Svein Stølen vil ha ein ny formidlingspolitikk for UiO

Det er på tide med ein ny rapport om formidlingspolitikken ved Universitetet i Oslo. Det lovar rektor Svein Stølen og viserektor Åse Gornitzka i Nytt Norsk Tidsskrift. Dei gjentok lovnaden på eit ope møte i går kveld.

NY FORMIDLINGSPOLITIKK: Viserektor Åse Gornitzka og rektor Svein Stølen meiner det er på tide med ein ny rapport om formidlingspolitikken ved UiO.

Foto: Ola Sæther

No er det 18 år sidan universitetsstyret  (Kollegiet) vedtok å setja i verk store delar av tilrådingane i rapporten «En ny formidlingspolitikk for Universitetet i Oslo». I ein artikkel i Nytt Norsk Tidsskrift konkluderer rektor Svein Stølen og viserektor Åse Gornitzka med at det er på tide med ein ny rapport om formidlingspolitikk og at dei derfor vil utarbeida eit mandat og føreslå for universitetsstyret at det blir sett ned eit utval som kan bidra til arbeidet.  Etter deira meining treng me «rett og slett en bredere forståelse av formidling og en ny, omforent formidlingspolitikk.»

Det var også utgangspunktet for debatten om formidling som Nytt Norsk Tidsskrift og redaktør Vidar Enebakk skipa til i Frokostkjelleren i sentrum i går.

– Mangfald og meiningsbryting

Først ut var professor i sakprosa, Johan Tønnesson, som også var sekretær for formidlingsrapporten som vart vedtatt i det dåverande Kollegiet 25. januar 2000.

 – Den eksterne representanten Borger A. Lenth foreslo den gongen at målet måtte vera å få inn ein årleg rapport om forskingsformidling ved UiO. Det skjedde aldri, slo han fast.  Samtidig tykte han at han såg positive teikn.

– Forskingsrådet har i 2017 etablert eit eige program for forskingskommunikasjon. For meg er det viktig å skilja mellom marknadsføring og formidling. Det er heller ikkje informasjonsarbeid. Forskingsformidling handlar om mangfald og meiningsbryting. Og eg synest også det er viktig at formidling blir eit leiaransvar, understreka han.

Les også i Uniforum: Ny formidlingspolitikk for UiO - til debatt

Vil skrota «impact»

Professor Kristin Asdal på Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved UiO var opptatt av å ta livet av omgrepet «impact». 

– Det bør rett og slett skrotast.  Me må finna ut kva formidlingsrolla er og kva formidlingsarbeid handlar om. For ofte blir det ein frå- og til-situasjon. Alle skal ta del i dette kunnskapssamfunnet. I Noreg i dag er det lite sosial mobilitet. Korleis skal me få fleire her i landet  til å delta i slike debattar og ta høgare utdanning?  Eg hadde aldri tenkt meg ein karriere i akademia, før nokre universitetslærarar henta meg inn frå gata og spurde meg om ikkje du skal halda fram med å forska i akademia, fortalde ho. 

Men pålegget om «impact» frå forskinga ville ho ikkje ha noko av. 

– Etter mi forståing av omgrepet skal det tyda i kva grad forskinga mi er med på å påverka politiske avgjerder. Det skal ikkje vera slik. Forskinga vår skal vera grunnlag for debattar og av og til bidra til at nokon skiftar meining. Formidling er difor noko mykje betre. Nokre er flinkare til det enn andre, medan andre er flinkare forskarar, konstaterte ho.

– Kjempeglad

Kommunikasjonsrådgjevar Andrea Othilie Rognan på Det humanistiske fakultetet  har også bidrege med ein artikkel i Nytt Norsk Tidsskrift.    

– Det mest presserande no er å få folk til å læra å snakka til folk på ein fornuftig måte og argumentera fagleg for ei sak som dei sit med kunnskapar om. Eg blei difor kjempeglad for innlegget frå viserektor Åse Gornitzka og rektor Svein Stølen der dei lova at dei skulla læra alle studentar opp i formidling. Det var nettopp det me studentar som var engasjerte i formidling hadde venta på. Og no er me på rett veg. Mange bachelorstudentar er flinke til å formidla, ja nokre av dei har til og med gitt ut bøker. Studentar må difor ikkje høyra på rettleiarar som seier at det ikkje lønner seg å formidla, var oppfordringa hennar. 

– Meir enn kule kjemishow på TV

Svein Stølen lytta interessert til synspunkta om formidling frå innleiarane, og han ville ta det med seg vidare. 

– Eg trur ikkje me kan bestemma akkurat korleis det skal gjerast på eit universitet.  Me må ha alle med. Det er viktig alt det som me høyrer. Og formidling er noko langt meir enn kule kjemishow på TV. Det handlar rett og slett om universitetet sin legitimitet. Derfor må me visa ein slags «impact», altså kva universitetet har å seia for samfunnet.  Korleis me gjer det me gjer og kvifor me gjer det, sa han.

Stølen viste også til Hylleraas-senteret på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

– Det byggjer på forskinga som den norske forskaren Egil A. Hylleraas dreiv på med på 1920-talet.  Først for 25 år sidan begynte andre forskarar å interessera seg for teoriane hans, og no blir dei utrekningane han stod bak, brukte i næringslivet, trekte han fram. 

UiO-rektoren var også opptatt av akademisk fridom. – Me må ta ansvaret for oss sjølve og ytringskulturen vår. Derfor må me stilla høge krav til oss sjølve i alt det som gjeld akademisk fridom, peika han på. 

Blant tilhøyrarane som tok ordet var spesialrådgjevar Johannes Løvhaug i Forskingsrådet.

– Eg vil forsvara omgrepet «impact». Det er ikkje nokon bestemt storleik for kva noko har å seia for samfunnet. Tidlegare handla det ofte om «impact» i vitskapen. Me vil kontekstualisera forskinga ved å sjå på kva den har å seia for samfunnet. I Danmark har dei begynt å måla forskinga sin innverknad på samfunnet. Og i dag handlar formidling om noko langt meir enn å få inn kronikkar i Aftenposten. Difor er opplæring i ytringskultur svært viktig, meinte han.

DEBATTERTE FORMIDLING: Dette panelet debatterte formidling i Frokostkjelleren i går kveld. Frå venstre: Svein Stølen, Andrea Othelie Rognan, Kristin Asdal og Johan Tønnesson.  Lengst til høgre: Vidar Enebakk, redaktør for Nytt Norsk Tidsskrift. Lengst til venstre: Johannes Løvhaug som kom med innspel til rektoratet. (Foto: Martin Toft)

 – Legg band på seg

Professor emeritus Svein Sjøberg peika på det tvilsame i at nokre forskingsmiljø er økonomisk avhengige av å måla læringsutbytet til norske elevar.

 – Det er ei svøpe for norsk skule. Der eg jobba, er 25 personar finansierte av dette. 90 prosent av lærarane er kritiske til dette, men det skriv dei berre om i engelskspråklege tidsskrift. Dei torer ikkje gå ut i norsk media med dette. Sidan alt handlar om botnlinja, legg dei band på å ytra seg, konstaterte han. 

Fysikar Sunniva Rose, som no er kontorsjef ved  Center for Computing in Science Education, meinte det var viktig å oppfordra alle til å driva med formidling.

– Det er viktig å formidla medan du er ung. Eg har brukt over 50 prosent av arbeidstida mi på formidling. Og det er svært viktig å formidla om prosessen fram til ferdig resultat. Me må gjera det mogleg å formidla før ein blir professor, la ho vekt på.  

– Må samspela med samfunnet

Svein Stølen takka for råda og innspela både frå panelet og tilhøyrarane.

– Det var mange gode råd. No skal Åse Gornitzka og Gro Bjørnerud Mo tenkja saman med meg. I dag lever me i eit samfunn der politikken stort sett er kunnskapsbasert. Derfor skal me ikkje lena oss tilbake, men sjå framover. Oslo er ein av Europas mest kunnskapsintensive regionar. Skal me ha fokus på oss sjølve eller på samfunnet? Det må me diskutera. Me må samspela med samfunnet rundt oss. Det handlar om universitetets legitimitet, meinte Svein Stølen, som også kom inn på eit område som ingen hadde nemnt på debattmøtet.

– Ingen har snakka om næringslivet. Der handlar det om å ta kunnskap i bruk. Det er viktig. Me må respektera det som er utanfor universitetet, samtidig som det er viktig for oss sjølve å samarbeida på tvers av fag, sa han.

 – Handlar om legitimiteten til universitetet

Så bad han folk om å sjå etter pengesekken til formidling på andre stader enn på rektorkontoret. 

– Mesteparten av pengane på universitetet finst på fakulteta. Arbeidet med ny formidlingspolitikk må eg delegera til andre personar. Dette er viktig, for det handlar om legitimiteten til universitetet, repeterte Svein Stølen. 

Emneord: Forskningsformidling, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. des. 2017 13:01 - Sist endra 11. des. 2017 00:09

Hvis man mener at det vitenskapelige prinsippet om at det beste argumentet vinner uavhengig av hvem som fremsetter det, så ser man at det ikke er noen motsetning mellom en riktig bruk av "impact" som i regimet "Responsible Research and Innovation" og nyskjerrighetsbasert forskning. Fordi gode argumenter er det som bringer verden framover. En nylig utgitt forskningsartikkel viser at når man formidler via wikipedia, så fører det til at forskningen i neste omgang blir påvirket av formidlingen i Wikipedia, se artikkelen "Science is Shaped by Wikipedia:Evidence From a Randomized Control Trial*" av Neil C. Thompson Douglas Hanley Det vil si slik jeg forstår det, at å formidle til allmennheten gjør i sin tur at forskningsspørsmålene antagelig blir bedre. https://papers.ssrn.com/sol3/papers.cfm?abstract_id=3039505 Blant annet på grunn av at forskerne selv benytter wikipedia uten at de er så villige til å innrømme det alltid.

San Fransisco erklæringen for forskningsevaluering er en sentral del av åpen vitenskap, som setter argumentet i seg selv i sentrum, ikke prestisjen på tidsskriftet, kjønn eller hvor man jobber. Åpen vitenskap er bare et rammeverk i bunn og grunn, med hensikten å stå på hverandres skuldre: "What is open science:  "It is endeavouring to give others maximal ability to build off my work." Michael Nielsen på Twitter 7. desember 2017 https://twitter.com/michael_nielsen/status/938651289176522752

Formidling er egentlig en anakronistisk måte å snakke på i toveis-kommunikasjonens tidsalder. For ikke så lenge siden var "peer to peer" teknisk umulig, mens NRK og forlag kunne sende informasjon fra "en til mange". Det er derfor mer oppdatert å bytte ut formidling, med moderne vitenskapskommunikasjon med åpen inkluderende fagfellevurdering. En historisk oppdatering fra de siste 30 årene er å finne her: "A multi-disciplinary perspective on emergent and future innovations in peer review" av Jon Tennant og 32 medforfattere: https://f1000research.com/articles/6-1151/v1

Sentralt i forskningsformidlingen er å formidle at vitenskap er en _prosess_ og ikke endelige svar. Usikkerhet er det viktigste men vanskeligste å formidle. Derfor bør "formidling" ikke handle om formidling av "kvalitetssikret informasjon", men om å inkludere samfunnet inn i vitenskapelige prosesser via åpen inkluderende fagfellevurdering mener jeg. Da vil samfunnet og politikerne bli mye mer villige til å følge gode råd om klimaforskning for eksempel, dersom de selv er deltagere i forskningsprosessen. Det er enkel psykologi at dersom man har vært med å bestemme, så er det mye morsommere å følge opp konklusjonene.

Slik nyliberalistisk tolkning av "impact" med Impact factor og konkurranse har vært brukt med "økonomisk nytte" som endemål, bør ikke forveksles med impact brukt i RRI-rammeverket. RRI er en implementering av vitenskapelige prinsipper der det beste argumentet vinner, og som sammenfaller ganske så bra med hva verden trenger, det sier seg selv. Men for å få likhetstegn mellom impact og beste argument vinner, så må man inkludere samfunnet i en toveiskommunikasjon, med rasjonalitet og vitenskapelige prinsipper som premisser. Det bør også skje hvis jeg tolker målet med boka til Steven Pinker riktig: "Enlightenment Now: The Case for Reason, Science, Humanism, and Progress" https://www.amazon.com/Enlightenment-Now-Science-Humanism-Progress/dp/0525427570/ref=sr_1_1_twi_har_2?s=books&ie=UTF8&qid=1501504852&sr=1-1&keywords=steven+pinker+enlightenment

Impact argumentet: “I sometimes think that general and popular treatises are almost as important for the progress of science as original work.” - Charles Darwin, 1865

Nyskjerrighetsargumentet: “Science is like sex: sometimes something useful comes out, but that is not the reason we are doing it. ” ― Richard Feynman

Pål Magnus Lykkja - 8. des. 2017 11:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere