Kinaprogrammet fekk kinesisk pris

Kinaprogrammet ved Norsk senter for menneskerettar fekk nyleg tildelt den kinesiske Li Buyun-prisen. Grunngjevinga er den viktige rolla Kinaprogrammet har spelt i å fremja  menneskerettsutdanning, forsking og rettsstatsprinsipp i Kina.

PRISA I KINA: Kinaprogrammet ved Norsk senter for menneskerettar, UiO fekk tildelt Li Buyuns juridiske pris denne månaden. Cecilie Figenschou Bakke, som er leiar for Kinaprogrammet, står og takkar for prisen lengst tll høgre på biletet.

Foto: Privat

Li Buyun er ein framifrå jurist og ein av grunnleggjarane av Shanghai Institute of Finance and Law.  Og det er nettopp det instituttet som har oppretta ein pris som ber namnet hans, og prisen blir delt ut til ein kinesar og ein ikkje-kinesar kvart år. 

Første gong til utanlandsk organisasjon

Kinaprogrammet ved Norsk senter for menneskerettar er den første utanlandske organisasjonen som får prisen, ifylgje leiaren for Kinaprogrammet, Cecilie Figenschou Bakke. Ho tok imot prisen på vegner av programmet som ho er leiar for. 

PRISA: Cecilie Figenschou Bakke tok imot Li Buyun-prisen på vegner av Kinaprogrammet ved Norsk senter for menneskerettar. Her står ho saman med jussprofessor Li Buyun som prisen er kalla opp etter. (Foto: Privat)

Juryen legg også vekt på at Kinaprogrammet også har gjort ein stor innsats når det gjeld likestilling og ikkje-diskriminering, gjennom å fremja den nye lova om vald i nære relasjonar. Dessutan har programmet også publisert dei første kinesiske bøkene om om dei internasjonale menneskerettane og om arbeidslivsdiskriminering. 

– Gjer meg audmjuk

Cecilie Figenschou Bakke uttaler til nettsidene til Norsk senter for menneskerettar at ho er svært glad for at Kinaprogrammet har fått denne prisen. 

– Det er ei stor ære for oss å få denne prisen. Å få eit synleg prov på at arbeidet vårt blir sett pris på av Li Buyun-komiteen, gjer meg svært audmjuk. Ingen av dei resultata me har oppnådd, ville ha vore moglege utan engasjert kinesiske akademikarar og samarbeidspartnarar. Prisen er ei fin oppmuntring til å halda fram med vidare samarbeid om menneskerettar også i framtida, seier Cecilie Figenschou Bakke.

Denne månaden er ho i Kina for å delta i markeringa av  det 20 år lange akademiske samarbeidet mellom Noreg og Kina. 

Emneord: Kina, Menneskerettar, Pris, Norsk senter for menneskerettigheter Av Martin Toft
Publisert 30. nov. 2017 13:15 - Sist endra 30. nov. 2017 13:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere