det var ein stor feil at dei sat på det norske senteret og ikkje på Det baltisk-tekniske universitetet. Immigrasjonsstyresmaktene såg ikkje eingong på avtalen vi hadde med universitetet, men kasta dei berre ut, utan å gi noko forklaring, seier Lönngren, som synest det var veldig ubehageleg at studentane blei kasta ut.

Universitetet i Oslo skaffa raskt flybillettar til dei norske studentane, slik at dei kom seg ut av landet innan fristen.

– Eg har jobba som senterleiar i 12 år, og det er første gong vi har slike problem, fortel Lönngren, som ikkje anar om det ligg politikk bak, eller om det er tilfeldig.

No håpar ho at alt ordnar seg innan 19. februar, då fem studentar frå SV-fakultetet ved Universitetet i Oslo etter planen skal komme.

– Lite hyggeleg

Professor og dekan ved Det humanistiske fakultetet ved UiO, Arne Bugge Amundsen, er styreleiar for universitetssenteret. Han lever og i uvisse om kva som kjem til å skje.

– Vi veit ikkje anna enn at det skal føreliggje ei avgjerd den 3. januar. Før det veit vi ikkje om dei vil reise sak eller ikkje. Dei har jo spavend verksemda til senteret. Dette er ikkje ein hyggeleg situasjon, ettersom vi ikkje veit kva russiske styresmakter vil falle ned på

Emneord: Russland, Internasjonalisering Av Dag Hellesund/På Høyden
Publisert 2. jan. 2018 10:11 - Sist endra 2. jan. 2018 10:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere