Flunkande nytt laboratorium tilbyr plassar til enkeltforskarar i bioteknologi

Forskarar i bioteknologi som har gode idear, men manglar laboratorium og fagfellar, kan no få begge delar i ShareLab i Forskningsparken i Oslo.

HYPERMODERNE: Dagleg leiar Marius Øgaard og professor i molekylærbiologi,Inger Sandli ynskjer enkeltforskarar velkomne til det hypermoderne laboratoriet SharelLab i Forskningsparken.

Foto: Ola Sæther

Akkurat no legg entreprenørar og ekspertar frå selskapet VWR siste hand på verket på det som blir det mest moderne laboratoriet for bioteknologi og livsvitskap i Oslo. Om kort tid kan enkeltforskarar som går med ambisjonar om å starta eige selskap få leiga seg inn i laboratoriet ShareLab i Forskningsparken i Oslo.

– Servert på sølvfat

Professor i molekylærbiologi, Inger Sandlie ved Universitetet i Oslo er rådgjevar og fødselshjelpar for prosjektet. – Biologar som har ambisjonar om å starta noko for seg sjølv, kan her få alt servert på sølvfat. Vanlegvis ville eit slikt laboratorium med alt naudsynt utstyr ha kosta minst 1 million kroner. Her får dei alt fiks ferdig, seier ho begeistra.

– Får kontakt med private selskap og investorar

Med i leiinga av prosjektet er Marius Øgaard, som er rekuttert frå Oslotech der han fram til no har leidd innovasjonsavdelinga. Oslotech er selskapet som driv Forskningsparken. Han fortel at ideen er henta både frå USA og frå StartupLab-inkubatormiljøet  som dei starta opp med for nokre år sidan.

– Her kan dei få alt naudsynt utstyr for å kunna driva med cellekulturar og andre felt i bioteknologi. For ei månadsleige på 16 000 kroner før moms og ei månadleg medlemsavgift på 2000 kroner, får forskarar tilgang til det mest moderne laboratoriet i Oslo. På den måten vil dei spara mange tusen kroner, samtidig som dei blir ein del av eit forskarfellesskap. Dessutan kan dei koma i kontakt med private selskap og investorar, fortel Marius Øgaard.

Laboratoriet har både kjøleskap og fryseboksar for celleprøvar og alt anna tilbehør som alltid er ein del av eit laboratorium. Også gode avtrekksvifter er på plass. Til saman er det 24 arbeidsplassar i laboratoriet medan det er 36 kontorplassar i tillegg. Dermed vil altså meir enn 30 gründerar halda til i laboratoriet og i arealet rundt samtidig. Dessutan vil eigne tilsette i ShareLab leggja forholda til rette for forskarane, går det fram av eit informasjonsskriv frå OsloTech.

20 selskap om gongen

– Me trur at rundt 20 selskap kan vera etablert her om gongen. Undersøkingar frå USA viser at nystarta verksemder i bioteknologi vil vera i eit slikt delt laboratorium mellom 18 og 24 månader før dei flyttar ut og finn seg lokale andre stader, fortel Marius Øgaard. Han viser til LabCentral-labben i Boston for teknologibedrifter som ein god modell.   

–  Og i det nye laboratoriet har me allereie fått inn ein gründer som prøver å utvikla ein effektiv metode for å analysera bakterieflora i tarmen. Me snakkar med 20 andre som vurderer å koma inn, opplyser han til Uniforum.

 – Lettare

Og biologiprofessor Inger Sandlie ser dette tilbodet som svært viktig for alle med ambisjonar om å starta selskap basert på bioteknologisk forsking. – Det blir mykje lettare for dei yngre forskarane å begynna for seg sjølve. Fleire av mine tidlegare studentar ville ha gjort det, om dei hadde hatt det tilbodet på den tida, understrekar ho.

Emneord: Innovasjon, Forskningsparken, Bioteknologi, Livsvitenskap Av Martin Toft
Publisert 20. nov. 2017 04:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere