Isthar Gözaydin skålte for menneskerettsprisen frå Tyrkia og fekk varm applaus

Den tyrkiske menneskerettsaktivisten og juristen Isthar Gözaydin fekk UiOs menneskerettspris i Gamle festsal i går. Sidan ho har utreiseforbod, måtte ho fylgja seremonien på Skype frå husværet sitt i Istanbul.

PRISVINNAR PÅ SKYPE: Vinnaren av UiOs menneskerettspris Isthar Gözaydin blei intervjua på Skype frå Istanbul av direktør Inga Bostad på Norsk senter for menneskerettar ved Universitetet i Oslo.

Foto: Ola Sæther

For første gong sidan Universitetet i Oslo begynte å dela ut UiOs menneskerettspris, stod stolen til prisvinnaren tom.  Årets prisvinnar Isthar Gözaydin fekk nemleg ikkje tilbake passet sitt frå tyrkiske styresmakter for å kunna reisa til Oslo for å ta imot prisen personleg.  

Ein pris for alle forfylgde akademikarar i Tyrkia

I staden sende ho Ph.D Ahmet Erdi Öztürk, som tidlegare var ein av studentane hennar, då ho arbeidde på eit universitet i Istanbul. Orda hennar blei formidla av han frå talarstolen i Gamle festsal. 

– Eg tar imot denne prisen på vegner at alle dei mange tusen akademikarar, intellektuelle og alle andre som har hamna i fengsel eller mista jobben fordi dei har kjempa for ytringsfridomen og for menneskerettane i Tyrkia, sa Isthar Gösaydin i talen som blei framført av Ahmet Erdi Öztürk.

       • Les også i Uniforum: Isthar Gözaydin: UiOs menneskerettpris gav meg truverdet tilbake

– Ville vore saman med dykk

Sjølv om Isthar Gözaydin ikkje kunne vera til stades under prisseremonien i eigen person, var ho med på Skype frå husværet sitt i Istanbul. Ho hadde både pynta seg og plassert seg rett framfor den stappfulle bokhylla i stova si.

Direktør Inga Bostad ved Norsk senter for menneskerettar ved Universitetet i Oslo intervjua henne og bad henne først om å seia nokre ord til publikum:

– Eg ville gjerne ha vore der saman med dykk. Men i den situasjonen eg er i, er dette den beste måten å gjera det på, sa ho.

Tre og ein halv månad i fengsel

Prisvinnaren fortalde om korleis ho blei engasjert i kampen for både menneskerettar og andre rettar i studietida som jusstudent.  Og etter kvart kom ho også inn på dagen då politiet kom på besøk til henne ei desembernatt i 2016:

      • Les også i Uniforum: Tyrkiske Isthar Gözaydin får UiOs menneskerettspris: Kan få 15 år i fengsel

                                             Gjekk imot gjeninnføring av dødsstraff - mista jobben

– Det enda altså med at eg måtte sitja i tre og ein halv månad i varetektsfengsel i Izmir, der Gediz-universitetet ligg, og der eg jobba fram til eg mista jobben etter kuppforsøket 15.juli 2016.

 – I januar startar rettssaka mot deg. Er det mogleg at du hamnar i fengsel igjen?

– Ja, absolutt.  Dette er ingen rettsstat lenger. Så me veit ikkje kva som skjer.

– Er Tyrkia framleis eit demokrati?

– Definisjonen av eit demokrati er ei regjering der folket har den overordna makta direkte eller indirekte, gjennom frie val. Og så lenge det er frie val, reknar eg Tyrkia som eit demokrati. Men utsiktene for Tyrkia er ikkje lyse. Regjeringsdekret har gjort at akademikarar har fått både juridiske og administrative saker mot seg.  Derfor er det ikkje mogleg for dei å få seg jobb igjen på tyrkiske universitet og utdanningsinstitusjonar, slo ho fast. Prisvinnaren meinte at både 2016 og 2017 hadde vore tøffe år for både Tyrkia og det tyrkiske folket.

– No prøver eg å halda fram med den politiske aktivismen frå heimen min.  

Lagar framleis radioprogram om Johann Sebastian Bach

– Du jobbar også for Open Radio?

– Den blei starta på 1990-talet, og eg var ein av grunnleggjarane. Me begynte å laga program om politikk. Musikk har alltid vore hobbyen min, så difor har eg også  laga musikkprogram i 20 år, og sidan 2009 har eg laga program om Johann Sebastian Bach. 

– Kva kan Noreg som NATO-alliert med Tyrkia gjera?

– Å vera eit NATO-medlem er viktig fordi det gjer Tyrkia til ein internasjonal aktør. Både NATO og andre internasjonale organisasjonar må difor pressa Tyrkia til å halda alle dei internasjonale avtalane landet har inngått. Internasjonal lobbyverksemd vil vera ein fruktbar måte å halda oppe presset på Tyrkia for å få landet til å oppfylla prinsippa for ein rettsstat, understreka ho.

Skålte med publikum

Til slutt kom ho med ein lovnad:

– Når eg får tilbake passet mitt, vil eg koma til Oslo, og eg håpar det skjer snart.  Eg kan dessverre ikkje delta på mottakinga for meg i kveld, men eg gjer det saman med dykk på denne måten, sa ho og nippa til eit glas med vin frå husværet sitt i Istanbul. Publikum i Gamle festsal blei rørt over gesten frå prisvinnaren og gav henne ein varm applaus.

TØFFE TIDER I TYRKIA: – Regjeringsdekret har gjort at akademikarar har fått både juridiske og administrative saker mot seg.  Derfor er det ikkje mogleg for dei å få seg jobb igjen på tyrkiske universitet og utdanningsinstitusjonar, slo Isthar Gözaydin fast i intervjuet under overrekkinga av UiOs menneskerettspris 2017. (Foto: Ola Sæther, Uniforum)

Deretter fekk  PhD Ahmet Erdi Öztürk på vegner av Isthar Gözaydin overrekt menneskerettsprisen frå rektor Svein Stølen. Det synlege beviset er eit trykk av Franz Widerberg.

Etterpå blei det eit musikalsk innslag med dei fire 16 år gamle musikarane,Trond Sagbakken , Gustav Rørmark, Balder Hella Mikkelsen og Njord Kárason Fossnes. Til ære for Bach-elskaren Ishtar Gözaydin spelte dei Da Capo frå Goldberg-variasjonar. 

Kvelden blei avslutta med ei mottaking i Domus Bibliotheca, der publikum også kunne skåla og eta tapas til ære for prisvinnaren Isthar Gözaydin.

 

 

 

 

Emneord: Menneskerettar, Tyrkia, Akademisk frihet, UiOs priser Av Martin Toft
Publisert 14. nov. 2017 12:00 - Sist endra 14. nov. 2017 12:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere