Knyter forskarspirar saman med arbeidslivet

– Målet er å inspirera doktorar og postdoktorar til å skaffa seg jobb framover, seier visedekan Kristin Vinje ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.  For andre år på rad har Science for Society fått i stand eit nettverksmøte.

UT I ARBEIDSLIVET: Doktorkandidat Mats Ingebrigtsen er snart ferdig med sitpendiatperioden og håpar å finna fram til ein framtidig arbeidsgjevar på nettverktskonferansen som Science for Society står bak. Visedekan Kristin Vinje på MN-fakultetet trur heile samfunnet får bruk for kompetansen han og dei andre kandidatane.har.

Foto: Ola Sæther

Det er universiteta i Lund, Aalborg, Aarhus og Oslo som samarbeider om nettverket Science for Society. Formålet er å få ferdig utklekte forskarar til å skaffa seg kontaktar både i næringslivet og i det offentlege for å auka sjansane for å få jobb etter at dei er ferdige på universitetet. Dei har fått pengar frå EU til å finansiera ein felles konferanse ein gong i året. I fjor var konferansen i Lund. Denne veka er 180 doktorkandidatar og postdoktorar samla i Forskingsparken i Oslo.

Viktig med akademisk kompetanse i arbeidslivet

Visedekan Kristin Vinje på MN-fakultetet opna konferansen i formiddag, og det er også hennar fakultet som er best representert frå Universitetet i Oslo.

– Alle dei ferdige doktorkandidatane og postdoktorane kan ikkje rekna med å få seg jobb i akademia. Samtidig er det viktig med akademisk kompetanse også i næringslivet og på offentlege arbeidsplassar, seier Kristin Vinje til Uniforum.

Til konferansen kjem også representantar frå næringslivet og eksterne aktørar utanfor universiteta. Mellom dei er grunnleggjaren av arkitektfirmaet Snøhetta, Kjetil Trædal Thorsen. Også Janne Olsen Frenvik frå legemiddelfirmaet Bayer vil fortelja korleis ho fekk ein nærings-PhD i reinsing av kreftlegemiddel, medan ho var i selskapet Algeta, og blei med over til Bayer etter oppkjøpet.

– Hit kjem nokre tidlegare doktorstudentar som fekk seg jobb i næringslivet for å fortelja om korleis dei gjekk fram og kva dei held på med i dag. Næringslivet blir meir og meir kunnskapsbasert og vil ha stor nytte av folk med doktorgrad, er Kristin Vinje overtydd om. 

Det er spesielt ein viktig eigenskap dei har, og som ho trur bedrifter og andre aktørar vil få mykje nytte av.  – Dei er raske til å setja seg inn i kompliserte problemstillingar. Og det vil heile samfunnet få bruk for, seier ho.

 – Står sterkt saman

Kristin Vinje har stor tru på at samarbeidet mellom universitet på kvar side av Skagerak vil bli fruktbart.

– Ja, det er klart, for saman står me sterkt.  Gjennom dette nettverket kan forskarkandidatar bli kjende, etablera alliansar og senda inn prosjektsøknader til EU saman, håpar ho.  For henne er dette ei av hovudoppgåvene ho vil driva med som visedekan for innovasjon og samfunnskontakt. 

– Det er for at me skal konsentrera oss endå meir om arbeidet med å etablera eksterne relasjonar både til næringslivet og til offentleg sektor, fortel ho.

– Korleis synest du det er å sjå 180 kandidatar frå dei fire samarbeidsuniversiteta her?

– Det er svært inspirerande å observera at så mange vil lyfta blikket og sjå på korleis dei kan vera med på å utvikla samfunnet, synest Kristin Vinje. 

Forskar på miljøvennleg teknologi

Doktorkandidat Mads Ingebrigtsen forskar på halvleidarar på Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo.

– Eg hamna på denne konferansen fordi det ein dag brått dukka opp ei melding om den i e-postmappa mi. Og i byrjinga av neste år går stipendiatperioden min ut, så derfor er det på tide å sjå seg om etter ein jobb, fortel han. 

Førebels er han ikkje heilt sikker på kva jobb han vil ha.

– Det har eg enno ikkje funne ut av, seier han. Nett no er han svært opptatt med innspurten på doktorgraden.

– No driv eg på med forsking på materialvitskap og fysikk. Grunnen til at eg begynte på det er at eg håpa på å vera med på forskinga rundt miljøvennleg teknologi. I dag er det aukande aktivitet innanfor solenergi i Noreg, så eg håpar det er bruk for meg, seier Mads Ingebrigtsen.

Emneord: Innovasjon, Forskning, Næringsliv Av Martin Toft
Publisert 16. nov. 2017 15:20 - Sist endra 16. nov. 2017 15:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere