Saman skal dei redda verda frå klimatrugsmålet

I dag kom Californias guvernør Jerry Brown til Vitskapsakademiet i Oslo for drøfta klimaendringane med andre politikarar og internasjonale forskarar. – No er det på tide å handla, sa Jerry Brown.

VIL REDDA VERDA: No går California-guvernør Jerry Brown (fremst) , klima-  og miljøminister Vidar Helgesen (t.h. for Brown)  og andre politikarar saman med toppforskarar frå heile verda for å redda klimaet. I dag møttest dei i Vitskapsakademiet i Oslo. Lengst til høgre sit Marcia Kemper McNutt ,som er president for Det amerikanske vitskapsakademiet.T.v. for Brown sit Nils Chr. Stenseth, og preses Ole M. Sejersted i Vitskapsakademiet.

Foto: Ola Sæther

Det var i 2013 Anthony D. Barnosky og andre forskarar frå Stanford University  publiserte ein vitskapleg artikkel om klimaendringar i Nature. Nokre dagar seinare fekk dei ein telefon frå California-guvernør Jerry Brown.  «– Dette er viktige funn, sa han. Om det er så viktig som de seier, kvifor ropar de det ikkje ut frå alle hustaka?» spurde han dei, ifylgje biologiprofessor og tidlegare preses i Vitskapsakademiet, Nils Chr. Stenseth.  

– Det er grunnen til at Jerry Brown er på dette møtet i dag. Me har klart å samla forskarar frå vitskapsakademia både i USA, Kina, Tyskland, Storbritannia, Finland og Frankrike.  Og i løpet av fredag skal me bli einige om vegen vidare framover, fortalde han. 

Noregs miljø- og klimaminister Vidar Helgesen var også svært nøgd med at møtet var kome i stand.

– Dette er svært viktig. Klimaendringane skjer raskt. Det skaper krise i biomangfaldet.  Politikarane si oppgåve blir å stimulera til positive endringar, meinte Vidar Helgesen.

Guvernør Jerry Brown i California  har klart å få i stand lokale tiltak og initiativ som kan bidra til å løysa utfordingane som klimaendringane fører til. Difor blir delstaten også vist fram som eit døme på kva som kan gjerast også på eit lokalt plan for å setja i verk tiltak for å verna klimaet. 500 forskarar over heile verda har skrive under eit felles klimadokument som Jerry Brown tok initiativet til i 2013.  Det var ein nøgd 79-åring som stilte opp på pressemøtet i Vitskapsakademiet i Oslo tidlegare i dag.

Kritiserte media

– Eg er glad for å ha blitt invitert til å delta i denne diskusjonen. No kom orda frå Robert Oppenheimer til meg: «Verda går til helvete, men i alle fall i rekordfart».  Han var ein av dei største fysikarane våre, men den kommentaren er ein viktig kommentar til den politiske lykka i vår tid. Kritikken går også til media, som rapporterer stort sett om dagens nyhende. Og det er alt du får. Men dei viktige tinga som at levande vesen forsvinn, øydelegging av buområde, effektane av klimaendringar , det er ikkje nyhende. Så derfor vil eg seia at då er ikkje slutten på verda lenger nyhende. Alt handlar om dagsaktuelle nyhende. Nettopp derfor er det møtet me har i Oslo i dag så viktig. Flinke og dyktige vitskapsfolk frå verdas leiande vitskapsakademi er samla for å diskutera klimaendringane.  Eg er ikkje sikker på korleis dette kom i stand og korleis eg fekk ein invitasjon, men no er eg i alle fall her, sa Jerry Brown. Han viste til korleis sterke krefter jobbar for å så tvil om at klimatrugsmålet er så alvorleg som forskarane vil ha det til. 

– Oppfordra til handling

– Det er ein svær og omsynslaus desinformasjonskampanje, betalt og sponsa av svært mektige personar som blir støtta av ei lang rekkje viktige politikarar. Så påstanden om at klimaendringar er noko som er skapt av vitskapsfolk, er ei lygn. Klimaendringar er noko som skjer no. Derfor er det så viktig at me har dette møtet. Eg er med på grunnlag av rettsvernet for underliggjande regionar. Det finst både teori og handling. Om teorien er feil, vil handlinga også bli feil. No ynskjer eg handling både i California og  over heile verda som kan endra kursen på denne turen vår til helvete med utrydding av artar, også menneske, og oppvekstområde, medan det enno ikkje er for seint.

– Me veit ikkje alt som me treng å vita, me må derfor finna ut meir. Men det me veit er i alle fall noko til at med må setja i verk visse tiltak. Underskrivinga av Paris-avtalen er berre byrjinga på det. No må me gjennomføra det og halda fram med det.  Berre på den måten er det mogleg å avbryta denne ubehagelege turen mot helvete, sa Jerry Brown.

– Universiteta har gjort sin del av jobben

På spørsmål frå Uniforum om kva universiteta kan gjera for å få dei nasjonale regjeringane i landa sine til å oppfylla lovnadene i Paris-avtalen svarte Jerry Brown:

– Dei gjer allereie mykje. Mesteparten av vitskapen kjem jo frå universiteta. Alt som klimaendringane fører med seg, utrydding av artar., er jo svært avhengig av forskarar for å bli dokumentert.  Kunnskapen vår kjem i stor grad frå universiteta. Så universiteta gjer absolutt sin del av jobben. Utfordringa er å få praktisk politikk til å smelta saman med vitskapleg kunnskap om klimaet for å få gjennomført ein fornuftig politikk. Derfor gjer forskarane ein god jobb. Vanskane  er at i den populistiske verda me lever i, er det vanskeleg å få vitskapleg sanning inn i den politiske prosessen. Dette er eit forsøk på å gjera det.  Det som berre forskarar snakka om for nokre tiår sidan, blir no omfamna av alle land i verda. Det viser at vitskapsfolka gjer sin del av dette arbeidet, slo han fast.  Jerry Brown meinte likevel at det er mogleg å gjera meir.

– Me gjer framleis ikkje nok, men me tar i alle fall nokre viktige steg framover. Derfor må det løyvast meir pengar til forsking, slik at me kan få fleire funn og meir kunnskap om klimaet. Og når me har fått den kunnskapen, kan me gjera bruk av den i samfunnet, understreka han. 

– Alle lever i ein fossilbasert økonomi

Jerry Brown fekk også spørsmål om han ville ta opp paradokset med at Noreg både vil vera ein forkjempar for klimaet, samtidig som det er svært aktivt i å driva med oljeleiting i Arktis.

– Me er alle djupt involverte i ein økonomi som baserer seg på fossil energi som olje, gass og kol. Alle som er til stades her er komen hit ved hjelp av fossilt brensel.  Me kan ikkje endra det med eit fingertrykk. For å forandre heile verda til eit nullutsleppssamfunn,  må me ha både visdom og dugleik. Dei fleste landa i verda er demokratiske og er avhengige av folkeleg støtte. Derfor er det ikkje nok for ein person å gjera forandringar. Då må du overtyda veljarane og få dei til å støtta ideane dine.  Dette vil ta tid, men det er viktig at det også er eit folkeleg engasjement bak det, understreka han.

Trur grasrota vil endra klimahaldninga til politikarane

Uniforum ville også vita om korleis det vil vera mogleg å få den amerikanske presidenten Donald Trump til å  tru på klimaendringane.

– Eg meiner det er viktig at delstatane og byane våre set i gang klimatiltak på eiga hand. Det gjer også mange private selskap. Politikarane som har ei bestemt oppfatning, vil som regel ikkje endra seg. Eg veit ikkje kva presidenten tenkjer, men eg veit at det no er aukande støtte for at noko må gjerast med klimaendringane, både i delstatane,i  byane, i dei private selskapa og på universiteta. Så om folkemeininga blir sterk nok, vil desse haldningane bli aksepterte, og dei politikarane som skal bli valde inn igjen i Kongressen, må ha den same overtydinga. I motsett fall vil dei ikkje bli attvalde. Og allereie neste år skal det vera val på ein tredel av dei politikarane som har sete i Representanthuset. Det er mange vitskapsfolk, næringslivsleiarar og politikarar som står saman. Og eg trur dette vil skje frå grasrota, som politikarane er avhengige av for å bli valde, sa Jerry Brown.

– Fantastisk

Marcia Kemper McNutt er president for Det amerikanske vitskapsakademiet. Ho er svært glad for at det har kome i stand eit felles møte om klimaendringane mellom politikarar og leiande internasjonale forskarar.

– Dette var eit fantastisk høve til å møta mine kollegaer frå andre vitskapsakademi for å høyra kva utfordringar dei har på området klimaendringar. Og korleis dei får det til å bli førsteprioritet på handlingplanen til deira nasjonale regjeringar.  Dette handlar også om menneskehelsa og andre tema som det er uro rundt internasjonalt. Me kan visa at me har felles syn på klimaendringar i vitskapen og at me har behov for å koordinera oss og å arbeida saman over heile verda. Det er ei positivt steg framover, synest Marcia Kemper McNutt.

Guvernør Jerry Brown vil no ta med seg den ferdige rapporten frå dette klimatoppmøtet i Oslo  til FN-møtet om klimaendringar i Bonn som starta den 6. november og skal halda på fram til den 17. november.

 

Emneord: Klima, Miljøforskning, Videnskaps-Akademiet Av Martin Toft
Publisert 10. nov. 2017 18:02 - Sist endra 11. nov. 2017 14:01

Det var i 2013 Anthony D. Barnosky og andre forskarar frå Stanford University  publiserte ein vitskapleg artikkel om klimaendringar i Nature.

 

Har dere en mer nøyaktig referanse ?  Mener dere dette ? 

http://blogs.nature.com/soapboxscience/2013/05/22/bridging-the-science-to-society-gap-part-1-reachingoutsci

 

Jan Borge Guttulsrud - 17. nov. 2017 08:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere