Jaktar etter svar på årsakene til beinmergskreft

Forskarar ved Universitetet i Oslo leitar etter svaret på kva som er årsaka til kreft i beinmergen. No har dei fått seks millionar kroner i støtte frå Kreftforeininga. – Det er me svært glade for, seier professor Ludvig Munthe.

MEIR PENGAR TIL FORSØK: Ludvig Munthes forskargruppe er tildelt seks millionar kroner til vidare forsking på beinmergskreft. - Det gir oss høve til å tilsetja to postdoktorar og midlar til dyre laboratorieforsøk, seier Ludvig Munthe.

Foto: Ola Sæther

Dei seks millionar kronene gir forskargruppa til Ludvig Munthe på Institutt for klinisk medisin ved UiO høvet til å tilsetja to nye postdoktorar over tre år og midlar til dyre laboratorieforsøk.

– Det må bli personar med bakgrunn frå molekylærbiologi og som har kunnskap i bruk av dei apparata me brukar på laboratoriet vårt, seier Ludvig Munthe til Uniforum.  No er han også ph.d.-koordinator for instituttet, samtidig som han er gruppeleiar ved Senter for immunregulering (CIR).

Rammar eldre over 60

Munthe er glad for at det no også blir investert pengar i forsking på ein krefttype som det ikkje blir skrive så mykje om som til dømes brystkreft og lungekreft.

– Det er jo forståeleg sidan brystkreft kan ramma ei av åtte kvinner i løpet av eit liv, medan lungekreft ofte heng saman med røykevanane til folk. Kreft i beinmergen, myelomatose, råkar som regel eldre over 60 år som må sjå på at kreftceller fortrengjer normal beinmerg og litt etter litt utholar og øydelegg beinvev, forklarar Munthe. Det er fleire teikn på at ein person har fått sjukdomen.  – Først kan dei merka det at om dei dultar overarmen bort i noko hardt, så brekk dei armen, i staden for berre å få gule eller blå flekkar. Dei kan også lett få infeksjonar på grunn av eit sviktande immunsystem, fortel han.

Enno ingen kur

Sjølv om det dei siste ti åra har vore ei rivande utvikling i behandling av desse pasientane, noko som har gitt dei fleire leveår, så har dei enno ikkje funne fram til nokon kur.

– Immunterapi blei i 2013 lansert som den store revolusjonen innanfor kreftbehandlinga. Det har gitt store framsteg i behandlinga av blodkreft/leukemi for barn, men vaksenleukemi og beinmergskreft har me enno ikkje funne nokon kur for, seier Ludvig Munthe.  No har han og forskarkollegaene hans eit klart mål. – Me vil finna grunnårsaka til cellevekst i beinmergen. Det veks ikkje av seg sjølv. Difor må noko i kroppen stimulera til denne veksten. I første omgang er målet vårt å stikka kjeppar i hjula for den celleveksten, lovar han.

Forskargruppa vil difor bruka to moglege vegar for å finna det ut. – Me vil gå inn i cellene, kartleggja dei og kopla dei saman med aktuelle legemiddel. I dag blir det nytta milliardar av kroner for å utvikla ein medisin til ein bestemt sjukdom. Forskinga vår går også ut på å prøva ut tidlegare utvikla medisin for å sjå om dei har noko effekt som fører til at dei kan bryta ned celleveksten i beinmergen, fortel Ludvig Munthe.

Persontilpassa medisin for kreftpasientar

Innanfor helsevesenet er det blitt meir og meir vanleg med persontilpassa medisin. Det gjeld også i kreftbehandlinga.

–Derfor vil me få kreftceller frå pasienten for å finna ut kva medisin som fører til mindre cellevekst hos akkurat den pasienten. Det kan samanliknast med ein pasient som har urinvegsinfeksjon og så leverer ein urinprøve til analyse hos legen. Nokre dagar etter kjem det ei melding frå legen om at pasienten må gå over til ein annan antibiotikamedisin enn den han eller ho hadde brukt fram til då, seier han.  

– Best i heile verda på sitt spesialområde

I Noreg er det til saman 2500 pasientar på sjukehus med kreft i beinmergen. På Oslo universitetssykehus (OUS) blir det behandla 150 pasientar kvar månad.  – Me brukar kreftcellene deira og set dei inn i mus, og så ser me korleis kreftcelleveksten utviklar seg gjennom utprøving av ulike medisinar. Dette gjer me også in vitro, altså i plastbrønnar der kreftcellene blir stimulerte til vekst. Dette er me best på i heile verda, slår han fast. Denne forskinga har dei også fått publisert i det vitskaplege tidsskriftet «Leukemia» – Det er eit tidsskrift på nivå 2, og for oss er det eit tidsskrift i eliteserien, smiler han.

Stor fare for tilbakefall

Målet for prosjektet til Ludvig Munthes forskargruppe er difor først å bestemma årsakene til kreftcellevekst i beinmergen, finna ut og definera kva prosessar som skal hemmast for å stansa veksten, og heilt til sist skal dei testa aktuelle nye medisinar. UiO (Institutt for klinisk medisin  og Norsk Senter for Molekylærmedisin/NCMM) skal i samarbeid med Oslo universitetssykehus (OUS) setja i gang persontilpassa behandling av pasientar med beinmergskreft.

– Sjølv om dei som har kreft i beinmargen i dag lever mange år lenger enn dei som fekk denne kreftforma tidlegare, er det likevel stor fare for tilbakefall. Me håpar at resultata våre kan bli tatt i bruk i nye tilbod til pasientar der me utfører testing av legemiddel ved laboratoriet for å kunna gi persontilpassa råd til legane som behandlar desse pasientane, når alle andre moglegheiter for behandling er brukte opp, fortel Ludvig Munthe.

Han har også med seg andre framståande forskarar i dette arbeidet. Sjølv leier han forskargruppa som skal kartleggja kva som held oppe veksten i kreftcellene. Overlege Fredrik Schjesvold ved Avdeling for blodsjukdomar på Rikshospitalet, leier det kliniske arbeidet og utprøvingane. Professor Kjetil Taskén leier arbeidet med legemiddelsensitivitet på Norsk Senter for Molekylærmedisin.

– Dramatisk positiv utvikling i barneleukemi

Ludvig Munthe er imponert over kor raskt utviklinga mot betre medisinar og behandling har gått i kreftmedisinen. – Ja, på 1960-talet ville ingen barn som fekk leukemi (blodkreft) overleva. I dag overlever mellom 70 og 90 prosent av desse barna på grunn av nye medisinar og ny behandling. Det er den mest dramatiske og mest positive hendinga som har skjedd på det området. Det viser at det nyttar å satsa på forsking, synest han. Men også når det gjeld fylgjene av kreft med spreiing har det skjedd ei positiv utvikling.

– Immunterapi kan gi håp

–Tidlegare var det ikkje mogleg for ein pasient å bli heilt frisk igjen, dersom det blei påvist spreiing av kreftceller i kroppen. No vil immunterapi kanskje kunna gi håp til pasientane om at det er mogleg å redusera faren for å døy. Dei kan leva eitt eller fleire år lenger enn før, fordi det er mogleg å forseinka skadeverknadene til kreftcellene, konstaterer han.

Ludvig  Munthe og forskargruppa hans vil ikkje kvila lenge på laurbæra etter tildelinga på seks millionar kroner frå Kreftforeininga.

–No vil me søkja stiftinga K. G. Jebsen om å bli eit eige senter for medisinsk toppforsking, avslører han.

Dette er forskarane frå Det medisinske fakultetet ved UiO som fekk tildeling frå Kreftforeininga:

Frode Jahnsen, Nye former for immunterapi, 4,5 mill.

Tor Erik Rusten, Kakeksi, det siste sykdomsbildet for kreftpasienter, 5 mill.

Arne Klungland, Forandringer i arvestoffet ved blærekreft, 6 mill.

Ludvig A. Munthe, Hvordan vokser kreftceller i benmargen?, 6 mill.

Anne Simonsen, Cellenes selvspising og betydning for kreftutvikling, 6 mill.

Philippe Collas, Nytt klassifiseringsverktøy for brystkreft, 6 mill.

(Kjelde: Det medisinske fakultetet)

 

Emneord: Kreftforskning, Medisin, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 7. nov. 2017 09:41 - Sist endra 7. nov. 2017 14:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere